Søk

Sammendrag

I denne proposisjonen foreslår regjeringa naudsynte endringar i forsvarsbudsjettet for 2021 på utgifts- og inntektssida.

Regjeringa foreslår mellom anna å styrke operativ aktivitet i Forsvaret med midlar til tilrettelegging for mottak av dei nye maritime overvakingsflya P-8 på Evenes, kor dei første skal komme allereie i 2022. Regjeringa foreslår vidare å kompensere Sjøforsvaret for deltakinga på ei øving som Storbritannia hadde invitert til. Øvinga blei avlyst grunna covid-19-pandemien, men store delar av dei planlagde utgiftene var allereie komne. For at meirutgiftene ikkje skal få konsekvensar for annan operativ aktivitet er meirutgiftene til Sjøforsvaret foreslått dekkte. Midlane til desse formåla er foreslått henta ved å omdisponere i det gjeldande forsvarsbudsjettet. Vidare foreslår regjeringa å omdisponere midlar til vidareføring av ordninga med strategisk flymedisinsk evakuering med Scandinavian Airlines System.

Totalt utgjer omgrupperinga for 2021 ein foreslått auke i løyvinga til utgifter for Forsvarsdepartementet på 306,142 mill. kroner grunna ein foreslått auke i løyvinga til inntektene på same beløp.

I høve til saldert budsjett for 2021, med endringane gjorde av Stortinget i revidert nasjonalbudsjett for 2021, er det ei meirinntekt på 306,142 mill. kroner. Meirinntektene inneber ein parallell auke av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt i Innst. 7 S (2020–2021) til Prop. 1 S (2020–2021) under romartalsvedtak II.

Regjeringa foreslår at utgiftsramma blir auka med 306,142 mill. kroner, og at inntektsramma blir auka med 306,142 mill. kroner.

For ei nærmare omtale av endringane på kapittel- og postnivå blir det vist til proposisjonen.

Regjeringa orienterer òg om at Forsvarsbygg sumaren 2021 gjennomførte hogst i Trandumskogen, eit freda område med viktige kulturminne frå den andre verdskrigen. Forsvarsdepartementet har mottatt ein rapport frå undersøkingskommisjonen som departementet sette ned etter Forsvarsbyggs inngrep. Hovudkonklusjonen er at manglar i Forsvarsbyggs rutinar og prosedyrar og manglande etterleving av etablerte prosedyrar er årsak til hendinga. Forsvarsbygg skal setje i gong tiltak både på bakgrunn av kommisjonen sin anbefaling og som resultat av eigen gjennomgang.