Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Tove Elise Madland, Cecilie Myrseth, Even A. Røed og Truls Vasvik,
frå Høgre, Sandra Bruflot, Erlend Svardal Bøe og leiaren Tone Wilhelmsen
Trøen, frå Senterpartiet, Lisa Marie Ness Klungland og Hans Inge
Myrvold, frå Framstegspartiet, Bård Hoksrud og Morten Wold, frå Sosialistisk
Venstreparti, Marian Hussein, frå Raudt, Seher Aydar, frå Kristeleg
Folkeparti, Olaug Vervik Bollestad, og frå Pasientfokus, Irene Ojala,
er gjort merksam på dei forslaga til endringar som ligg til saka,
og gjev si tilslutning til dei endringane som kjem fram under dei
kapitla og postane som vert omtala.
Komiteen er opptatt av føreseielege
rammer for å sikra pandemihandteringa, i den kritiske fasen ein
er i, og særleg etter at det er påvist ny mutantsmitte.
Komiteen merker seg at fleire
av endringane i statsbudsjettet omhandlar usikkerheit og forskyving
av kostnader knytte til innkjøp og lagring av vaksinar og smittevernutstyr. Komiteen finn
det riktig å sikra stabilitet for den vidare handteringa og legg
til grunn føreslåtte bestillingsfullmakter.
Komiteen merkar seg òg ordninga
med å donere ubrukte vaksinedoser, gjennom Covax-samarbeidet, som
ein styrke i Noreg sitt internasjonale og humanitære bidrag overfor
andre nasjonar.
Komiteens medlemmer
fra Sosialistisk Venstreparti og Rødt mener at Norge bør arbeide for
et bredt patentunntak for covid-19-vaksiner, medisiner og medisinsk
utstyr.