Merknader frå komiteen
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Jone Blikra, Kirsti Leirtrø og Nils Kristen Sandtrøen, frå Høgre,
Trond Helleland, Erlend Larsen og Charlotte Spurkeland, frå Senterpartiet,
Geir Adelsten Iversen, Geir Inge Lien og leiaren Erling Sande, frå
Framstegspartiet, Morten Stordalen og Frank Edvard Sve, og frå Sosialistisk
Venstreparti, Christian Torset, viser til at rv. 15 Strynefjellet
er eit viktig aust–vest-samband for store delar av Møre og Romsdal
og Sogn og Fjordane. Vegen er viktig for næringslivet og har stor
tungbiltrafikk gjennom heile døgnet. Strekninga har i dag dårleg standard
og inneheld fleire rasfarlege punkt. Dei eksisterande tunnelane
på strekninga er smale, og standarden gjer at dei har dårleg trafikktryggleik.
Både folk og næringsliv i områda på begge sider av Strynefjellet har
kjempa for utbetring og rassikring av strekninga gjennom ein ny
tunnel. Komiteen er
kjend med at det er gjennomført både KVU og ei ekstern kvalitetssikring (KS1)
av prosjektet, og at regjeringa i 2018 la til grunn at konsept B1
med tunnel frå Skåre til Breidalen, med ein arm til Geiranger, skal
leggast til grunn for den framtidige planlegginga av rv. 15 Strynefjellet. Komiteen viser
til at det i Stortinget si behandling av Nasjonal transportplan
2022–2033 stod eit breitt tverrpolitisk fleirtal bak å prioritere
oppstart av rv. 15 Strynefjellet i første seksårsperiode. Komiteen viser
vidare til at statsråden i svaret sitt til komiteen 8. mars 2022
peikar på at Statens vegvesen i gjennomføringsplanen har lagt inn
midlar til planlegging av dette veganlegget frå 2024. Brevet følger
som vedlegg til denne innstillinga.
Komiteen meiner vidare at Strynefjellstunnelane er
overmodne for utskifting, og det har dei siste åra vore store aksjonar
både frå lastebilnæringa, næringslivet generelt og folk flest for
ny Strynefjellsveg.
Komiteen viser til at det i
lange tider har vore utbetringsarbeid i desse tunnelane, som har
så dårleg standard at ein nesten ikkje kan beskrive dei som fullverdige biltunnelar.
Dei stadige arbeida medfører store ulemper for både næringslivet
og for andre trafikantar generelt når det til dømes skal gjennomførast
utbetringar med ein times ventetid i kollonnekøyring midt på dagen.
Komiteen viser vidare til at
Geiranger er ei bygd som har eit stort behov for ny heilårsveg i
retning Strynefjellet. Geiranger og Geirangerfjordområdet er eit
av dei største turistmåla i verda og har årleg om lag ein million
turistar på besøk. Vegen frå Strynefjellet til Geiranger er dårleg
og vert tidleg stengd om hausten og seint opna opp om våren/sommaren.
Komiteen viser til at Geiranger
også er rasutsett og blir nesten kvart år isolert grunna ras og
rasfare. Ny veg frå Eidsdal til Korsmyra er under bygging med rassikker
tunnel. Derimot er det store utfordringar med Grandestranda, som
nesten årleg har ras som stenger fv. 63 og isolerer bygda.
Komiteens medlemmer
fra Høyre viser til at daværende regjeringspartier, Høyre,
Venstre og Kristelig Folkeparti, foreslo 500 mill. kroner ekstra
til rv. 15 Strynefjellet i første periode. I tillegg hadde både
Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Fremskrittspartiet dette prosjektet
inne med midler i første periode i sine alternative budsjetter.
Et bredt flertall omtalte dermed prosjektet i sine merknader og
var enige om å legge inn ekstra midler slik at prosjektet skulle
sikres oppstart i første seksårsperiode av Nasjonal transportplan,
jf. Innst. 653 (2020–2021).
Disse medlemmer støtter forslagsstillerne
i at rv. 15 Strynefjellet bør sikres oppstart i første periode.
Disse medlemmer viser til de
resterende fem forslagene i denne innstillingen som tar for seg
andre veiprosjekter. Disse
medlemmer viser til at representantforslaget omhandler rv.
15 Strynefjellet. Disse medlemmer vil
derfor ikke her ta stilling til forslagene som tar for seg andre
veiprosjekter.
Disse medlemmer viser til at
Høyre, Venstre og Kristelig Folkeparti i stortingsbehandlingen av
Nasjonal transportplan 2022–2033 la til seks ekstra veiprosjekter
i porteføljen: rv. 15 Strynefjellet, E134 Bakka–Solheim, E39 Vågsbotn–Klauvaneset,
E14 Stjørdal, E8 Lavangsdalen og fullfinansiering av rv. 291 Holmenbrua.
Det stod et bredt flertall bak alle disse seks prosjektene, som
også inkluderte Arbeiderpartiet og Senterpartiet. Disse medlemmer forventer at
disse prosjektene følges opp av regjeringen. Disse medlemmer vil fremme
forslag angående disse prosjektene senere på egnet måte.
Medlemene i komiteen
frå Framstegspartiet viser til at rv. 15 Strynefjellet er
ein svært viktig veg for store delar av Møre og Romsdal og Nordfjord. Dette
er ein av dei viktigaste vest–aust-vegane i landsdelen og er ein
svært viktig eksportveg for næringslivet.
Desse medlemene meiner vi har
nådd grensa for kor lenge denne landsdelen skal verte hefta med ulemper
på grunn av utbetringar og arbeid på Strynefjellstunellane før ny
tunellbygging kan verte prioritert og sett i gang. Ei rask igangsetjing
av ny rv. 15 Strynefjellet vil vere fornuftig bruk av skattebetalarane
sine pengar i staden for stadig småarbeid på gamle og utdaterte
tunellar.
Desse medlemene meiner ein
heilårsveg austover mot Strynefjellet i samband med bygging av ny Strynefjellsveg
er heilt avgjerande og svært viktig å gjennomføre. Dette er av stor
nytte både beredskapsmessig og for samfunnet og vil samtidig gjere
Geiranger tilgjengeleg gjennom heile året for turistar frå heile
verda.
Desse medlemene viser til at
rv. 15 Strynefjellet med ein arm til Geiranger har kome inn i siste
NTP. Statens vegvesen har i planprogrammet lagt til grunn igangsetjing
av planarbeid i 2024. Senterpartiet har uttalt at rassikring og
utbetring av viktige vegstrekningar i distrikta bør prioriterast.
Rv. 15 Strynefjellet er årleg stengt på grunn av ras og rasfare
og er eit slikt prosjekt som Senterpartiet viser til, som bør prioriterast
raskast råd.
Desse medlemene er uroa for
at å utsette planarbeidet til 2024 vil føre med seg stor risiko
for at prosjektet vert ytterlegare skubba ut i tid, noko som vil
ha svært store negative følger for heile regionen. Ny rv. 15 Strynefjellet
er eit prosjekt som ikkje kostar mange titals milliardar kroner,
men er godt innanfor eit akseptabelt kostnadsnivå. Desse medlemene meiner såleis
at Stortinget må gje ei klar melding til regjeringa om at planarbeidet
for ny rv. 15 Strynefjellet må setjast i gang snarast råd.
Desse medlemene viser også
til at det var et breitt fleirtal bak prioriteringa av ny rv. 15
Strynefjellet i handsaminga av gjeldande NTP i Innst. 653 S (2020–2021).
Både Arbeidarpartiet og Senterpartiet hadde prosjektet med igangsetjing
i fyrste planperiode i NTP-opplegga sine. I tillegg vart det i merknadene
fleirtal, med Arbeidarpartiet og Senterpartiet, for igangsetjing
i fyrste periode av prosjekta E134 Bakka–Solheim, E14 Stjørdal–Storlien,
E39 Vågsbotn–Klauvaneset, rv. 13 Vikafjellet og E16 Fagernes sør–Hande. Desse medlemene meiner
det er viktig å sørge for snarleg igangsetjing av nødvendig planarbeid
for alle desse prosjekta som har fleirtalet bak seg, og sikre at
dei vert med i prioriteringa for fyrste planperiode av gjeldande
NTP.
Medlemene i komiteen
frå Høgre og Framstegspartiet fremjar følgjande forslag:
«Stortinget
ber regjeringa setje i gang nødvendig planarbeid seinast innan 2022–2023
og sørge for igangsetjing i perioden 2022–2027 av ny rv. 15 Strynefjellet.»
«Stortinget
ber regjeringa sørge for at ein arm til Geiranger som heilårsveg
blir planlagd inn i prosjektet ny rv. 15 Strynefjellet, og at Møre
og Romsdal fylkeskommune blir inkludert i dette arbeidet.»
Medlemene i komiteen
frå Framstegspartiet fremjar i tillegg følgjande forslag:
«Stortinget
ber regjeringa setje i gang nødvendig planarbeid seinast innan 2022–2023
og sørge for igangsetjing i perioden 2022–2027 av prosjektet E134
Bakka–Solheim.»
«Stortinget
ber regjeringa setje i gang nødvendig planarbeid seinast innan 2022–2023
og sørge for igangsetjing i perioden 2022–2027 av prosjektet E14
Stjørdal–Storlien.»
«Stortinget
ber regjeringa setje i gang nødvendig planarbeid seinast innan 2022–2023
og sørge for igangsetjing i perioden 2022–2027 av prosjektet E39
Vågsbotn–Klauvaneset.»
«Stortinget
ber regjeringa setje i gang nødvendig planarbeid seinast innan 2022–2023
og sørge for igangsetjing i perioden 2022–2027 av prosjektet rv.
13 Vikafjellet.»
«Stortinget
ber regjeringa setje i gang nødvendig planarbeid seinast innan 2022–2023
og sørge for igangsetjing i perioden 2022–2027 av prosjektet E16
Fagernes sør–Hande.»