Tilrådinga frå komiteen
blir fremja av medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet,
Sosialistisk Venstreparti og Raudt.
Komiteen har elles ingen merknader,
viser til representantforslaget og rår Stortinget til å gjere følgjande
vedtak:
Dokument 8:86 S (2021–2022)
– Representantforslag frå stortingsrepresentantane Olve Grotle,
Linda Hofstad Helleland og Lene Westgaard-Halle om ein visjon om
at ingen fiskarar skal omkome på havet i framtida – blir ikkje vedteke.