Regjeringa foreslår
endringar i forsvarsbudsjettet for 2022 knytte til den tryggingspolitiske
situasjonen i Europa, auka energi-, drivstoff-, og valutaprisar, betringar
av butilhøva for vernepliktige og yngre befal, betring av kritisk
infrastruktur på Andøya flystasjon, einskild tilskott til Det frivillige
Skyttervesen og andre endringar.
Gjennom året har
det vore store tilleggsløyvingar på Forsvarsdepartementet sitt budsjett
knytte til krigsutbrotet i Ukraina. Endringane har knytt seg både
til nasjonale tiltak og til militær støtte til Ukraina. Dei nasjonale
tiltaka vart fremma i Prop. 78 S (2021–2022) og vedtekne av Stortinget
i handsaminga av Innst. 270 S (2021–2022). Her vart det løyvd totalt
tre mrd. kroner for å styrke Forsvarets nærvær i nord, styrke evna
til alliert samtrening, auka beredskap, reaksjonsevne og uthald
i krise og krig og styrke situasjonsforståinga og motstanden mot
digitale truslar. Regjeringa prioriterer høg aktivitet for Forsvaret
i 2022 som følgje av krigen i Ukraina og ein ny tryggingspolitisk
situasjon. Det auka operative aktivitetsnivået som følgde av Prop.
78 S (2021–2022), vert vidareført.
Regjeringa har lagt
opp til omfattande militær støtte til Ukraina, med løyvingar på
om lag 3,4 mrd. kroner. Tiltaka har vore fremma gjennom revidert
nasjonalbudsjett for 2022 og Prop. 142 S (2021–2022). Knytt til donasjonar
av materiell til Ukraina, innkjøp av materiell og støtte til trening
av ukrainske soldatar i Storbritannia foreslår regjeringa å omdisponere
midlar som er løyvde på tilskottsposten kap. 1700 post 79, til der
utgiftene vert posterte i 2022.
Regjeringa foreslår
ei løyving til vedlikehald og rehabilitering av infrastruktur for
å styrke Noregs evne til mottak av allierte luftstyrkar og styrke
Forsvaret i nord. Tiltaka på Andøya flystasjon skal styrke satsinga
og Noregs nærvær i nord i tråd med føresetnadene i Meld. St. 10
(2021–2022), som vart presentert for Stortinget tidlegare i år.
Regjeringa følgjer vidare opp tiltak frå saldert budsjett for 2022,
kor regjeringa foreslo å løyve 40 mill. kroner til Forsvarsbygg
for å forbetre butilhøva til vernepliktige og yngre befal på Skjold,
Bardufoss og Setermoen. Regjeringa foreslår at prosjektet vert tilført
ytterlegare 10 mill. kroner. Regjeringa foreslår samstundes eit einskild
tilskott til Det frivillige Skyttervesen, ut over tilskottet organisasjonen
får gjennom Forsvarsdepartementets etablerte tilskottsordning, for
å støtte høg aktivitet i organisasjonen i ei tid med auka prisar
på ammunisjon.
Endringa i valutaføresetnadene
i budsjetterte utbetalingar i 2022 for store materiellprosjekt inneber
forventa meirutgifter på til saman om lag 1484,0 mill. kroner i
2022. Regjeringa foreslår difor ei valutajustering på om lag 799,2
mill. kroner for 2022. Forslag til valutajustering bygger vidare
på tidlegare valutajusteringar i saldert budsjett for 2022 og RNB
for 2022. Ut over den føreslegne valutajusteringa, tilleggsløyving,
overføringar frå andre departement og tekniske endringar er det
også identifisert betydelege meirutgifter på om lag 1 449,8 mill.
kroner. Meirutgiftene knytte til auka utgifter til energi-, drivstoff-,
og valutaprisar utgjer til saman om lag 1 312,0 mill. kroner av
dette.
Meirutgiftene vert
foreslått dekte gjennom tverrprioriteringar innanfor forsvarsbudsjettet.
Regjeringa foreslår at meirutgiftene primært vert dekte gjennom
omprioritering frå investeringar til drift, i hovudsak frå investeringar
over kap. 1710 post 47 og kap. 1760 post 45. Mindreutgifter og ikkje
planlagde meirinntekter er foreslått nytta til å balansere sektoren
sine meirutgifter.
Regjeringa foreslår
at utgiftsramma vert auka med 1 955,4 mill. kroner, og at inntektsramma
vert auka med 1 134,2 mill. kroner.
Regjeringa viser
òg til Stortinget sitt oppmodingsvedtak nr. 133 (2020–2021), jf.
Innst. 87 S (2020–2021), der Stortinget ber regjeringa innan 2022
leggje fram ei utgreiing om bruk av ikkje-militært tilsette og tilhøve knytte
til krigens folkerett og ikkje-militært personell som legitime militære
mål. Arbeidet er førebels ikkje ferdigstilt, og heng saman med andre
saker om totalforsvaret og sivil støtte til Forsvaret. Regjeringa
vil difor kome tilbake til Stortinget på eigna måte seinare.
Regjeringa legg fram
to forslag til romertalsvedtak. Desse omhandlar Program felles IKT-tenester
i departementsfelleskapet, Forsvaret og lokalisering av sjef Luftforsvaret
til Reitan.
Regjeringa informerer
også om interne endringar på kap. 1720 Forsvaret. Vidare inneheld
proposisjonen følgjande seks informasjonssaker:
-
Kap. 1700 post 71,
Forsvarsdepartementet, einskild tilskott til Noregs arktiske universitet
-
Kap. 1700 post 79,
Forsvarsdepartementet, tilskott til den slovakiske stat for støtte
til donasjon av Zuzana-2
-
Kap. 1700 post 79,
Forsvarsdepartementet, tilskott til den estiske staten for støtte
til donasjon av Role 2 feltsjukehus til Ukraina
-
Kap. 1700 post 79,
Forsvarsdepartementet, tilskott til NATO Comprehensive Assistance
Package for Ukraine.
-
1700 post 79, Forsvarsdepartementet,
tilskott til EU Military Assistance Mission til Ukraina
-
Kap. 1700 post 79,
Forsvarsdepartementet, tilskott til den britiskleia mekanismen for
militær støtte til Ukraina – International Fund for Ukraine