Forslag fra Sosialistisk Venstreparti,
Rødt, Venstre og Kristelig Folkeparti:
Forslag 1
Stortinget ber regjeringa
setta ned eit offentleg utval som skal gjera ein heilskapleg gjennomgang
av det norske eksportkontrollregimet, både regelverket og den forvaltningsmessige
sida, for å sikre reell og etterprøvbar etterleving av Stortinget
sitt 1959-vedtak og 1997-presisering og av internasjonale forpliktingar.
I tillegg skal utvalet vurdera om det er behov for fleire presiseringar,
i tråd med norske folkerettslege, humanitærrettslege og menneskerettslege
forpliktingar.
Forslag 2
Stortinget ber regjeringa
sørga for å setta i gang ei uavhengig gransking av eksporten av
strategiske varer til landa som har vore involvert i Jemen-krigen,
med mandat til å undersøka risikoen for at norskproduserte strategiske
varer har blitt brukt i Jemen.
Forslag 3
Stortinget ber regjeringa
tolka kriterium 2 i Utanriksdepartementet sine retningslinjer for
eksportkontroll, om menneskerettssituasjonen i mottakarlanda strengare
enn i dag, og sikra at Noreg ikkje eksporterer strategiske varer
til regime som er ansvarlege for alvorlege menneskerettsbrot.
Forslag 4
Stortinget ber regjeringa
komma tilbake til Stortinget med ei sak som skal sikra at FN sin
våpenhandelavtale (ATT) artikkel 6 og 7 blir inkludert i lov eller
forskrift.
Forslag 5
Stortinget ber regjeringa
greia ut moglegheita for å utvikla kontrollmekanismar som gjer det
mogleg å etterkontrollera sluttbrukarerklæringane, til dømes gjennom
ein stikkprøvemekanisme, og som blir rapportert på i den årlege
stortingsmeldinga om eksport av strategiske varer.
Forslag fra Sosialistisk Venstreparti
og Rødt:
Forslag 6
Stortinget ber regjeringa
sørga for ein umiddelbar stans i all eksport av strategiske varer
til land som deltek i borgarkrigen i Jemen.
Forslag 7
Stortinget ber regjeringa
stansa all eksport av norske strategiske varer til statar der militæret
og tryggingsapparatet er instrumentelle i systematiske og alvorlege menneskerettsbrot.
Forslag 8
Stortinget ber regjeringa
halda Stortinget fortløpande oppdatert om endringar i eksporten
til landa i den Saudi-leia koalisjonen som intervenerer i Jemen,
og orientera Stortinget umiddelbart om det skjer endringar i eksporten
av strategiske varer til desse landa, på bakgrunn av føre-var-prinsippet
om å unngå at norske varer bidreg til folkerettsbrot.
Forslag 9
Stortinget ber regjeringa
om at krav om sluttbrukardokumentasjon blir praksis i all eksport
av strategiske varer, òg til NATO-land og nære allierte.
Forslag 10
Stortinget ber regjeringa
offentleggjera grunngjevingar for avslag på og godkjenning av lisenssøknadar til
land utanfor NATO.
Forslag 11
Stortinget ber regjeringa
styrka openheita i det norsk eksportkontrollregimet og greia ut
moglegheita for å innføra ein liknande praksis som den i Nederland, der
parlamentet blir informert offentleg om godkjenning av eksportlisensar
over ein viss sum, unntatt til dei nærmaste allierte, med detaljar
om vurderinga av kriteria opp mot søknaden innan to veker etter
at søknaden er godkjend.
Forslag 12
Stortinget ber regjeringa
legga fram eit forslag til endring i eksportkontrollforskrifta som
skal sikra at norsk digital overvakningsteknologi ikkje blir eksportert
til land kor det er fare for at teknologien blir brukt i strid med
menneskerettane.
Forslag 13
Stortinget ber regjeringa
styrka førebyggingsarbeidet opp mot potensielle eksportørar av strategiske
varer og klargjera overfor selskap som eksporterer strategiske varer,
at dei er ansvarlege for å gjera sjølvstendige aktsemdsvurderingar,
og rapportera om oppfølginga av dette som ein del av den årlege
stortingsmeldinga om eksport av strategiske varer.
Forslag fra Venstre og Kristelig
Folkeparti:
Forslag 14
Stortinget ber regjeringen
komme tilbake til Stortinget på egnet måte med en oversikt over
måter Nederland har økt graden av parlamentarisk kontroll rundt eksport
av A- og B-materiell.
Forslag 15
Stortinget ber regjeringen
komme tilbake til Stortinget med en oversikt over dagens lisenser
for salg av A- og B-materiell og tilfeller der salg av utstyr eller
våpen brukes som et ledd i å undertrykke egen befolkning eller bryte
folkeretten.
Forslag 16
Stortinget ber regjeringen
utrede konsekvensene for næringslivet og effektiv eksportkontroll
av å slå sammen listene over A- og B-materiell.
Forslag 17
Stortinget ber regjeringen
sikre at eksport av biometrisk overvåkningsteknologi omfattes av
norsk eksportkontrolls definisjon av flerbruksvarer.