Søk

Komiteens merknader

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Tuva Moflag, Runar Sjåstad, Trine Lise Sundnes og Torbjørn Vereide, frå Høgre, Henrik Asheim, Anna Molberg og Aleksander Stokkebø, frå Senterpartiet, Eivind Drivenes og Per Olaf Lundteigen, frå Framstegspartiet, Dagfinn Henrik Olsen og Gisle Meininger Saudland, frå Sosialistisk Venstreparti, leiaren Kirsti Bergstø, og frå Raudt, Mímir Kristjánsson, viser til at representantforslaget frå Raudt inneheld forslag som omhandlar fleire tema knytte til innleige, mellombels tilsetjing og omgåing av arbeidsgjevaransvar. Representantane foreslår fleire tiltak på innleigeområdet, mellom anna eit forskriftsfesta straksforbod mot innleige frå bemanningsføretak på byggeplassar i konkrete fylke, og eit lovforbod mot innleige frå bemanningsføretak.

Komiteen merkar seg at lovforslaga i representantforslaget er henta frå NOU 2021:9 Den norske modellen og fremtidens arbeidsliv. Utvalet har greidd ut ulike tilknytingsformer i arbeidslivet og verksemdorganisering, og har mellom anna gjort framlegg om endring av arbeidsgjevar- og arbeidstakaromgrepet, ein ny regel om omgåing, ein definisjon av innleige og utvida arbeidstakarrettar i konsern. Komiteen merka seg at samtlege arbeidstakarsamanslutningar på høyringa i komiteen gav uttrykk for at dei i all hovudsak stilte seg bak forslaga i Fougner-utvalet, men at dei ønskte å venta på departementet sin heilskaplege gjennomgang av dei skriftlege høyringsinnspela til desse forslaga.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemen frå Raudt, meiner dette er det riktige å gjera.

Komiteen merkar seg òg at partane i arbeidslivet er inviterte til møte i Arbeids- og sosialdepartementet i desember 2021, der temaet for møtet er innleige.

Komiteen vil understreke at faste og heile tilsetjingar skal vera hovudregelen i det norske arbeidslivet. Løns- og arbeidsvilkår skal følgja norske lover og norske tariffavtalar.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Høgre, meiner innleige og mellombelse tilsetjingar som fortrenger faste tilsetjingar, og tilknytingsformer der føremålet er å omgå arbeidsgjevaransvaret, skapar aukande skilnader i arbeidslivet og utryggleik for folk. Fleirtalet meiner difor det er viktig å styrka arbeidstakarrettane i eit arbeidsliv i endring.

Komiteen merkar seg at regjeringa i samarbeid med partane i arbeidslivet vil leggje fram jamnlege kartleggingar av utviklinga i arbeidslivet knytt til organisasjonsgrad, tariffavtaledekning, innleige, faste og mellombelse tilsetjingar og andre tilknytingsformer.

Komiteen merkar seg at både Næringslivets Hovudorganisasjon og NHO Service og Handel peika på at eit geografisk forbod mot innleige, som foreslått i representantforslaget frå Raudt, vil medføra andre utfordringar, mellom anna at fagfolk vil bli rekrutterte frå andre delar av landet der det ikkje er eit forbod mot innleige.

Komiteen merkar seg at Fellesforbundet i sitt høyringssvar tar til orde for at forskriftshøvet i arbeidsmiljølova § 14-12 (5) blir tatt i bruk for å forby innleige i bransjar og område der det er naudsynt – som i byggenæringa i Oslofjordområdet. Samtidig tar Fellesforbundet også til orde for at desse spørsmåla bør bli handsama i ei samla sak.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Høgre og Framstegspartiet, deler forslagsstillarane si uro for utviklinga rundt innleige. Det har vore ein betydeleg vekst i bruken av innleige frå bemanningsføretak dei siste tiåra. Ein praksis med omfattande bruk av innleige kan mellom anna føre til dårlegare løns- og arbeidsvilkår for dei fast tilsette arbeidstakarane i næringar med mykje innleige, og det kan også svekke fagkompetansen i desse næringane. Fleirtalet ønskjer på denne bakgrunnen å stramme inn på vilkåra for bruk av innleigd arbeidskraft.

Eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, viser til at det er ulike tiltak som kan gjerast for å få til dette, og ventar at Arbeidarparti–Senterparti-regjeringa legg fram forslaga sine om dette så snart dette lar seg gjera.

Komiteen viser til at eit velorganisert arbeidsliv er grunnlaget for eit trygt familieliv og samfunnsliv.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Høgre og Framstegspartiet, viser til at regjeringa om kort tid vil leggje fram lovforslag om å oppheve den generelle tilgangen til mellombels tilsetjing, slik fleirtalet i Fougner-utvalet gjorde framlegg om.

Fleirtalet viser og til at Arbeids- og sosialdepartementet 2. november 2021 sende forslag om på nytt å innføre kollektiv søksmålsrett for fagforeiningar om ulovleg innleige, på alminneleg høyring. Høyringsfristen er 14. desember 2021.

Eit anna fleirtal, alle unnateke medlemen frå Raudt, vil på denne bakgrunnen tilrå at representantforslaget ikkje blir vedteke.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet vil visa både til Innst. 355 L (2017–2018), jf. Prop. 73 L (2017–2018), og til Innst. 294 L (2019–2020), jf. Prop. 61 LS (2019–2020), for ein gjennomgang av historikken bak innstrammingane av innleigeføresegner og innføring av naudsynte heimlar til Arbeidstilsynet i arbeidsmiljølova for å handheva lovføresegner om innleige, som Stortinget gjorde vedtak om under regjeringa Solberg.

Desse medlemene vil understreka at det var stortingsvedtak nr. 547 av 15. mars 2018, jf. Innst. 131 S (2017–2018) og Innst. 132 L (2017–2018), som gav føringar for kva regjeringa i den varsla proposisjonen om endringar i arbeidsmiljølova om fast tilsetting, mellombels tilsetting i og innleige frå bemanningsføretak skulle sikra. Stortinget sikra gjennom handsaming av Innst. 355 L (2017–2018) mellom anna at tilsette i bemanningsføretak skal vera fast tilsette, og ikkje kunne vera mellombels tilsette slik regjeringa føreslo i Prop. 73 L (2017–2018).

Desse medlemene vil vidare understreka at det var stortingsvedtak nr. 821 av 4. juni 2018, som gav regjeringa Solberg i oppdrag å utarbeida forslag til ein kontrollfunksjon som skulle føra tilsyn med og gje pålegg om å treffa einskildvedtak for å gjennomføra føresegnene i arbeidsmiljølova, for så å leggja dette fram for Stortinget på eigna måte, som medførte at regjeringa Solberg la fram lovforslag om handheving av innleige- og likebehandlingsreglane våren 2020.

Desse medlemene vil vidare visa til at alle lovforslaga som regjeringa Solberg la fram våren 2020 om å auka straffenivået for arbeidslivskriminalitet, og om å innføra lovheimel for å etablera ei godkjenningsordning for verksemder som tilbyr bilpleie, bilvask m.m., vart støtta av både Arbeidarpartiet og Senterpartiet. Desse medlemene viser til at begge desse partia over fleire år i Stortinget har peika på manglande heimlar for å gje organa som inngår i a-krimsamarbeidet, tilstrekkeleg høve til å dela opplysningar som ikkje kan delast som følgje av avgrensingar i lova.

Desse medlemene ser fram til at regjeringa legg fram det varsla lovforslaget sitt om styrking av deltidstilsette sin rett til auka stillingsprosent gjennom å lovfesta at arbeidsgjevarar som lyser ut ei deltidsstilling, må dokumentera at det er eit reelt behov for deltid. Det store omfanget av deltidskontraktar innan helse og omsorg og i varehandelen representerer ein strukturell ukultur som rammar kvinnerike arbeidsplassar og vanskeleggjer kvinner sitt økonomiske sjølvstende.

Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet viser til forslagene fra Fougner-utvalget som forslagsstillerne fremmer. Disse medlemmer avviser ikke en diskusjon om utvidelse av arbeidsgiver- og arbeidstakerbegrepet i arbeidsmiljøloven, eller hvorvidt det skal lovfestes en gjennomskjæringsregel. Disse medlemmer mener imidlertid at alle forslag i Fougner-utvalget bør behandles samtidig fremfor at de blir vedtatt stykkevis i ulike representantforslag. Disse medlemmer ser frem til at regjeringen kommer tilbake med en helhetlig oppfølging av Fougner-utvalgets utredning.

Disse medlemmer er helt uenige med forslagsstillerne i deres syn på bemanningsbransjen og at det bør være en statlig oppgave å skaffe arbeidskraft til samfunnskritiske sektorer. Bemanningsbransjen er i all hovedsak en seriøs bransje som bidrar til å skaffe næringslivet i hele Norge arbeidskraft, i tillegg til å hjelpe mennesker med å få en fot innenfor i arbeidslivet. Disse medlemmer viser til at seriøse bemanningsselskaper ivaretar den ansattes rettigheter, påser at arbeidsforholdet er innenfor rammene av spillereglene i arbeidslivet, og at de har arbeidsgiveransvar. Disse medlemmer viser til at det, som overalt ellers, finnes useriøse aktører, og at enhver useriøs eller ulovlig praksis må slås ned på. Disse medlemmer viser til at regjeringen Solberg gjorde en rekke endringer i reglene for innleie nettopp for å imøtekomme behovet for å reagere mot useriøse aktører. Det ble blant annet skjerpet adgang til å inngå avtale om tidsbegrenset innleie, virksomheten måtte heretter være bundet av tariffavtale inngått med fagforening med innstillingsrett, og muligheten til å ansette noen fast uten garanti for lønn ble fjernet. Straffenivået for arbeidslivskriminalitet ble også skjerpet, Arbeidstilsynet har fått myndighet til å slå ned på ulovlig innleie og brudd på likebehandlingsreglene, det er gitt lovhjemmel for å etablere en godkjenningsordning for virksomheter som tilbyr bilpleie, bilvask m.m., og det ble sendt på høring et forslag til forskriftshjemmel som skal gi organene som inngår i a-krimsamarbeidet, større adgang til å dele taushetsbelagte opplysninger. Disse medlemmer mener det er drastisk å gå til det skritt å forby en hel bransje bare fordi det finnes useriøse aktører. Det er et inngripende forslag som inviterer til et rigid arbeidsliv, og som ikke imøtekommer de behov som eksisterer både på arbeidsgiver- og arbeidstakersiden.

Disse medlemmer vil at arbeidslivet skal være trygt, fleksibelt og familievennlig, med plass til alle.

Disse medlemmer vil understreke at trepartssamarbeidet mellom arbeidsgivere, arbeidstakere og staten er viktig, og at hovedregelen i norsk arbeidsliv er hele faste stillinger. Det er grunnlaget for trygge arbeidsplasser. Disse medlemmer mener det er viktig å legge til rette for at personer som jobber ufrivillig deltid, får mulighet til å øke sin stillingsprosent, og vil spesielt peke på det offentliges ansvar for gode arbeidsvilkår.

Disse medlemmer mener det ikke er grunnlag for å forby bemanningsbransjen og fjerne den generelle adgangen til midlertidige ansettelser som forslagsstillerne tar til orde for i forslaget. Disse medlemmer er av den oppfatning at innleie og midlertidige ansettelser i noen tilfeller vil være nødvendig for å sikre fleksibilitet og muligheter for både bedrifter og ansatte. Et eksempel kan være en bedrift som er i oppstartsfasen, med usikre fremtidsutsikter og usikkert behov for arbeidskraft lenger frem i tid. Samtidig kan midlertidige ansettelser gi muligheter til å få arbeidserfaring for grupper i samfunnet som i dag står utenfor arbeidslivet.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser til at Sosialistisk Venstreparti har programfestet å avvikle bemanningsbransjen. Dette medlem mener man må sørge for at spesielt utsatte bransjer skjermes totalt inntil dette er gjennomført, og at bruk av slik innleie for øvrig begrenses til reelle vikariater. Dette medlem mener vi fortsatt må tillate utvidet innleie mellom reelle produksjonsbedrifter etter avtale med tillitsvalgte i fagforening med innstillingsrett. Dette medlem viser til at Sosialistisk Venstreparti har fremmet forslag om å forby bemanningsbransjen ved flere anledninger, blant annet i forbindelse med behandling av Innst. 97 L (2020–2021) jf. Representantforslag 21 LS (2020–2021) fra Arbeiderpartiet om et mer rettferdig arbeidsliv med faste stillinger. Dette medlem viser til at Sosialistisk Venstreparti i sistnevnte innstilling fremmet følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en plan for å avvikle bemanningsbransjen.»

Dette medlem er utålmodig når det gjelder å få de kommersielle bemanningsbyråene ut av arbeidslivet, og mener at gode løsninger for et ryddigere arbeidsliv haster.

Dette medlem viser til forslagene som er fremmet i Representantforslag 15 LS (2021–2022) fra Rødt. Forslagene om endringer i arbeidsmiljøloven baserer seg på forslagene fra Fougner-utvalgets flertall (jf. NOU 2021:9 Den norske modellen og fremtidens arbeidsliv). Parallelt med behandlingen er det et arbeid som foregår på bakgrunn av NOU 2021:9. Dette medlem mener det er avgjørende at helt nødvendige grep i norsk arbeidsliv tas raskt. Dette medlem mener likevel behandlingen av disse spørsmålene må avvente den politiske behandlingen av NOU 2021:9.

Dette medlem viser til at det i høringen kom klart frem at høringsinstansene, særlig på arbeidstakersiden, ønsker å avvente de pågående politiske prosessene som pågår parallelt.

Dette medlem understreker viktigheten av et godt partssamarbeid og viser til høringen, hvor det ble uttrykt et klart ønske om å se de ulike delene i representantforslaget i sammenheng og behandle disse spørsmålene gjennom et grundig og helhetlig lovarbeid. Dette medlem tar innspillene fra en samlet fagbevegelse på alvor og vil også fremheve lovarbeidets betydning som redskap for tillitsvalgte.

Komiteens medlem fra Rødt viser til at innleie er ekstremt konsentrert i enkelte næringer og geografiske områder. Det er nødvendig å få en bedre og automatisk oversikt over utviklingen av innleie fra alle bemanningsforetak, ikke bare de som er organisert i NHO Service og Handel, sortert etter næring og fylke.

Dette medlem fremmer på denne bakgrunn følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen registrere utviklingen av innleie fra alle bemanningsforetak og lage statistikk etter næring og fylke, inkludert andelen fra EUs medlemsland, og å legge fram forslag til tiltak som forhindrer at utviklingen man har sett i blant annet bygg- og anleggsbransjen, sprer seg til andre sektorer.»

Dette medlem viser til at Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti gjentatte ganger har fremmet og stemt for forslaget om å forby bemanningsforetak på byggeplasser i Oslo-regionen. Dette medlem viser til at det er godt dokumentert at andelen innleide på byggeplasser i Oslo-området er svært høy, fortrenger fast ansatte og bidrar til at organisasjonsgraden synker, og mener at det haster å innføre et forbud.

Dette medlem fremmer på denne bakgrunn følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen som et strakstiltak innføre et forbud mot innleie av arbeidskraft fra private virksomheter som ikke er produksjonsbedrifter, på byggeplasser i de tidligere fylkene Oslo, Akershus, Østfold, Buskerud og Vestfold, jf. arbeidsmiljøloven § 14-12 (5).»

Dette medlem mener at et velorganisert arbeidsliv og et trygt familie- og samfunnsliv er uforenlig med kommersiell utleie av arbeidskraft. Dette medlem mener at all innleie fortrenger faste ansettelser og forringer lønns- og arbeidsvilkår. Dette rammer de ansatte i bemanningsbyråene, men bidrar også til at rekrutteringen til yrkesfagene faller, fordi det ikke er attraktivt for ungdom å søke seg til bransjer med mye innleie og dårlige lønns- og arbeidsforhold. Dette medlem mener at dette er en farlig nedadgående spiral, hvor bedrifter og bransjer gjør seg stadig mer avhengig av innleie fordi det er mangel på fagarbeidere. Dette medlem mener at det haster å snu denne utviklingen, og at det er nødvendig at det offentlige igjen tar det fulle ansvaret for arbeidsformidlingen.

Dette medlem fremmer på denne bakgrunn følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag som fører til økt grunnbemanning og styrket offentlig arbeidsformidling, slik at virksomheter blir sikret nødvendig arbeidskraft.»

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om forbud mot innleie av arbeidskraft fra private virksomheter som ikke er produksjonsbedrifter.»