Forslag frå Høgre, Sosialistisk
Venstreparti, Raudt og Venstre:
Forslag 1
Stortinget ber regjeringa
sikre at lærarutdanningane og etter- og vidareutdanningstilbod til
lærarar gjev auka forståing for berekraftig utvikling og fagleg
og pedagogisk arbeid med berekraft i alle fag, i tråd med innføringa
av berekraftig utvikling som eit tverrfagleg tema i læreplanane
gjennom fagfornyinga.
Forslag 2
Stortinget ber regjeringa
vurdere korleis nye anleggsmaskiner og utstyr som er baserte på
nullutslepp, kan bli integrerte i utdanningsløpa.