Innstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om representantforslag om å kutte ferjebilletten på Nordøyvegen

Dette dokument

Søk
Til Stortinget

Bakgrunn

I dokumentet fremmes følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringa sørge for at Nordøyvegen får kutt i bompengar dekt av statlege midlar, tilsvarande ferjebilletten rekna med grunnlag per 1. januar 2021.»

Det vises til dokumentet for nærmere redegjørelse for forslaget.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Jone Blikra, Kirsti Leirtrø og Nils Kristen Sandtrøen, fra Høyre, Liv Kari Eskeland, Trond Helleland og Erlend Larsen, fra Senterpartiet, Geir Adelsten Iversen, Geir Inge Lien og lederen Erling Sande, fra Fremskrittspartiet, Morten Stordalen og Frank Edvard Sve, og fra Sosialistisk Venstreparti, Mona Fagerås, viser til at Stortinget tidligere har gitt tilslutning til bompengefinansiering av Nordøyvegen gjennom behandling av Prop. 140 S (2016–2017) Finansiering av prosjektet fv. 659 Nordøyvegen i Møre og Romsdal og Innst. 468 S (2016–2017). Komiteen viser til at fylkestinget i Møre og Romsdal fylkeskommune etter en stor kostnadsøkning i 2018 vedtok nytt finansieringsopplegg for prosjektet. De økte kostnadene er foreslått finansierte med fylkeskommunale midler og økt bompengebidrag. Hovedarbeidene på Nordøyvegen startet tidlig i 2019. Den sørlige delen av prosjektet ble åpnet for trafikk i desember 2021, og siste del av prosjektet er ventet åpnet for trafikk sommeren 2022. Komiteen viser til departementets svarbrev av 9. mai 2022. Brevet følger som vedlegg til denne innstillingen.

Komiteen viser for øvrig til behandlingen av Prop. 93 S (2021–2022) Finansiering av prosjektet fv. 659 Nordøyvegen i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet viser til at statens bidrag gjennom fergeavløsningsmidlene for dette prosjektet ble beregnet før Stortinget satte ned fergeprisene i Norge. Reduksjonen av fergeprisene er finansiert gjennom økte statlige overføringer. Det kan derfor være hensiktsmessig å gjøre en ny vurdering av hvilken betydning dette har for beregningen av fergeavløsningsmidlene, og om det kan bidra til at bompengetakstene kan reduseres tilnærmet det som var utgangspunktet for behandlingen av finansieringsopplegget for prosjektet i Stortinget i 2017.

Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet peiker på at regjeringa har varsla at ferjeprisane skal kuttast med 100 pst. for øysamfunn med mindre enn 100 000 passasjerar i året, med bakgrunn i at desse øysamfunna har svært store ulemper med dei høge ferjekostnadane for å kunne ta del i det meste i samfunnet. Drifta av ferjene er svært dyr, og kostnadane aukar år for år. Kostnadane knytte til krav om elektrifisering og miljøtilpassing er døme på det som driv opp ferjetakstane, som igjen fører til ekstreme kostnadar for øysamfunn langs norskekysten. Desse medlemene meiner at ved å kutte ferjebilletten 100 pst. for desse øysamfunna tek staten på seg langsiktige kostnadar, som berre aukar år for år. Likevel er dette god samfunnsnytte då ferjebilletten i realiteten berre er bompengar til evig tid.

Desse medlemene peiker på at den førre regjeringa innførte ferjeavløysingsordninga for å kunne byggje fastlandsamband til slike øysamfunn. Denne ferjeavløysingsordninga går ut på å garantere dei årlege statlege løyvingane til eit ferjesamband i ein periode over 45 år. Desse kostnadane vert indeksregulerte, og midlane skal nyttast til bygging og finansiering av fastlandssamband. Denne ordninga er vesentleg billigare for staten enn å dekkje ferjebilletten til evig tid, ettersom staten dekkjer kostnadane med ferjedrifta, som er lik ferjeavløysingsordninga, men i tillegg også ferjebillettane og dermed driftskostnadane til ferjeselskapa.

Desse medlemene peiker på at Nordøyvegen er det einaste ferjeavløysingsprosjektet som vert opna midt under innføringa av 100 pst. dekking av ferjebilletten til andre liknande øysamfunn. Nordøyvegen er bygd av Møre og Romsdal fylkeskommune og går til øysamfunna Nordøyane i nye Ålesund kommune. Prosjektet har lagt inn bompengar som er rekna til 600 mill. kroner, som i utgangspunktet skulle vekte ferjebilletten. Eit samla øysamfunn, inkludert næringslivet, har skrive under på at dei ynskjer å betale ferjebilletten i form av bompengar inntil 20 år. Bompengebeløpet har av fleirtalet i fylkeskommunen vorte auka ut over dette, som dermed ikkje er i tråd med «kontrakten» med befolkninga og næringslivet. No søkjer Møre og Romsdal fylkeskommune rettvist at bompengane vert kutta minst lik ferjebilletten i dette prosjektet, slik som det no vert gjort for andre øysamfunn i landet.

Desse medlemene meiner at det at regjeringa har avslått søknaden frå Møre og Romsdal fylkeskommune, er heilt uforståeleg for dei fleste. Kvifor dette øysamfunnet skal straffast med bakgrunn i at dei faktisk gjer samfunnet betre, er ikkje lett å forstå. Heile idéen bak ferjeavløysingsordninga er at staten bidreg med det den skulle bruke på ferjedrifta til det nye vegsambandet. For Nordøyvegen sin del er dette sett til 60,5 mill. kroner i inntil 42 år. Denne summen vert rekna frå ferjetakstane 2020. Etter dette er takstane sette ned 30 pst., der staten også tek heile prisavslaget for alle andre ferjesamband. I dag er det to ferjesamband til Nordøyane. Med gratis ferjer ville staten sine utgifter til ferjedrifta ha stige kraftig.

Desse medlemene peiker på at når vegen vert opna, vert staten sin gevinst ved å leggje ned ferjene langt høgare enn 60 mill. kroner årleg. På leiarplass 12. april 2022 har Sunnmørsposten ein treffande metafor som viser kor absurd og urettvis denne saka er:

«Om dette var kjøp av ei vaskemaskin dagen før den kom på sal, kunne ein kalle det uflaks. Dette er ikkje uflaks. Her kunne ‘seljaren’ ha justert ‘prisen’ i etterkant. Utbetalingane har ikkje starta, og sambandet er ikkje opna.»

Desse medlemene meiner dette er politisk uvilje. Her kunne regjeringa sørga for at staten justerte utbetalinga, for den har ikkje starta og sambandet er ikkje opna. Nordøyvegen er det einaste sambandet som står i denne skvisen. Øysamfunn som kjem etter dette, vil få ei betre finansiering og lågare bompengekostnadar. Likebehandling ville vore både rettvist og logisk. Rettvist fordi det er kystsamfunn som står i akkurat same situasjonen og har dei same utfordringane. Logisk fordi staten sine reelle kostnadar med ferjedrifta som vert lagde til grunn i ferjeavløysingsordninga, ikkje er teoretiske tal. Vi snakkar ikkje her om eit lotteri der nokon skal ha trøystepremie og andre tar toppgevinsten. Dette er bruk av skattepengar for å fjerne konkurranseulemper som bremsar utviklinga i kystsamfunn.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti vil peke på at dette er en meget spesiell sak der et øysamfunn faller mellom to stoler på grunn av en ren tilfeldighet. Staten risikerer altså ikke en mengde andre slike saker, men en risikerer at kostnadene for storsamfunnet kan øke på grunn av at unge familier velger å bosette seg et annet sted om en ikke får gjort noe med takstene direkte eller indirekte. Hadde det ikke vært for at fylkeskommunen allerede har bygget veien, skulle øyene hatt gratis eller halvert ferjetakst etter vedtatt politikk – noe som hadde gitt større kostnader enn det å øke ferjeavløsningspengene noe for å imøtekomme den vanskelige situasjonen.

Komiteens tilråding

Komiteens tilråding fremmes av en samlet komité.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til representantforslaget og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

Dokument 8:237 S (2021–2022) – Representantforslag frå stortingsrepresentantane Frank Edvard Sve og Morten Stordalen om å kutte ferjebilletten på Nordøyvegen – vedlegges protokollen.

Vedlegg

Vedlegg finnes kun i PDF, se merknadsfelt.

Oslo, i transport- og kommunikasjonskomiteen, den 19. mai 2022

Erling Sande

Geir Inge Lien

leder

ordfører