Føremålet med denne
proposisjonen er å be om Stortinget si godkjenning til å starte
opp to nye investeringsprosjekt, endre omfanget på to investeringsprosjekt,
og å informere Stortinget om to saker.
Utgangspunktet for
godkjenning av investeringsprosjekta i Forsvaret er dei årlege budsjettproposisjonane
(Prop. 1 S). Denne proposisjonen fyller såleis ut budsjettproposisjonen,
og investeringsprosjekta som proposisjonen omtalar, er alle i samsvar
med inneverande langtidsplan for forsvarssektoren (Prop. 14 S (2020–2021)).
Proposisjonen har
følgjande innhald:
-
Godkjenning av kostnadsramme
for to nye eigedoms-, bygge- og anleggsprosjekt: eigedom, bygg og anlegg
for materiell på Porsangmoen, og infrastruktur på Værnes.
-
Godkjenning av omfangsendring
av to pågåande materiellprosjekt: artillerilokaliseringsradar, og artillerisystem
155 mm.
-
Informasjonssak om
beredskap for sikring av oppsetjingsstadene til Heimevernet (HV).
-
Informasjonssak om
NH90 og mogleg innleige av helikopter.