1.1 Innleiing
I proposisjonen legg
Barne- og familiedepartementet (BFD) fram endringsforslag til statsbudsjettet
for 2021.
Kap.
840 Tiltak mot vald og overgrep
Post
70 Tilskot til valdsførebyggjande tiltak m.m., kan nyttast under post 21 og kap.
858 post 1
Løyvinga dekkjer
mellom anna utgifter til etablering av eit nasjonalt samisk kompetansesenter
for barnevern, familievern og krisesentertilbod. Den samla løyvinga
til senteret er 10 mill. kroner i 2021 fordelt på ulike postar,
sjå omtale under kap. 842 post 1 og kap. 854 post 61. Etableringa
er forsinka, mellom anna fordi det tek tid å rekruttere kvalifisert
personale. BFD føreslår å redusere løyvinga på kap. 840 post 70
med 0,5 mill. kroner.
Kap.
841 Samliv og konfliktløysing
Post
21 Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving
Prognosen for bruk
av meklarar utanom familievernet er høgare enn lagt til grunn i
gjeldande budsjett. BFD føreslår derfor å auke løyvinga under kap.
841 post 21 med 1,1 mill. kroner.
Post
22 Opplæring, forsking, utvikling m.m.
Løyvinga dekkjer
tiltak knytte til samliv og konfliktløysing. Det er venta lågare
utgifter enn løyvinga på posten. Årsaka er i hovudsak at koronapandemien
har ført til lågare utgifter til Domstoladministrasjonens arbeid med
å heve kompetansen ved domstolane i foreldretvistar etter barnelova.
BFD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 841 post 22 med
1 mill. kroner.
Post
23 Refusjon av utgifter til DNA-analysar, overslagsløyving
Prognosen for talet
på DNA-analysar til fastsetjing av farskap er lågare enn lagt til
grunn i gjeldande budsjett. BFD føreslår derfor å redusere løyvinga
under kap. 841 post 23 med 0,4 mill. kroner.
Post
70 Tilskot til samlivstiltak, kan nyttast under kap. 842 post 1
og kap. 858 post 1
Løyvinga dekkjer
mellom anna utgifter til tilskotsordninga til samlivskurs for fyrstegongsforeldre.
Ordninga blei etablert i 2020. Grunna virusutbrotet har det vore
krevjande å gjennomføre fysiske kurs. BFD føreslår derfor å redusere
løyvinga på kap. 841 post 70 med 4 mill. kroner.
Post
1 Driftsutgifter, kan
nyttast under post 70
Løyvinga dekkjer
mellom anna utgifter til etablering av eit nasjonalt samisk kompetansesenter
for barnevern, familievern og krisesentertilbod. Etableringa av senteret
er forsinka, sjå nærare omtale under kap. 840 post 70. BFD føreslår
å redusere løyvinga på kap. 842 post 1 med 2,3 mill. kroner.
Post
70 Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving
Prognosen for talet
på utanlandsadopsjonar er lågare enn lagt til grunn i gjeldande
budsjett. BFD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 843
post 70 med 1,7 mill. kroner.
Post
70 Tilskot, overslagsløyving
Talet på mottakarar
av kontantstøtte har til no i år vore lågare enn tidlegare lagt
til grunn. Utgiftene i 2021 blir no rekna til 1 440 mill. kroner.
BFD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 844 post 70 med
50 mill. kroner.
Post
70 Tilskot, overslagsløyving
Talet på mottakarar
av barnetrygd har til no i år vore lågare enn tidlegare lagt til
grunn. Utgiftene i 2021 blir no rekna til 17 360 mill. kroner. BFD
føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 845 post 70 med 100
mill. kroner.
Kap.
846 Familie- og oppveksttiltak
Post
21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 61, post 62
og post 71
Arbeidet med utvikling
av den tekniske løysinga for fritidskortet er forsinka, og Bufdir
reknar derfor eit mindreforbruk i 2021 på 30 mill. kroner. Regjeringa
sitt forslag i Prop. 1 S Tillegg 1 (2021–2022) inneber at arbeidet med
utvikling av teknisk løysing blir avslutta i 2021.
BFD føreslår derfor
å redusere løyvinga under kap. 846 post 21 med 30 mill. kroner.
Post
61 Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge, kan nyttast under
post 71
Løyvinga blir mellom
anna nytta til prøveprosjekt med nasjonal fritidskortordning der
barn og unge skal få dekt utgifter knytte til fritidsaktivitetar.
Det blir eit mindreforbruk i inneverande år på 50 mill. kroner fordi ikkje
alle barn og unge i utprøvingskommunane har nytta seg av ordninga.
BFD føreslår derfor
å redusere løyvinga under kap. 846 post 61 med 50 mill. kroner.
Post
70 Barne- og ungdomsorganisasjonar
Løyvinga dekkjer
mellom anna tilskotet til Mangfald og inkludering til Landsrådet
for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU). På grunn av pandemien
fekk ikkje LNU brukt opp alle midlane i 2020. Restmidlane blei overførte
frå 2020 til 2021, og tilskotet til LNU i 2021 er derfor avkorta
med tilsvarande sum.
BFD føreslår derfor
å redusere løyvinga under kap. 846 post 70 med 1,2 mill. kroner.
Post
79 Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid m.m., kan overførast
Løyvinga dekkjer
mellom anna tilskotet til Barentssekretariatet i Kirkenes for å
fremme ungdomssamarbeid i Barentsregionen. På grunn av pandemien
fekk ikkje Barentssekretariatet brukt opp alle midlane i 2020. Restmidlane
blei overførte frå 2020 til 2021, og tilskotet til Barentssekretariatet
i 2021 er derfor avkorta med tilsvarande sum.
BFD føreslår derfor
å redusere løyvinga under kap. 846 post 79 med 1,1 mill. kroner.
Kap.
854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet
Post
21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71
Utgifter til nytt
opplæringsprogram om minoritetar i kommunalt barnevern og vidareutdanningar
retta mot tilsette i kommunalt barnevern er løyvd over kap. 854
post 72. Opplæringsprogrammet og fire av vidareutdanningane er gjennomførte
som offentlege innkjøp. For å sikre korrekt postbruk føreslår BFD
å auke kap. 854 post 21 med 16,8 mill. kroner mot ein tilsvarande
reduksjon av kap. 854 post 72.
Post
61 Utvikling i kommunane
På grunn av forsenkingar
med etableringa av nasjonalt samisk kompetansesenter for barnevern,
familievern og krisesentertilbod vil det ikkje bli utbetalt tilskot til
kommunane i 2021. BFD føreslår derfor å redusere løyvinga på posten
med 0,5 mill. kroner.
Løyvinga på posten
dekkjer òg drifta av ei chatteteneste som høyrer til Alarmtelefonen
for barn og unge, som Kristiansand kommune har ansvar for å drive.
I nysalderinga for 2020 blei det løyvd 150 000 kroner i tilskot
til Alarmtelefonen for å dekkje utgifter til auka bemanning i juleferien
til skulane. Ved ein feil blei ikkje tilskotet på 150 000 utbetalt
til Alarmtelefonen før i 2021. For å dekkje meirutgiftene dette
fører til på posten i 2021, føreslår BFD å auke løyvinga med 150 000
kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 858 post 1. Sjå omtale
under kap. 858 post 1.
BFD føreslår samla
å redusere posten med 350 000 kroner.
Post
72 Tilskot til forsking og kompetanseutvikling i barnevernet, kan overførast, kan
nyttast under post 21
Utgifter til nytt
opplæringsprogram om minoritetar i kommunalt barnevern og vidareutdanningar
retta mot tilsette i kommunalt barnevern er gjennomførte som offentlege
innkjøp. For å sikre korrekt postbruk føreslår BFD å redusere posten
med 16,8 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 854 post
21.
Kap. 855 Statleg forvalting
av barnevernet
Post 1 Driftsutgifter, kan nyttast under
post 22 og post 60
I statsbudsjettet
for 2021 er det løyvd 25 mill. kroner til tverrfagleg utgreiing
av barn som skal plasserast utanfor heimen, i eit samarbeid mellom
barnevern og helse. Av dette er 15,2 mill. kroner løyvd over kap.
855 post 1. Arbeidet med å etablere tverrfaglege helsekartleggingsteam
er i gang. Bufetats regionar har tilsett eller er i ferd med å tilsetje
medarbeidarar som skal planleggje og gjennomføre kartlegginga.
Nokre av teama er
forsinka med etableringa, særleg grunna utfordringar i tilgongen
på helsepersonell. BFD føreslår derfor å redusere løyvinga til tverrfagleg
helsekartlegging på kap. 855 post 1 med 2,5 mill. kroner i 2021.
Kap. 3855 Statleg forvalting
av barnevernet
Post 1 Diverse inntekter
Løyvinga på posten
er 3,1 mill. kroner. Inntektene på posten er i hovudsak tilfeldige
inntekter, til dømes inntekter frå sal av driftsmiddel og kursinntekter.
Sal av bilar har gitt meirinntekter på 3 mill. kroner i 2021. BFD føreslår
å auke løyvinga på posten med 3 mill. kroner.
Post 2 Barnetrygd
Løyvinga på posten
er om lag 4 mill. kroner. Inntektene på posten er barnetrygd for
barn under omsorg av barnevernet. Talet på barn under omsorg er
lågare enn lagt til grunn for inntektene. BFD føreslår derfor å
redusere kap. 3855 post 2 med 0,7 mill. kroner.
Post 60 Kommunale eigendelar
Løyvinga på posten
kjem frå kommunale eigendelar for tiltak i det statlege barnevernet.
Aktiviteten i det statlege barnevernet har i 2021 vore lågare enn
tidlegare lagt til grunn. Eit lågare tal på opphaldsdagar gir reduserte
inntekter. BFD føreslår derfor å redusere kap. 3855 post 60 med
20 mill. kroner.
Kap. 856 Barnevernets omsorgssenter
for einslege, mindreårige asylsøkjarar
Post 1 Driftsutgifter, kan nyttast under
kap. 855 post 1
Løyvinga legg til
rette for drift av 50 plassar. Talet på barn i sentera var lågt
i fyrste halvdel av 2021. Dette har gitt lågare utgifter enn lagt
til grunn for løyvinga. BFD føreslår derfor å redusere kap. 856
post 1 med 15 mill. kroner.
Kap. 3856 Barnevernets omsorgssenter
for einslege, mindreårige asylsøkjarar
Post 4 Refusjon av ODA-godkjende
utgifter
Innanlandske utgifter
knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan, ifølgje statistikkdirektivet til
OECD/DAC, godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Ifølgje retningslinjene
frå OECD/DAC er det berre utgifter det fyrste året som kan godkjennast.
Det er i gjeldande budsjett lagt til grunn at 100 pst. av barna
i omsorgssentera har butid under eitt år i 2021. Oppdatert informasjon
viser at nokre av barna vil ha butid over eitt år. Dei totale utgiftene
har òg vore lågare enn lagt til grunn for berekning av løyvinga.
BFD føreslår derfor å redusere kap. 3856 post 4 med 21,1 mill. kroner.
Kap. 858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
og fellesfunksjonar i Barne-, ungdoms- og familieetaten
Post 1 Driftsutgifter
Løyvinga dekkjer
mellom anna lønn og andre driftsutgifter i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir).
BFD føreslår å redusere løyvinga på posten med 150 000 kroner mot
ein tilsvarande auke på kap. 854 post 61. Sjå omtale under kap.
854 post 61.
Kap. 865 Forbrukarpolitiske
tiltak
Post 71 Tilskot til Reisegarantifondet
Løyvinga på posten
skal dekkje utgifter til reisegaranti etter konkurs dersom det viser
seg at garantiane som pakkereisearrangørane har stilte er utilstrekkelege til
å dekkje krava frå dei reisande. Ordninga vart oppretta som følgje
av pandemien. Løyvinga på posten skal òg dekkje ei mellombels og
avgrensa kompensasjonsordning. Kompensasjonsordninga skal dekkje
krav frå reisande som ikkje blir omfatta av reisegarantiordninga fordi
arrangørane gjekk konkurs etter at reisene vart avlyste eller avbestilte,
men før dei reisande hadde fått attende sine innbetalte forskot.
På bakgrunn av oppdaterte
overslag frå Reisegarantifondet føreslår BFD å redusere løyvinga
på posten med 130 mill. kroner i 2021.
Kap. 881 Tilskot til trussamfunn
m.m.
Post 75 Tilskot til private
kyrkjebygg
Berre sju søknader
fall inn under ordninga i 2021. Det blei tildelt om lag 2,2 mill.
kroner i tilskot.
BFD føreslår på
denne bakgrunn å redusere posten med 3,1 mill. kroner.
Kap. 882 Kyrkjebygg og gravplassar
Post 60 Rentekompensasjon –
kyrkjebygg, kan overførast
Løyvinga på posten
skal dekkje beløp tilsvarande renteutgiftene for dei investeringskostnadene
som det er gitt tilsegn om kompensasjon for i perioden 2005–2019.
Oppdatert overslag for rentenivået i ordninga viser at utbetalinga
av rentekompensasjon for 2021 vil bli på om lag 10 mill. kroner.
BFD føreslår derfor
å redusere løyvinga med 10 mill. kroner.
Post 70 Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving
Utgiftene til foreldrepengar
ved fødsel i 2021 blir no rekna til 21 330 mill. kroner. Dette er
440 mill. kroner høgare enn gjeldande budsjett. Auken skuldast i
hovudsak at fleire foreldre enn tidlegare er venta å få foreldrepengar
i 2021, mellom anna på grunn av høgare fødselstal. BFD føreslår
derfor å auke løyvinga under kap. 2530 post 70 med 440 mill. kroner.
Post 72 Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving
Utbetalingane til
feriepengar av foreldrepengar har til no i år vore noko lågare enn
tidlegare lagt til grunn. Utgiftene i 2021 blir no rekna til 535
mill. kroner. BFD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap.
2530 post 71 med 20 mill. kroner.
Post 73 Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving
Talet på mottakarar
av foreldrepengar ved adopsjon har til no i år vore noko lågare
enn tidlegare lagt til grunn. Utgiftene i 2021 blir no rekna til
30 mill. kroner. BFD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap.
2530 post 73 med 7 mill. kroner.