Innleiing
Samferdselsdepartementet
legg i proposisjonen fram forslag om delvis bompengefinansiering
av Kvinnheradpakken i Vestland. Pakken omfattar i alt seks utbyggingsprosjekt
og ei ramme til mindre tiltak på fleire fylkesvegstrekningar i Kvinnherad
kommune.
Føremålet med dei
fleste prosjekta er å utbetra standarden på eksisterande veg. Det
blir lagt opp til bygging av gang- og sykkelvegar i tettbygde område.
For to av dei prioriterte utbyggingsprosjekta er føremålet først
og fremst skredsikring. Det blir òg tatt omsyn til trafikktryggleik
og framkome i planlegginga av desse prosjekta.
Det er til saman
sju tiltak/prosjekt i Kvinnheradpakken. Samla økonomisk ramme er
846 mill. kroner i 2022-prisnivå. Finansieringsplanen omfattar fylkeskommunale
midlar (219 mill. kroner), fylkeskommunale skredsikringsmidlar (338
mill. kroner), kommunale midlar (83 mill. kroner) og bompengar (206
mill. kroner). Med ein bompengeandel på om lag 24 pst. har pakken
høg eigenandel.
Dåverande Hordaland
fylkeskommune vedtok pakken i desember 2018, og har oppretta ein
prosjektorganisasjon og starta opp delar av pakken med bruk av fylkeskommunale
midlar. Utbygginga av eit av prosjekta, fv. 500 Furebergfossen bru,
er ferdig bygd, og prosjektet fv. 500 Folgefonntunnelen–Årsnes er
starta opp. Det er elles lagt opp til oppstart i 2022 med fullføring
i løpet av 2025, og innkrevjing av bompengar på tre ferjestrekningar
frå 2022.
Det er om lag 13 200
innbyggjarar i Kvinnherad kommune i dag, og folketalet er venta
å stige svakt fram mot 2030. Hovudvegnettet i Kvinnherad kommune
består av fv. 500 mellom Mauranger via Rosendal og Opsanger-krysset
ved Husnes og over Halsnøy til Ranavik ferjekai. Vidare går fv.
548 frå kryss med fv. 500 ved Toralia til Utåker ferjekai. I tillegg
går fv. 528 mellom Opsanger og Hellandskrysset via Sunde og Husnes.
Kvinnherad har vegsamband
til Ullensvang kommune gjennom fv. 500 Folgefonntunnelen, og via
fv. 500 Jondalstunnelen. Kommunikasjon mot Fusa og Os går via ferjesambandet
fv. 48 Årsnes–Varaldsøy–Gjermundshamn. Kvinnherad er knytt til kommunane
i vest via ferjesambandet fv. 500 Ranavik–Skjersholmane på Stord,
og til Etne i sør via ferjesambandet fv. 548 Utåker–Matre–Skånevik.
Store delar av vegnettet
i Kvinnherad er ikkje tilpassa dagens krav til standard. Mange av
fylkesvegane har berre eitt køyrefelt, og det er behov for å betre
framkoma og tryggleiken for gåande og syklande. I åra 2010–2019
har totalt 4 blitt drepne og 12 alvorleg skadde i trafikkulykker
i kommunen. Det er òg mange kjente skredpunkt med høg skredfaktor
i kommunen, og vegnettet blir stadig stengt som følgje av stein-
og snøskred.
Det er lokalpolitisk
semje i Kvinnherad om det opplegget som er føreslått for utbygging
og finansiering av Kvinnheradpakken, og Vestland fylkeskommune har vedteke
å stille garanti for bompengelån. Departementet legg derfor i proposisjonen
til grunn Vestland fylkeskommune sitt opplegg for finansiering og
utbygging av Kvinnheradpakken.
Arbeidet med pakken
er starta opp med fylkeskommunale midlar. Fylkeskommunen starta
opp utbygginga av Furebergfossen bru, og etter dette byggjetrinn
1 av Årsnes–Folgefonntunnelen med bruk av fylkeskommunale skredsikringsmidlar.
Grunnen til at fylkeskommunen har starta opp prosjekt i pakken er
at midlar blei innarbeidd i investeringsprogrammet for fylkesvegnettet
i tidlegare Hordaland fylkeskommune, og det blei oppretta ein prosjektorganisasjon
for pakken. Det er ved utgangen av 2021 brukt om lag 160 mill. kroner
av fylkeskommunale midlar til tiltak i pakken. Bruk av bompengar
i pakken er forventa starta opp i 2022 med prosjektet fv. 500 Sæbøvik–Eidsvik–Tofte.
Innkrevjing av bompengar
skal skje på ferjesambanda til kommunen. Sjølv om dette kan gje
negative effektar for nabokommunane Stord og Etne, viser departementet
i proposisjonen til at innkrevjing på ferje gir låge innkrevjingskostnader,
og at midlane med dette kan brukast til vegutbygging.
Samferdselsdepartementet
legg i proposisjonen til grunn at Kvinnheradpakken blir styrt i
samsvar med dei nye føringane for porteføljestyrte bompengepakkar. Dette
inneber at ei eventuell kostnadsauke og/eller inntektssvikt i bompengepakken
skal handterast gjennom porteføljestyring og ikkje gjennom auka
takstar eller forlenga innkrevjingsperiode. Garantisten sine utlegg kan
følgeleg ikkje dekkast gjennom ei auke i gjennomsnittstaksten eller
ei forlenging av bompengeperioden. Departementet understrekar i
proposisjonen at det vil vere behov for ei stram styring av porteføljen
for å unngå at den fylkeskommunale garantien blir løyst ut.
Etter at Stortinget
har gjort vedtak om finansiering, vil det bli inngått avtale mellom
Vegdirektoratet og bompengeselskapet i tråd med dei føresetnadene
som er lagt til grunn i proposisjonen og gjeldande standardavtale.