Barne- og familiedepartementet
gjer i proposisjonen framlegg om å endre gravplasslova slik at enkelte offentlegrettslege
reglar framleis skal gjelde for dei kyrkjelege fellesråda i rolla
som gravplasstyresmakt.
For det første gjer
departementet framlegg om at arkivlova skal gjelde for gravplasstyresmakta,
slik ho gjorde medan dei kyrkjelege fellesråda blei regulerte av
den no oppheva kyrkjelova. For det andre gjer departementet framlegg
om at dei tilsette som løyser oppgåver etter gravplasslova, skal
ha lovfesta teieplikt, slik dei hadde då forvaltningslova gjaldt
direkte for dei kyrkjelege fellesråda. Den føreslegne lovendringa
presiserer dessutan kva for opplysningar gravplasstyresmakta kan
gi om plasseringa av anonyme graver. Det er berre opplysningar om
plasseringa av anonyme graver som er omfatta av teieplikta. Gravplassen
og gravfeltet for ein anonym grav kan oppgis. For det tredje gjer
departementet framlegg om at ei føresegn om unntak frå kravet i
den no oppheva kyrkjelova om medlemskap i Den norske kyrkja for
tilsette som arbeider med gravplassar, skal takast ut av lova. Det
er ikkje lenger behov for ei slik føresegn.
Det fjerde framlegget
i proposisjonen er ein heimel til å gi løyve til forsøk som krev
avvik frå lova. Dette vil typisk gjelde nye gravferdsformer ved
hjelp av ny teknologi. Framlegget har samanheng med at talet på
dødsfall er forventa å auke dei neste tiåra. Saman med ein stigande
kremasjonsprosent gir dette behov for å investere i krematoriekapasitet
framover. Ute i verda tek ein i bruk ny teknologi for å bryte ned
leivningar, og departementet meiner at det er behov for ein heimel
til å prøve ut ny teknologi i Noreg på dette området. Terskelen
for å gi løyve til forsøk vil vere høg.
Framlegget i proposisjonen
har ingen økonomiske eller administrative konsekvensar for dei kyrkjelege
fellesråda. Ei gravplasstyresmakt som søkjer om forsøk, må sjølv
bere kostnaden knytt til søknaden og forsøket. Men det vil vere
mogleg å spare ressursar til investering og drift dersom ein finn
fram til effektiv og miljøvenleg teknologi som kan takast i bruk.