Samferdselsdepartementet legg
i proposisjonen fram forslag om revidert finansieringsopplegg med auke
i bompengebidraget for å fullføre fylkesvegprosjekt og -tiltak i
Askøypakken i Askøy kommune.
Stortinget slutta
seg til Askøypakken gjennom handsaming av Prop. 197 S (2012–2013)
Delvis bompengefinansiering av Askøypakken i Hordaland, jf. Innst.
40 S (2013–2014). Pakken omfattar 10 prosjekt og tiltak i fylkesvegnettet,
i tillegg til ei ramme til kollektivtiltak. Bompengeinnkrevjinga
starta opp hausten 2014, og skulle opphavleg halde fram til 2028.
Det lar seg ikkje
gjere å finansiere alle tiltaka i porteføljen innanfor den opphavlege
økonomiske ramma. Fleire av prosjekta har vist seg å vere meir kostnadskrevjande
enn det som først vart lagt til grunn. Samtidig har trafikken blitt
lågare enn forventa, og med auka elbildel har òg gjennomsnittstaksten
blitt redusert. Dette har gitt lågare bompengeinntekter.
Finansieringa av
Askøypakken for perioden 2014–2028 var basert på fylkeskommunale
midlar og bompengar innanfor ei økonomisk ramme på totalt 1 330 mill.
2013-kroner. Av dette var bompengebidraget føresett å utgjere 1 120
mill. kroner.
Det er til saman
nytta 990 mill. 2022-kroner til investeringar ved utgangen av 2021.
Fylkeskommunen har bidratt med 338 mill. kroner inkl. kompensasjon
for meirverdiavgift (mva.), og bompengebidraget er til no 652 mill.
kroner.
Det står att 1 013
mill. 2022-kroner, der 805 mill. kroner er bompengebidrag og 208
mill. kroner er fylkeskommunale midlar inkl. mva-kompensasjon. Av
desse er 85 mill. kroner reine fylkeskommunale midlar.
I det reviderte finansieringsopplegget
for Askøypakken er det lagt til grunn etablering av ein ny bomstasjon
frå 2023 og forlenging av den samla bompengeinnkrevjinga i fem år
til 2033. Det er berekna at det vil gi eit bompengebidrag på 489
mill. kroner. Det er også lagt til grunn ytterlegare om lag 159
mill. kroner i mva-kompensasjon. Saman med midlane som står att
frå tidlegare, gir dette ei total ramme til vegprosjekt i perioden 2022–2033
på 1 661 mill. 2022-kroner. Av dette utgjer bompengebidraget 1 294
mill. kroner.
Askøypakken har bidrege
til ein vesentleg betre vegstandard, med betre framkome og trafikktryggleik på
Askøy. Samtidig står det att fleire prosjekt som ikkje lar seg finansiere
innanfor den opphavlege økonomiske ramma for pakken.
Med det reviderte
finansieringsopplegget for Askøypakken ønskjer lokale styresmakter
å fullføre dei fem påbegynte og attståande prosjekta. Alle prosjekta har
godkjend reguleringsplan.
Det er lokalpolitisk
semje om endringar i bompengeopplegget med etablering av ein femte
bomstasjon og forlenga innkrevjing i fem år frå 2028. Vestland fylkeskommune
har vedteke å stille garanti for bompengelånet. Samferdselsdepartementet
gir i proposisjonen difor si tilslutnad til føreslått bompengeopplegg
med innkrevjing ut 2033 for å fullføre prosjekta i pakken, og meiner
som lokale styresmakter at nytteprinsippet blir betre vareteke med
ein ny bomstasjon.
Samferdselsdepartementet
fastsette nye retningslinjer for bompengefinansierte bypakkar i
2019 og 2020, der det mellom anna er lagt til grunn at det ikkje lenger
vil vere aktuelt å leggje fram reviderte pakkar for Stortinget utelukkande
for å dekkje inn kostnadsauke i enkeltprosjekt eller inntektssvikt
som følgje av lågare trafikk. Når departementet no likevel legg
fram forslag om revidert finansieringsopplegg for Askøypakken, er det
lagt avgjerande vekt på at det blei fatta lokale vedtak om forlenging
før dei nye retningslinjene kom, og at desse føringane derfor ikkje
skal ha tilbakeverkande kraft.
I retningslinjene
er det også stilt krav om 20 pst. eigendel for investeringar i fylkeskommunale
og kommunale prosjekt som ikkje har vore lagt fram for Stortinget som
ein del av bypakkar tidligare. Revideringa av Askøypakken er ikkje
omfatta av dette kravet sidan prosjektporteføljen er den same som
i Prop. 197 S (2012–2013).