Justis- og beredskapsdepartementet
legg fram eit framlegg til endringar i lovgjevinga som følgje av
at tittelen «sivilombodsmann» har vorte endra til det kjønnsnøytrale
«sivilombod». Det har vorte bestemt at kjønnsspesifikke yrkestitlar
skal endrast til kjønnsnøytrale titlar i alle statlege verksemder.
Framlegget omfattar
endringar frå namnet «sivilombudsmann», «ombudsmann» og ulike varianter
av dette til det nye «sivilombudet», «ombudet» osv. i 11 lover.
Det nye namnet gjeld både for stillinga og verksemda. I tillegg
blir dei generelle nemningane «ombudsmann» og «ombudsmenn» føreslege
endra til «ombud» i tre lover.
Endringane er av
teknisk karakter og kjem som ei følgje av at namnet på verksemda
Sivilombodsmannen har vorte endra til Sivilombodet (med stor s)
og stillinga sivilombodsmannen til sivilombodet (med liten s). Etter
framlegget blir nemningane «Stortingets ombudsmann for forvaltningen»,
«Stortingets ombodsmann for forvaltninga», «Sivilombudsmannen» og
«Sivilombodsmannen» endra til «Sivilombudet» på bokmål og «Sivilombodet»
på nynorsk. Der det er tale om stillinga, skal det heite «sivilombudet»
eller «sivilombodet». Det blir føreslege tilsvarande endringar der
variantar som «ombudsmann», «ombudsmannens», «ombodsmann» og liknande
er brukt. Framlegget inneber ingen materielle endringar.
Departementet føreslår
at endringslova skal ta til å gjelde straks.