Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Tuva Moflag, Runar Sjåstad, Trine Lise Sundnes og Torbjørn Vereide,
frå Høgre, Henrik Asheim, Anna Molberg og Aleksander Stokkebø, frå
Senterpartiet, Eivind Drivenes og Per Olaf Lundteigen, frå Framstegspartiet,
Dagfinn Henrik Olsen og Gisle Meininger Saudland, frå Sosialistisk Venstreparti,
leiaren Kirsti Bergstø, og frå Raudt, Mímir Kristjánsson,
viser til at representantforslaget frå Raudt inneheld forslag som
omhandlar fleire tema knytte til innleige, mellombels tilsetjing
og omgåing av arbeidsgjevaransvar. Representantane foreslår fleire
tiltak på innleigeområdet, mellom anna eit forskriftsfesta straksforbod
mot innleige frå bemanningsføretak på byggeplassar i konkrete fylke,
og eit lovforbod mot innleige frå bemanningsføretak.
Komiteen merkar seg at lovforslaga
i representantforslaget er henta frå NOU 2021:9 Den norske modellen
og fremtidens arbeidsliv. Utvalet har greidd ut ulike tilknytingsformer
i arbeidslivet og verksemdorganisering, og har mellom anna gjort
framlegg om endring av arbeidsgjevar- og arbeidstakaromgrepet, ein
ny regel om omgåing, ein definisjon av innleige og utvida arbeidstakarrettar
i konsern. Komiteen merka
seg at samtlege arbeidstakarsamanslutningar på høyringa i komiteen
gav uttrykk for at dei i all hovudsak stilte seg bak forslaga i
Fougner-utvalet, men at dei ønskte å venta på departementet sin
heilskaplege gjennomgang av dei skriftlege høyringsinnspela til
desse forslaga.
Fleirtalet i komiteen,
alle unnateke medlemen frå Raudt, meiner dette er det riktige å
gjera.
Komiteen merkar
seg òg at partane i arbeidslivet er inviterte til møte i Arbeids-
og sosialdepartementet i desember 2021, der temaet for møtet er
innleige.
Komiteen vil understreke at
faste og heile tilsetjingar skal vera hovudregelen i det norske
arbeidslivet. Løns- og arbeidsvilkår skal følgja norske lover og
norske tariffavtalar.
Fleirtalet i komiteen,
alle unnateke medlemene frå Høgre, meiner innleige og mellombelse
tilsetjingar som fortrenger faste tilsetjingar, og tilknytingsformer
der føremålet er å omgå arbeidsgjevaransvaret, skapar aukande skilnader
i arbeidslivet og utryggleik for folk. Fleirtalet meiner difor det
er viktig å styrka arbeidstakarrettane i eit arbeidsliv i endring.
Komiteen merkar
seg at regjeringa i samarbeid med partane i arbeidslivet vil leggje
fram jamnlege kartleggingar av utviklinga i arbeidslivet knytt til
organisasjonsgrad, tariffavtaledekning, innleige, faste og mellombelse
tilsetjingar og andre tilknytingsformer.
Komiteen merkar seg at både
Næringslivets Hovudorganisasjon og NHO Service og Handel peika på at
eit geografisk forbod mot innleige, som foreslått i representantforslaget
frå Raudt, vil medføra andre utfordringar, mellom anna at fagfolk
vil bli rekrutterte frå andre delar av landet der det ikkje er eit
forbod mot innleige.
Komiteen merkar seg at Fellesforbundet
i sitt høyringssvar tar til orde for at forskriftshøvet i arbeidsmiljølova
§ 14-12 (5) blir tatt i bruk for å forby innleige i bransjar og
område der det er naudsynt – som i byggenæringa i Oslofjordområdet.
Samtidig tar Fellesforbundet også til orde for at desse spørsmåla
bør bli handsama i ei samla sak.
Fleirtalet i komiteen,
alle unnateke medlemene frå Høgre og Framstegspartiet, deler forslagsstillarane
si uro for utviklinga rundt innleige. Det har vore ein betydeleg
vekst i bruken av innleige frå bemanningsføretak dei siste tiåra.
Ein praksis med omfattande bruk av innleige kan mellom anna føre
til dårlegare løns- og arbeidsvilkår for dei fast tilsette arbeidstakarane
i næringar med mykje innleige, og det kan også svekke fagkompetansen
i desse næringane. Fleirtalet ønskjer
på denne bakgrunnen å stramme inn på vilkåra for bruk av innleigd
arbeidskraft.
Eit anna fleirtal,
medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti,
viser til at det er ulike tiltak som kan gjerast for å få til dette,
og ventar at Arbeidarparti–Senterparti-regjeringa legg fram forslaga
sine om dette så snart dette lar seg gjera.
Komiteen viser
til at eit velorganisert arbeidsliv er grunnlaget for eit trygt
familieliv og samfunnsliv.
Fleirtalet i komiteen,
alle unnateke medlemene frå Høgre og Framstegspartiet, viser til
at regjeringa om kort tid vil leggje fram lovforslag om å oppheve den
generelle tilgangen til mellombels tilsetjing, slik fleirtalet i
Fougner-utvalet gjorde framlegg om.
Fleirtalet viser og til at
Arbeids- og sosialdepartementet 2. november 2021 sende forslag om
på nytt å innføre kollektiv søksmålsrett for fagforeiningar om ulovleg
innleige, på alminneleg høyring. Høyringsfristen er 14. desember
2021.
Eit anna fleirtal,
alle unnateke medlemen frå Raudt, vil på denne bakgrunnen tilrå
at representantforslaget ikkje blir vedteke.
Medlemene i komiteen
frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet vil visa både til Innst.
355 L (2017–2018), jf. Prop. 73 L (2017–2018), og til Innst. 294 L
(2019–2020), jf. Prop. 61 LS (2019–2020), for ein gjennomgang av
historikken bak innstrammingane av innleigeføresegner og innføring
av naudsynte heimlar til Arbeidstilsynet i arbeidsmiljølova for
å handheva lovføresegner om innleige, som Stortinget gjorde vedtak om
under regjeringa Solberg.
Desse medlemene vil understreka
at det var stortingsvedtak nr. 547 av 15. mars 2018, jf. Innst.
131 S (2017–2018) og Innst. 132 L (2017–2018), som gav føringar
for kva regjeringa i den varsla proposisjonen om endringar i arbeidsmiljølova
om fast tilsetting, mellombels tilsetting i og innleige frå bemanningsføretak
skulle sikra. Stortinget sikra gjennom handsaming av Innst. 355
L (2017–2018) mellom anna at tilsette i bemanningsføretak skal vera
fast tilsette, og ikkje kunne vera mellombels tilsette slik regjeringa
føreslo i Prop. 73 L (2017–2018).
Desse medlemene vil vidare
understreka at det var stortingsvedtak nr. 821 av 4. juni 2018,
som gav regjeringa Solberg i oppdrag å utarbeida forslag til ein kontrollfunksjon
som skulle føra tilsyn med og gje pålegg om å treffa einskildvedtak
for å gjennomføra føresegnene i arbeidsmiljølova, for så å leggja
dette fram for Stortinget på eigna måte, som medførte at regjeringa Solberg
la fram lovforslag om handheving av innleige- og likebehandlingsreglane
våren 2020.
Desse medlemene vil vidare
visa til at alle lovforslaga som regjeringa Solberg la fram våren
2020 om å auka straffenivået for arbeidslivskriminalitet, og om
å innføra lovheimel for å etablera ei godkjenningsordning for verksemder
som tilbyr bilpleie, bilvask m.m., vart støtta av både Arbeidarpartiet
og Senterpartiet. Desse
medlemene viser til at begge desse partia over fleire år i
Stortinget har peika på manglande heimlar for å gje organa som inngår
i a-krimsamarbeidet, tilstrekkeleg høve til å dela opplysningar
som ikkje kan delast som følgje av avgrensingar i lova.
Desse medlemene ser fram til
at regjeringa legg fram det varsla lovforslaget sitt om styrking
av deltidstilsette sin rett til auka stillingsprosent gjennom å
lovfesta at arbeidsgjevarar som lyser ut ei deltidsstilling, må
dokumentera at det er eit reelt behov for deltid. Det store omfanget
av deltidskontraktar innan helse og omsorg og i varehandelen representerer
ein strukturell ukultur som rammar kvinnerike arbeidsplassar og
vanskeleggjer kvinner sitt økonomiske sjølvstende.
Komiteens medlemmer
fra Høyre og Fremskrittspartiet viser til forslagene fra Fougner-utvalget
som forslagsstillerne fremmer. Disse medlemmer avviser ikke
en diskusjon om utvidelse av arbeidsgiver- og arbeidstakerbegrepet
i arbeidsmiljøloven, eller hvorvidt det skal lovfestes en gjennomskjæringsregel. Disse medlemmer mener
imidlertid at alle forslag i Fougner-utvalget bør behandles samtidig
fremfor at de blir vedtatt stykkevis i ulike representantforslag. Disse medlemmer ser
frem til at regjeringen kommer tilbake med en helhetlig oppfølging
av Fougner-utvalgets utredning.
Disse medlemmer er helt uenige
med forslagsstillerne i deres syn på bemanningsbransjen og at det bør
være en statlig oppgave å skaffe arbeidskraft til samfunnskritiske
sektorer. Bemanningsbransjen er i all hovedsak en seriøs bransje
som bidrar til å skaffe næringslivet i hele Norge arbeidskraft,
i tillegg til å hjelpe mennesker med å få en fot innenfor i arbeidslivet. Disse medlemmer viser
til at seriøse bemanningsselskaper ivaretar den ansattes rettigheter,
påser at arbeidsforholdet er innenfor rammene av spillereglene i
arbeidslivet, og at de har arbeidsgiveransvar. Disse medlemmer viser til
at det, som overalt ellers, finnes useriøse aktører, og at enhver
useriøs eller ulovlig praksis må slås ned på. Disse medlemmer viser til
at regjeringen Solberg gjorde en rekke endringer i reglene for innleie
nettopp for å imøtekomme behovet for å reagere mot useriøse aktører.
Det ble blant annet skjerpet adgang til å inngå avtale om tidsbegrenset
innleie, virksomheten måtte heretter være bundet av tariffavtale
inngått med fagforening med innstillingsrett, og muligheten til
å ansette noen fast uten garanti for lønn ble fjernet. Straffenivået for
arbeidslivskriminalitet ble også skjerpet, Arbeidstilsynet har fått
myndighet til å slå ned på ulovlig innleie og brudd på likebehandlingsreglene,
det er gitt lovhjemmel for å etablere en godkjenningsordning for virksomheter
som tilbyr bilpleie, bilvask m.m., og det ble sendt på høring et
forslag til forskriftshjemmel som skal gi organene som inngår i
a-krimsamarbeidet, større adgang til å dele taushetsbelagte opplysninger. Disse medlemmer mener
det er drastisk å gå til det skritt å forby en hel bransje bare
fordi det finnes useriøse aktører. Det er et inngripende forslag
som inviterer til et rigid arbeidsliv, og som ikke imøtekommer de
behov som eksisterer både på arbeidsgiver- og arbeidstakersiden.
Disse medlemmer vil at arbeidslivet
skal være trygt, fleksibelt og familievennlig, med plass til alle.
Disse medlemmer vil understreke
at trepartssamarbeidet mellom arbeidsgivere, arbeidstakere og staten
er viktig, og at hovedregelen i norsk arbeidsliv er hele faste stillinger.
Det er grunnlaget for trygge arbeidsplasser. Disse medlemmer mener det
er viktig å legge til rette for at personer som jobber ufrivillig
deltid, får mulighet til å øke sin stillingsprosent, og vil spesielt peke
på det offentliges ansvar for gode arbeidsvilkår.
Disse medlemmer mener det
ikke er grunnlag for å forby bemanningsbransjen og fjerne den generelle adgangen
til midlertidige ansettelser som forslagsstillerne tar til orde
for i forslaget. Disse
medlemmer er av den oppfatning at innleie og midlertidige
ansettelser i noen tilfeller vil være nødvendig for å sikre fleksibilitet og
muligheter for både bedrifter og ansatte. Et eksempel kan være en
bedrift som er i oppstartsfasen, med usikre fremtidsutsikter og
usikkert behov for arbeidskraft lenger frem i tid. Samtidig kan
midlertidige ansettelser gi muligheter til å få arbeidserfaring
for grupper i samfunnet som i dag står utenfor arbeidslivet.
Komiteens medlem
fra Sosialistisk Venstreparti viser til at Sosialistisk Venstreparti
har programfestet å avvikle bemanningsbransjen. Dette medlem mener man må
sørge for at spesielt utsatte bransjer skjermes totalt inntil dette
er gjennomført, og at bruk av slik innleie for øvrig begrenses til
reelle vikariater. Dette
medlem mener vi fortsatt må tillate utvidet innleie mellom
reelle produksjonsbedrifter etter avtale med tillitsvalgte i fagforening
med innstillingsrett. Dette
medlem viser til at Sosialistisk Venstreparti har fremmet
forslag om å forby bemanningsbransjen ved flere anledninger, blant
annet i forbindelse med behandling av Innst. 97 L (2020–2021) jf.
Representantforslag 21 LS (2020–2021) fra Arbeiderpartiet om et
mer rettferdig arbeidsliv med faste stillinger. Dette medlem viser til at
Sosialistisk Venstreparti i sistnevnte innstilling fremmet følgende
forslag:
«Stortinget ber
regjeringen komme tilbake til Stortinget med en plan for å avvikle
bemanningsbransjen.»
Dette medlem er utålmodig
når det gjelder å få de kommersielle bemanningsbyråene ut av arbeidslivet,
og mener at gode løsninger for et ryddigere arbeidsliv haster.
Dette medlem viser til forslagene
som er fremmet i Representantforslag 15 LS (2021–2022) fra Rødt. Forslagene
om endringer i arbeidsmiljøloven baserer seg på forslagene fra Fougner-utvalgets
flertall (jf. NOU 2021:9 Den norske modellen og fremtidens arbeidsliv). Parallelt
med behandlingen er det et arbeid som foregår på bakgrunn av NOU
2021:9. Dette
medlem mener det er avgjørende at helt nødvendige grep i norsk
arbeidsliv tas raskt. Dette
medlem mener likevel behandlingen av disse spørsmålene må
avvente den politiske behandlingen av NOU 2021:9.
Dette medlem viser til at
det i høringen kom klart frem at høringsinstansene, særlig på arbeidstakersiden,
ønsker å avvente de pågående politiske prosessene som pågår parallelt.
Dette medlem understreker
viktigheten av et godt partssamarbeid og viser til høringen, hvor
det ble uttrykt et klart ønske om å se de ulike delene i representantforslaget
i sammenheng og behandle disse spørsmålene gjennom et grundig og
helhetlig lovarbeid. Dette
medlem tar innspillene fra en samlet fagbevegelse på alvor
og vil også fremheve lovarbeidets betydning som redskap for tillitsvalgte.
Komiteens medlem
fra Rødt viser til at innleie er ekstremt konsentrert i enkelte
næringer og geografiske områder. Det er nødvendig å få en bedre
og automatisk oversikt over utviklingen av innleie fra alle bemanningsforetak,
ikke bare de som er organisert i NHO Service og Handel, sortert
etter næring og fylke.
Dette medlem fremmer på denne
bakgrunn følgende forslag:
«Stortinget
ber regjeringen registrere utviklingen av innleie fra alle bemanningsforetak
og lage statistikk etter næring og fylke, inkludert andelen fra
EUs medlemsland, og å legge fram forslag til tiltak som forhindrer
at utviklingen man har sett i blant annet bygg- og anleggsbransjen,
sprer seg til andre sektorer.»
Dette medlem viser
til at Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti
gjentatte ganger har fremmet og stemt for forslaget om å forby bemanningsforetak
på byggeplasser i Oslo-regionen. Dette medlem viser til at
det er godt dokumentert at andelen innleide på byggeplasser i Oslo-området
er svært høy, fortrenger fast ansatte og bidrar til at organisasjonsgraden
synker, og mener at det haster å innføre et forbud.
Dette medlem fremmer på denne
bakgrunn følgende forslag:
«Stortinget
ber regjeringen som et strakstiltak innføre et forbud mot innleie
av arbeidskraft fra private virksomheter som ikke er produksjonsbedrifter,
på byggeplasser i de tidligere fylkene Oslo, Akershus, Østfold,
Buskerud og Vestfold, jf. arbeidsmiljøloven § 14-12 (5).»
Dette medlem mener
at et velorganisert arbeidsliv og et trygt familie- og samfunnsliv
er uforenlig med kommersiell utleie av arbeidskraft. Dette medlem mener
at all innleie fortrenger faste ansettelser og forringer lønns-
og arbeidsvilkår. Dette rammer de ansatte i bemanningsbyråene, men
bidrar også til at rekrutteringen til yrkesfagene faller, fordi
det ikke er attraktivt for ungdom å søke seg til bransjer med mye innleie
og dårlige lønns- og arbeidsforhold. Dette medlem mener at dette
er en farlig nedadgående spiral, hvor bedrifter og bransjer gjør
seg stadig mer avhengig av innleie fordi det er mangel på fagarbeidere. Dette medlem mener
at det haster å snu denne utviklingen, og at det er nødvendig at
det offentlige igjen tar det fulle ansvaret for arbeidsformidlingen.
Dette medlem fremmer på denne
bakgrunn følgende forslag:
«Stortinget
ber regjeringen fremme forslag som fører til økt grunnbemanning
og styrket offentlig arbeidsformidling, slik at virksomheter blir
sikret nødvendig arbeidskraft.»
«Stortinget
ber regjeringen fremme forslag om forbud mot innleie av arbeidskraft
fra private virksomheter som ikke er produksjonsbedrifter.»