1.4.1.4 Departementets vurdering
Departementet er
samd med vallovutvalet i at det bør opnast for elektroniske underskrifter
på listeforslag. Departementet viser til at høyringsinstansane som
har uttalt seg om forslaget, er positive til ei slik endring. Dei fleste
høyringsinstansane som uttalte seg om tilsvarande forslag til mellombels
lovendring som blei vedteken for stortingsvalet i 2021, jf. Prop.
133 L (2019–2020), støtta òg forslaget, sjølv om enkelte uttalte
at kravet til underskrifter burde fråvikast.
Departementet viser
òg til at Valdirektoratet har innhenta synspunkt på løysinga for
digital signering av listeforslag som blei nytta ved stortingsvalet
i 2021, frå fylkeskommunane og forslagsstillarane. Både fylkeskommunane
og forslagsstillarane meiner i hovudsak at løysinga var eit nyttig
verktøy, men at ho bør utviklast vidare, og at det bør gjerast enkelte
endringar.
Som følgje av at
det blei opna for elektroniske underskrifter ved stortingsvalet
i 2021 ved ei mellombels lovendring, og at det blei utvikla ei elektronisk
løysing for innsamling av desse, meiner departementet at framlegget
til endring bør kome no, og at ein ikkje bør vente til det blir
lagt fram forslag om ny vallov.
Forslagsstillarar
som skal stille liste etter dei forenkla reglane om underskrifter
på listeforslag etter § 6-3 første ledd, har allereie etter dagens
reglar høve til å nytte elektronisk underskrift. Også desse bør
etter departementets syn nytte same løysing ved bruk av elektronisk signatur.
Departementet gjer
på denne bakgrunn framlegg om ei føresegn som gir departementet
heimel til å vedta i forskrift at det skal vere høve til å nytte
elektronisk signatur for å skrive under listeforslag etter vallova
§ 6-3 gjennom bruk av ei godkjent elektronisk løysing. Dette vil
vere ei løysing Valdirektoratet får utvikla og stiller til rådvelde.
Valdirektoratet vil
på bakgrunn av forslaget til lovendring få i oppdrag å utvikle ei
permanent løysing for innsamling av elektroniske underskrifter.
Digital tryggleik
er ein grunnleggjande føresetnad for å halde oppe tilliten til digitale
løysingar i offentleg sektor. Valdirektoratets løysing skal derfor
framleis sikre krav til tryggleik og personvernet til den enkelte
på ein god måte.
Departementet tek
sikte på at den digitale løysinga skal vere klar til bruk innan
1. oktober 2022, og at løysinga fortrinnsvis skal nytte nasjonale
felleskomponentar som ID-porten. Partia og gruppene vil òg framleis kunne
samle inn underskrifter på papir.
Sjølv om elektronisk
innsamling av underskrifter utgjer ei viss endring i premissane,
fremjar departementet førebels ikkje noko framlegg om endringar
i kravet til talet på underskrifter som skal samlast inn. Formålet med
kravet om 500 underskrifter er å «sikre at de lister som opptrer
ved valget har en viss tilslutning fra velgernes side», jf. Ot.prp.
nr. 45 (2001–2002) punkt 11.2.3 s. 160. Kor mange underskrifter
som bør krevjast, vil bli vurdert i oppfølginga av utgreiinga frå
vallovutvalet. Departementet viser til at vallovutvalet i utgreiinga
si har gjort framlegg om fleire endringar i regelverket for listeforslag,
mellom anna krav til talet på underskrifter. Dette gjeld òg talet
på underskrifter for å registrere eit parti i Partiregisteret.