Tilrådinga frå komiteen
vert fremja av medlemene i komiteen frå Høgre, Framstegspartiet,
Sosialistisk Venstreparti, Raudt, Venstre, Miljøpartiet Dei Grøne
og Kristeleg Folkeparti.
Komiteen har elles ingen merknader,
viser til representantforslaget og rår Stortinget til å gjere følgjande
vedtak:
Stortinget ber regjeringa
sikre at det raskt vert utarbeidd ein plan for drenering av høgrisikoområdet
for store fjellskred ved Åkneset i Stranda kommune.