Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Tove Elise Madland, Cecilie Myrseth, Even A. Røed og Truls Vasvik,
frå Høgre, Sandra Bruflot, Erlend Svardal Bøe og leiaren Tone Wilhelmsen
Trøen, frå Senterpartiet, Lisa Marie Ness Klungland og Hans Inge
Myrvold, frå Framstegspartiet, Bård Hoksrud og Morten Wold, frå Sosialistisk
Venstreparti, Marian Hussein, frå Raudt, Seher Aydar, frå Kristeleg
Folkeparti, Olaug Vervik Bollestad, og frå Pasientfokus, Irene Ojala,
syner til dei føreslåtte endringane i statsbudsjettet for 2021,
for å sikre utrulling av vaksinar og eit vaksinasjonsprogram som
skal tilby særlege risikogrupper gratis influensavaksine. FHI har
tidlegare varsla om at det kan bli ein kraftig RS-virus- og influensasesong,
grunna at fleire smittestoff nesten har vore fråverande sidan utbrotet
av covid-19.
Komiteen vil
særleg vise til målsetnaden om minimum 75 pst. vaksinasjonsdekning
innan målgruppene. Erfaringstal frå influensavaksinasjon for sesongen 2020/21
var på 48 pst. dekning for personar over 65 år. Dei føreslåtte endringane
frå regjeringa vil potensielt sikre 100 pst. vaksinasjonsdekning
for målgruppene, og 75 pst. for helsepersonell.
Komiteen vil
difor understreke viktigheita av at kommunar sikrar ei effektiv
og dynamisk organisering av vaksinetilbodet. Komiteen er
særleg oppteken av at tredje vaksinedose for koronavaksine innan
målgruppa for personar over 65 år og andre vaksinedose for ungdom
må sikrast i tida fram til jul. Gjennom ein totalberedskap i kommunane
på inntil 200 000 dosar per veke vil dette sikre totaliteten i dette
arbeidet. Komiteen syner
elles til statsministeren si utgreiing om covid-19-handteringa til
Stortinget den 30. november 2021, med ein tydeleg strategi for tredjedose
og ei utviding av denne til å gjelde for personar over 45 år og
ein kapasitet på inntil 400 000 dosar per veke i tida fram til påske. Komiteen syner til dei endringane som
er føreslått under kap. 571 som gjeld rammetilskot for kommunane,
med ein auke i løyvinga på i alt 528 mill. kroner, som òg tek høgde
for dei meirkostnadene som er gjeldande for avtalt beredskap.
Komiteen registrerer
at forslaget òg vil omfatte endringar i forskrift om nasjonalt vaksinasjonsprogram,
slik at det i perioden 1. oktober 2021 til 30. juni 2022 ikkje kan
takast betalt for vaksine og vaksinasjon for personar i risikogruppene,
ut over høvet til å krevje eigenandel og utløyse takst etter nye
mellombelse føresegner i forskrift 25. juni 2021 nr. 2226.
Komiteen ser
at dette vil omfatte auka press på legetenesta og fastlegeordninga
i perioden, i ei tid der det er store utfordringar knytte til desse
tenestene. Ein bør difor ha særleg merksemd på berekrafta i gjennomføringa,
og sikre tett dialog med kommunar og legetenesta i dette arbeidet.
Komiteen sluttar
seg til totaliteten i dei føreslåtte endringane i statsbudsjettet
for kap. 710, kap. 3710, kap. 2752, kap. 2755 og kap. 571.