I denne proposisjonen
foreslår regjeringa naudsynte endringar i forsvarsbudsjettet for
2021 på utgifts- og inntektssida.
Regjeringa foreslår
mellom anna å styrke operativ aktivitet i Forsvaret med midlar til
tilrettelegging for mottak av dei nye maritime overvakingsflya P-8
på Evenes, kor dei første skal komme allereie i 2022. Regjeringa foreslår
vidare å kompensere Sjøforsvaret for deltakinga på ei øving som
Storbritannia hadde invitert til. Øvinga blei avlyst grunna covid-19-pandemien,
men store delar av dei planlagde utgiftene var allereie komne. For
at meirutgiftene ikkje skal få konsekvensar for annan operativ aktivitet
er meirutgiftene til Sjøforsvaret foreslått dekkte. Midlane til
desse formåla er foreslått henta ved å omdisponere i det gjeldande
forsvarsbudsjettet. Vidare foreslår regjeringa å omdisponere midlar
til vidareføring av ordninga med strategisk flymedisinsk evakuering
med Scandinavian Airlines System.
Totalt utgjer omgrupperinga
for 2021 ein foreslått auke i løyvinga til utgifter for Forsvarsdepartementet
på 306,142 mill. kroner grunna ein foreslått auke i løyvinga til
inntektene på same beløp.
I høve til saldert
budsjett for 2021, med endringane gjorde av Stortinget i revidert
nasjonalbudsjett for 2021, er det ei meirinntekt på 306,142 mill.
kroner. Meirinntektene inneber ein parallell auke av utgiftsramma,
jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt i Innst.
7 S (2020–2021) til Prop. 1 S (2020–2021) under romartalsvedtak
II.
Regjeringa foreslår
at utgiftsramma blir auka med 306,142 mill. kroner, og at inntektsramma
blir auka med 306,142 mill. kroner.
For ei nærmare omtale
av endringane på kapittel- og postnivå blir det vist til proposisjonen.
Regjeringa orienterer
òg om at Forsvarsbygg sumaren 2021 gjennomførte hogst i Trandumskogen,
eit freda område med viktige kulturminne frå den andre verdskrigen.
Forsvarsdepartementet har mottatt ein rapport frå undersøkingskommisjonen
som departementet sette ned etter Forsvarsbyggs inngrep. Hovudkonklusjonen
er at manglar i Forsvarsbyggs rutinar og prosedyrar og manglande
etterleving av etablerte prosedyrar er årsak til hendinga. Forsvarsbygg
skal setje i gong tiltak både på bakgrunn av kommisjonen sin anbefaling
og som resultat av eigen gjennomgang.