Samferdselsdepartementet
legg i proposisjonen fram forslag om revidert bompengeopplegg og
finansieringsplan for fv. 659 på strekninga Skjeltene–Harøya (Nordøyvegen)
i Ålesund kommune (tidlegare Haram og Sandøy kommunar) i Møre og
Romsdal.
Stortinget har tidlegare
gitt tilslutning til bompengefinansiering av prosjektet gjennom
handsaminga av Prop. 140 S (2016–2017) Finansiering av prosjektet
fv. 659 Nordøyvegen i Møre og Romsdal og Innst. 468 S (2016–2017).
Etter stor kostnadsauke
vedtok fylkestinget i Møre og Romsdal fylkeskommune i 2018 nytt
finansieringsopplegg for prosjektet. Dei auka kostnadene er foreslått finansierte
med fylkeskommunale midlar og auka bompengebidrag.
Hovudarbeida starta
tidleg i 2019, den sørlege delen av prosjektet blei opna for trafikk
i desember 2021 og siste del av prosjektet er venta opna for trafikk
sommaren 2022.
Nordøyvegen består
av tre undersjøiske tunnelar, ein landtunnel og tre bruer og vil
gje fast vegsamband til Lepsøya, Haramsøya, Flemsøya, Fjørtofta
og Harøya/Finnøya. Desse øyane blir omtalte som Nordøyane. Prosjektet
er nærare omtalt i Prop. 140 S (2016–2017) Finansiering av prosjektet
fv. 659 Nordøyvegen i Møre og Romsdal.
Styrings- og kostnadsramma
var opphaveleg fastsett til 3 442 mill. 2017-kroner og 3 786 mill.
2017-kroner. I 2022-prisnivå svarer dette til 4 058 mill. kroner
og 4 464 mill. kroner. Bompengedelen var fastsett til 460 mill.
2017-kroner, dvs. 13,4 pst. av styringsramma. I 2022-prisnivå utgjer
dette eit bompengebidrag på 542 mill. kroner.
Etter at tilbodsutlysinga
for hovuddelen av prosjektet var avslutta, blei det klart at faktiske
tilbod var vesentleg høgare enn føresett. Beste tilbod på hovudkontrakten
var om lag 1 200 mill. 2018-kroner høgare enn det som låg til grunn
i siste overslag. Fylkestinget i Møre og Romsdal vedtok 11. desember
2018 å auke styringsramma til 4 900 mill. 2018-kroner. Kostnadsramma
blei fastsett til 5 340 mill. 2018-kroner.
I november 2020 gjorde
fylkesutvalet vedtak om å auke styrings- og kostnadsramma for å
forsere opninga av delar av prosjektet. Etter denne justeringa er
styringsramma for prosjektet på 5 564 mill. 2022-kroner og kostnadsramma
på 6 062 mill. 2022-kroner.
Etter vedtak i fylkestinget
blei hovudkontrakten inngått og prosjektet starta opp. For å sikre
finansieringa av prosjektet legg Møre og Romsdal fylkeskommune til
grunn ein auke i bompengebidraget på 134 mill. 2022-kroner til prosjektet
i forhold til det som var lagt til grunn i Prop. 140 S (2016–2017).
Det er gjennomført
ei ny ekstern kvalitetssikring (KS2) av bompengeopplegget for fv.
659 Nordøyvegen, som blei ferdig i februar 2021. Kvalitetssikringa
har omfatta finansieringsgrunnlag, trafikkgrunnlag og finansieringsevne.
Ifølgje ekstern kvalitetssikrar er bompengefinansieringa robust
då det blir teke utgangspunkt i eit konservativt trafikkanslag og
bompengelånet lèt seg finansiere under føresetnadene til prosjektet.
Vidare viser analysen at fylkeskommunen ikkje kan finansiere lånedelen
sin basert på ferjeavløysingsmidlar og andre tilskot/overføringar
åleine, og må finne andre budsjettmessige innsparingar eller inntektskjelder
for å kunne betene lånet.
Det er fylkeskommunen
som har ansvaret for heile byggjeprosjektet.
Finansieringsopplegget
for fv. 659 Nordøyvegen omfattar fylkeskommunale midlar og eit bompengebidrag.
Dette inneber at Møre og Romsdal fylkeskommune er ansvarleg for
nødvendige låneopptak for å finansiere framtidige kommunale tilskot
knytt til prosjektet. Kostnadsauken i prosjektet er føresett finansiert
med ein auke i fylkeskommunale midlar og bompengebidraget. Fylkeskommunale
midlar utgjer om lag 87,9 pst. og bompengebidraget om lag 12,1 pst.
av finansieringa. Eventuell auke ut over kostnadsramma er fylkeskommunen
sitt ansvar og kan ikkje dekkjast med bompengar. Eventuelle kostnadsreduksjonar
på inntil 10 pst. skal delast mellom fylkeskommunale midlar og bompengar
etter same prosentvise fordeling som innanfor styringsramma.
Samla finansielt
bidrag frå fylkeskommunen er rekna til 4 888 mill. kroner. I dette
inngår mellom anna mva-kompensasjon og bidrag frå kommunar og næringsliv
i form av tilskot. Ferjeavløysingsmidlar inngår òg i fylkeskommunen
sitt finansieringsopplegg. Fylkeskommunen er derfor ansvarleg for
nødvendige låneopptak for å finansiere prosjektet, uavhengig av
storleiken på framtidige tilskot, kompensasjonar og ferjeavløysingsmidlar.
I Prop. 140 S (2016–2017)
Finansiering av prosjektet fv. 659 Nordøyvegen i Møre og Romsdal
og Innst. 468 S (2016–2017) blei det lagt til grunn eit bompengebidrag på
460 mill. 2017-kroner, som innebar at bompengar skulle stå for om
lag 13,4 pst. av finansieringa. Det utgjer om lag 542 mill. 2022-kroner.
Bompengebidraget er foreslått auka med 134 mill. kroner til 676
mill. 2022-kroner.
Samferdselsdepartementet
viser i proposisjonen til at dei har merka seg den store kostnadsauken
i prosjektet og at Møre og Romsdal fylkeskommune likevel har starta
opp prosjektet før Stortinget har handsama nytt bompengeopplegg.
Departementet legg til grunn at lokale styresmakter har vurdert
det som nødvendig å utvide finansieringsramma gjennom auka takstar
og å forlenge innkrevjingsperioden for bompengar for fv. 659 Nordøyvegen
i Møre og Romsdal, for å kunne finansiere prosjektet.
Hovudregelen om 15
eller 20 års innkrevjingsperiode i bompengeprosjekt står fast, men
departementet foreslår at det blir gjort unntak for ein innkrevjingsperiode
på 25 år, grunna den vesentlege kostnadsauken i prosjektet. Vidare
legg departementet til grunn at dersom økonomien for bompengeselskapet
blir betre enn føresett, skal dette i første omgang nyttast til
å redusere innkrevjingsperioden, ikkje til reduserte takstar, slik
at dei samla finansieringskostnadene blir så låge som mogleg.