Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innhold
1. Sammendrag

1. Sammendrag

Kommunal- og distriktsdepartementet legg i proposisjonen fram eit forslag til endringar i plan- og bygningsloven.

Endringsforslaga gjev kommunane heimlar for å kunne krevje tiltak for handtering av overvatn, både ved nybygging og på eigedommar som er heilt eller delvis utbygde. Det går fram av proposisjonen at målet med forslaga er å førebyggje skadar på byggverk, vareta helse og miljø og å utnytte overvatn som ressurs.

I punkt 4 i proposisjonen omtaler departementet forslag til endringar i del 3 i lova om gjennomføring av planar. Forslaget inneheld endringar i fleire føresegner, som skal bidra til å opparbeide tiltak for betre handtering av overvatn. For å sørgje for meir formålstenleg overvasshandtering blir det innført opparbeidingsplikt for offentlege blågrøne overvassløysingar (§ 18-1), til dømes opne bekkar og dammar. Andre blågrøne løysingar kan vere grøne tak, regnbed og parkeringsanlegg med permeable (porøse) flater og liknande. Opparbeidingsplikta skal gjelde for anlegg som handterer overvatn frå eigedommar som skal byggjast ut. Anlegga blir fastsette i arealplan. Vidare presiserer forslaget at kommunen kan krevje opparbeiding av private fellesanlegg for overvasshandtering (§ 18-2), til dømes felles fordrygingsbasseng eller opne bekkar. Samtidig blir det foreslege endringar i reglane om ekspropriasjon (§ 16-5) og refusjon (§§ 18-3 og 18-5) for å tilpasse desse til endringane i reglane om opparbeidingsplikt. Sjå punkt 4 i proposisjonen for nærare omtale.

I punkt 5 i proposisjonen omtaler departementet forslag til endringar i del 4 i lova om byggjesak. Det går fram av proposisjonen at endringane skal tydeleggjere at overvatn i størst mogleg grad skal handterast på eigedommen. Plikta for tiltakshavar til å infiltrere og fordryge overvatn, i tillegg til å sikre forsvarleg avleiing (treleddsstrategien), blir flytta frå byggteknisk forskrift og presisert i lova (§ 28-10). Proposisjonen inneheld også forslag om å innføre ein heimel til å fastsetje i forskrift eit nivå for akseptabel risiko for overvatn (§ 28-10 tredje punktum). Eit forskriftsfesta nivå for akseptabel risiko set ein nasjonal standard for kor ofte innbyggjarane i kommunen kan rekne med å oppleve overvasshendingar som medfører skade eller vesentleg ulempe, både når det blir bygd nytt og i allereie utbygde område.

Vidare blir det foreslege ein heimel som gjer det mogleg for kommunen å påleggje tiltak for å betre overvasshandteringa på eigedommar som allereie er utbygde (§ 31-4). Pålegget kan gjevast for å avverje fare for skade eller vesentleg ulempe på person, eigedom eller miljø som overvatn frå eigedommen kan medføre. Pålegget skal ikkje vere meir omfattande enn nødvendig, og kostnadene skal ikkje vere mishøveleg store, ut frå problema overvatnet skaper. Sjå punkt 5 i proposisjonen for nærare omtale.

I punkt 2 i proposisjonen omtaler departementet bakgrunnen for proposisjonen. Det blir gjeve ein omtale av kva overvatn er, konsekvensar og tiltak, av gjeldande regulering av overvatn i plan- og bygningslovgjevinga, av at klimaendringar og fortetting gjev behov for betre overvasshandtering, at ei ikkje forbetra overvasshandtering vil gje auka kostnader i framtida, og av alternative tiltak. Sjå punkt 2 i proposisjonen for nærare omtale.

I punkt 3 i proposisjonen blir det vist til at proposisjonen byggjer på eit høyringsnotat som blei sendt på høyring i mars 2020. Sjå punkt 3 for oversikt over høyringsinstansane. Omtale av kva høyringsinstansane meiner finst under omtala av dei einskilde forslaga i punkt 4 og 5 i proposisjonen. Syna varierer.

I punkt 6 i proposisjonen omtaler departementet økonomiske og administrative konsekvensar av forslaga. Det blir vist til samfunnsøkonomiske konsekvensar av forslaga, konsekvensar for næringslivet, konsekvensar for privatpersonar, og for offentleg forvaltning. Det blir òg vist til verknaden forslaga har for Svalbard. Sjå punkt 6 i proposisjonen for nærare omtale.

I punkt 7 i proposisjonen er det merknader til dei enkelte føresegnene i lovforslaget.

Det blir i proposisjonen foreslege at lova skal gjelde frå den tid Kongen bestemmer, og peikt på at kommunane og andre aktørar må få ei viss tid til å førebu seg på nye reglar.