Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Tove Elise Madland, Cecilie Myrseth, Even A. Røed og Truls Vasvik,
frå Høgre, Sandra Bruflot, Erlend Svardal Bøe og leiaren Tone Wilhelmsen
Trøen, frå Senterpartiet, Lisa Marie Ness Klungland og Hans Inge
Myrvold, frå Framstegspartiet, Bård Hoksrud og Morten Wold, frå Sosialistisk
Venstreparti, Marian Hussein, frå Raudt, Seher Aydar, frå Kristeleg
Folkeparti, Olaug Vervik Bollestad, og frå Pasientfokus, Irene Ojala,
viser til Prop. 102 LS (2021–2022) Endringer i legemiddelloven (legemidler
til dyr) og samtykke til godkjenning av EØS-komiteens beslutning
nr. 372/2021 om innlemmelse i EØS-avtalen av forordning (EU) 2019/6
om legemidler til dyr. Komiteen gjer
merksam på at denne innstillinga gjeld forslaget til endring av
legemiddelloven, og at forslaget om samtykke til innlemming av EU
si forordning om legemiddel til dyr i EØS-avtalen er handsama i
ei eiga innstilling frå komiteen.
Komiteen støttar vurderinga
til departementet om at forordning (EU) 2019/6 må gjennomførast
i norsk rett ved inkorporasjon i lov, og at forordninga vert gjeldande
som norsk lov utan omskrivingar i eit eige kapittel I a i gjeldande
legemiddellov.
Komiteen viser til at Justis-
og beredskapsdepartementet, Landbruks- og matdepartementet og Nærings-
og fiskeridepartementet uttalte til høyringa at dei er positive
til at forordning (EU) 2019/6 vert gjennomført i lovs form.
Komiteen sluttar seg til til
at forordninga om legemiddel til dyr vert gjeldande som norsk lov
utan omskrivingar i eit eige kapittel I a i gjeldande legemiddellov.