Forslag fra Sosialistisk Venstreparti,
Rødt, Venstre og Miljøpartiet De Grønne:
Forslag 1
Stortinget ber regjeringa
greie ut ei ordning med miljøklagenemnd, med sikte på å opprette
eit domstolsliknande organ der ein enkelt kan få prøvd forvaltningsvedtak
som har verknad for natur, miljø og klima.
Forslag 2
Stortinget ber regjeringa
greie ut og kome tilbake til Stortinget med framlegg som sikrar
at søksmål for domstolane som vert fremja på vegner av natur, miljø
og klimainteresser, som hovudregel skal få unntak frå sakskostnader
etter Århuskonvensjonen.