Merknader frå komiteen
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Jone Blikra, Kirsti Leirtrø og Nils Kristen Sandtrøen, frå Høgre,
Trond Helleland, Erlend Larsen og Charlotte Spurkeland, frå Senterpartiet,
Geir Adelsten Iversen, Geir Inge Lien og leiaren Erling Sande, frå
Framstegspartiet, Morten Stordalen og Frank Edvard Sve, og frå Sosialistisk
Venstreparti, Mona Fagerås, viser til representantforslaget
og statsråden sitt svarbrev av 22. mars 2022. Brevet følgjer som
vedlegg til denne innstillinga.
Fleirtalet i komiteen,
medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre og Senterpartiet, viser
til at Samferdselsdepartementet avgjorde konseptet for strekningane
Breivika–Digernes og Vik–Molde i 2014. Fjordkryssinga er det mest
kompliserte elementet i prosjektet, men samstundes er det denne
delstrekninga som gjer størst samfunnsøkonomisk nytte. Fleirtalet viser
til at dette vil leggje store føringar på val av løysingar og trasear
på land. Det er derfor viktig med god kontroll på fjordkryssinga
før ein startar planlegging av strekningane på land.
Fleirtalet viser til at for
strekninga Digernes i Ålesund kommune til Vik i Vestnes kommune
bad Samferdselsdepartementet Statens vegvesen om å gjere ei tilleggsutgreiing
før ein kunne gjere eit konseptval. Utgreiinga vart lagd fram i
2018, og Samferdselsdepartementet avgjorde konseptet i 2019.
Fleirtalet viser til at Statens
vegvesen held på med reguleringsplanen for strekninga Ørskogfjellet–Vik i
Vestnes kommune. Statens vegvesen held også på med kommunedelplanar
for strekninga frå Digernes i Ålesund kommune til Ørskogfjellet
i Vestnes kommune. I ein kommunedelplan er det vanleg å greie ut
fleire traséar og løysingar innanfor konseptet som er vedteke. Vidare
er eit forprosjekt for strekninga Breivika–Digernes i gang for å
finne løysingar som tek i vare drikkevasskjelda Brusdalsvatnet.
Fleirtalet viser til at Statens
vegvesen legg opp til at det blir vedteke, eit finansieringsopplegg
for den nordlegaste delen av E39 Ålesund–Molde først. Eit finansieringsopplegg
for resten av strekninga vil bli utarbeidd så snart reguleringsplanar
for denne strekninga er vedtekne.
Flertallet viser til at utvikling
av strekningen E39 Ålesund–Molde med den fergefrie fjordkryssingen
Møreaksen er et viktig prosjekt fordi det gir betydelige reisetidsreduksjoner
og et utvidet bo- og arbeidsmarked. Flertallet understreker at
det er gjort et viktig arbeid med å optimalisere prosjektet siden
forrige NTP. Arealbeslaget er redusert, samtidig som kostnaden er
redusert og nettonytten har økt. Bunnpunktet i tunnelen planlegges
også nå høyere enn tidligere, noe som vil gi mindre energibehov
og reduserte klimagassutslipp. Prosjektet er prioritert for oppstart
i første seksårsperiode og forutsatt fullført innenfor NTP-perioden.
Flertallet minner om at valget
av løsning for kryssing av Romsdalsfjorden har fulgt vanlig prosedyre, og
at konseptet som går under navnet Møreaksen, er valgt. Hovedregelen
er at man skal ha en vedtatt overordnet utredning (KVU/KS1) for
å få innpass i Nasjonal transportplan. Konseptet for kryssing av
Romsdalsfjorden ble utredet i 2010/2011, og regjeringen vedtok trasévalget
i 2014. Videre har det vært lagt til grunn at prosjektet som hovedregel
skal ha en vedtatt kommunedelplan for å kunne plasseres i første
seksårsperiode. Det er vedtatt reguleringsplan for fjordkryssingen
(Møreaksen), og reguleringsplaner for Vik–Ørskogfjellet og Julbøen–Bolsønes
er til behandling. I tillegg jobbes det med nødvendige avklaringer
for de øvrige delene av strekningen E39 Ålesund–Molde.
Flertallet viser til at E39
Ålesund–Molde har vært utredet flere ganger, sist høsten 2021, da
Samferdselsdepartementet ba Statens vegvesen gjøre en tilleggsutredning.
Kunnskapsgrunnlaget for alle de ulike alternativene for kryssing
er dermed nylig oppdatert og gjennomgått, og Statens vegvesen har
igjen konkludert med at løsningen som ligger i Nasjonal transportplan
2022–2033, er den beste.
Medlemene i komiteen
frå Framstegspartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til
at Møreaksen under fjorden også vil påverke miljøet negativt. Berekningar
frå Lastebileigarforbundet viser at 240 vogntog i døgnet vil medføre
2 230 tonn CO2-utslepp frå
Møreaksen. Ved ferjedrift vil utsleppa vere 0 tonn CO2 og ved Romsdalsaksen 1 034
tonn. Med andre ord har Møreaksen ein negativ miljøeffekt som vil
motarbeide dei nasjonale klimamåla.
Desse medlemene viser til at
over Romsdalsfjorden går det fire store heilt nye elferjer som har
nullutslepp. Kapasiteten her er ikkje utfordra og kan aukast med
enda ei ny ferje sett inn i sambandet om nødvendig. Dette er både
billig og miljøvennleg.
Medlemene i komiteen
frå Framstegspartiet viser til at trafikken frå Ålesund til
Molde går langs ulike strekningar der E136 frå Ålesund via Vestnes og
vidare opp Romsdalen mot Bjorli og grensa mot Innlandet er den mykje
omtalte «eksportvegen» i Møre og Romsdal. Møre og Romsdal fylke
er Norges største eksportfylke målt pr. innbyggjar og står for ein
svært stor del av næringstrafikken i landet.
Desse medlemene peiker på at
frå Ålesund til Vestnes og Tresfjordbrua og vidare opp Romsdalen
går store delar av næringstrafikken frå søre, indre, ytre, nordre
Sunnmøre og frå Ålesunds-området. I tillegg kjem det meste av næringstrafikken
frå Molde og Kristiansund-regionen via Åfarnes–Sølsnes og fv. 64
til Åndalsnes og vidare opp E136 Romsdalen. På strekninga E39/136
Ålesund/Moa til Digerneset er ÅDT på over 11 000 bilar i døgnet
og i området lenger sør inn mot Moa 20–25 000 bilar i døgnet. Vidare
går trafikken mot Sjøholt, der trafikken spreier seg mot Fjord og
Stranda kommune og Geiranger-området, som har svært stor trafikk spesielt
om sommaren. Desse
medlemene viser til at ÅDT her er om lag 7 200 bilar i døgnet.
Vidare over Ørskogfjellet er ÅDT om lag 4 500 bilar i døgnet. Trafikken deler
seg derifrå vidare mot Molde via ferjestrekninga Vestnes–Molde over
Romsdalsfjorden, med ein ÅDT på om lag 2 250 bilar i døgnet. Desse medlemene viser til
at planarbeidet har stått stille i dette området, der det er vedteke
å dele opp planarbeidet i ulike strekningar. Den viktigaste strekninga
som også har størst trafikk – mellom Moa og Digerneset – er utsett
på ubestemt tid.
Desse medlemene viser til at
trasévalet for strekninga Digerneset–Ørskogfjellet ikkje er klar.
Strekninga vidare frå Ørskogfjellet til Vik, med arm vidare på E136
til Tresfjordbrua, har ein planprosess som no ligg ute til høyring.
Planprosessen møter stor motstand lokalt – befolkninga og mykje
av næringslivet ynskjer ikkje Møreaksen. Det er også betydeleg lokal
motstand mot å leggje ny E39 gjennom Molde by. Sjølve fjordkryssinga
er planlagd med firefeltsveg i ein svært djup undersjøisk tunnel
og med ei høg bru over Julsundet. Desse medlemene viser til at
det her skal brukast fleire titals mrd. kroner på firefelts veg,
på ei strekning som har ÅDT på om lag 2 300.
Desse medlemene peiker på at
derimot er vegstrekninga frå Moa til Digerneset, med over 11 000 bilar
i døgnet, utfordrande med smal veg og låg fart. Vidare er det store
utfordringar med vegen som i dag går gjennom Sjøholt sentrum, som
ikkje har ein god nok standard for ein stor og viktig europaveg,
verken for innbyggjarane som bur der, eller for næringslivet. Vegen
vidare over Ørskogfjellet har store utfordringar der ein berre har
planlagt krabbefelt på Ørskog-sida som no vert bygd ut, men der
traseen vidare til Tresfjordbrua og Vestnes ikkje er godt nok planlagd.
Desse medlemene meiner at Statens
vegvesen må prioritere planarbeidet og bygging av vegstrekninga mellom
Ålesund og Vestnes/Tresfjordbrua fyrst. Ein vil då kunne ha tilstrekkeleg
tid til ei grundig, samfunnsnyttig og upartisk utgreiing av Romsdalsaksen
for kryssinga av Romsdalsfjorden. Sjølve fjordkryssinga må bli siste
prosjekt og hastar ikkje.
Desse medlemene viser til at
EU sitt vegdirektiv seier at nye vegar skal leggjast utanfor byområde.
Statens vegvesen sine planar for Møreaksen er ikkje i tråd med dette
direktivet og heller ikkje med EU-kravet om at nye vegar skal byggjast
flatast mogleg. Dette er for å hindre unødig høg drivstoffbruk og
hindre store utslepp til det beste for miljøet. Europavegar i byområde
reduserer også bukvaliteten.
Desse medlemene viser til at
Stortinget ved fleire anledningar har fått seg førelagt prioriteringar
av Møreasken i ulike planar og i NTP, som sist vart lagd ved protokollen
i Stortinget. Likevel er det på sin plass å peike på at dette prosjektet
ikkje har kome langt i planprosessen, og at det ikkje er gjennomført
KS2 og vidare kvalitetssikring. Desse medlemene meiner dette
ikkje er ei forsvarleg sakshandsaming av eit prosjekt til fleire titals
milliardar kroner, som verken har eit vedteke eller godkjent endeleg
traseval.
Desse medlemene fremjar følgjande
forslag:
«Stortinget
ber regjeringa gjennomføre planlegging og utbygging av strekninga
Ålesund–Tresfjordbrua som fyrste delprosjektet av ny E39 Ålesund–Molde.»
«Stortinget
ber regjeringa sørgje for at ei reell upartisk utgreiing av andre
kryssingsalternativ over Romsdalsfjorden vert gjennomført. Dette
gjeld spesielt eit oversjøisk alternativ ved Romsdalsaksen.»