Forslag fra Sosialistisk Venstreparti,
Rødt, Venstre, Miljøpartiet De Grønne og Kristelig Folkeparti:
Forslag 1
Stortinget ber regjeringa
trekke tilbake løyver til gruvedrift med sjødeponi planlagt i Repparfjorden (Nussir
ASA) og Førdefjorden (Nordic Mining AS).
Forslag 2
Stortinget ber regjeringa
om å ikkje stadfeste driftskonsesjonen gitt av Direktoratet for
mineralforvaltning til Nordic Mining for utvinning i Engebøfjellet.
Forslag 3
Stortinget ber regjeringa
legge til grunn at det ikkje skal givast konsesjon til mineralutvinning
i Engebøfjellet utan at det vert stilt krav om nullutslepp for avfall, strenge
krav om tilbakeføring av massar, krav om handtering av avfall utan
eit ope landdeponi, og at det ikkje skal givast løyve til sjødeponi.
Forslag 4
Stortinget ber regjeringa
greie ut og kome tilbake til Stortinget med eit framlegg om ei deponiavgift
for uutnytta overskottsmasse ved mineralutvinning.