Tilrådinga frå komiteen
vert fremja av medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Senterpartiet
og Sosialistisk Venstreparti.
Komiteen har elles ingen merknader,
viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere følgjande
vedtak:
-
Stortinget sluttar
seg til delvis bompengefinansiering av Askøypakken i Vestland.
-
Stortinget samtykker
i at bompengeselskapet Ferde AS får løyve til å krevje inn bompengar
til delvis bompengefinansiering av Askøypakken. Vilkåra for finansieringa
går fram av Prop. 101 S (2021–2022).
-
Samferdselsdepartementet
får fullmakt til å inngå avtale med bompengeselskapet Ferde AS om
delfinansiering av Askøypakken. Avtalen gir bompengeselskapet rett
til å krevje inn bompengar innanfor dei vilkåra som er fastsette
i Prop. 101 S (2021–2022).