Søk

Sammendrag

I proposisjonen legg Kunnskapsdepartementet fram forslag til endringar i statsbudsjettet for 2021.

Departementet foreslår i proposisjonen blant anna endringar under kap. 290 Integrerings- og mangfaldsdirektoratet, 291 Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar, 292 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar, 3291 Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar og 3292 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Det blir vist til omtale i proposisjonen av dei nemnde forslaga.

I denne innstillinga blir forslaga knytte til dei nemnde kapitla handsama. Dei andre forslaga i proposisjonen blir handsama av utdannings- og forskingskomiteen.