1.4 Sentrale hendingar i 2021
Det blei utført inntektskontroll
av alle som tok imot pensjon etter 75-årsregelen. Denne regelen
gir stortingsrepresentantar som har oppteningstid i den tidlegare
pensjonsordninga for stortingsrepresentantar moglegheit til å ta
ut pensjon før 65 år. Inntektskontrollen av dei seks som tok imot
pensjon etter 75-årsregelen, blei utført i byrjinga av 2021. Kontrollen
gjaldt for inntektsåret 2019.
Hausten 2021 blei
det gjennomført etteroppgjer for uførepensjonistar som ut frå skatteoppgjeret
for 2020 hadde fått utbetalt for mykje eller for lite uførepensjon.
Stortinget fatta
i 2021 vedtak som ga ei særskild regulering i 2021 for mellom anna
alderspensjon frå folketrygda og alderspensjon frå pensjonsordninga
for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer.