Søk

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Tove Elise Madland, Cecilie Myrseth, Even A. Røed og Truls Vasvik, frå Høgre, Sandra Bruflot, Erlend Svardal Bøe og leiaren Tone Wilhelmsen Trøen, frå Senterpartiet, Lisa Marie Ness Klungland og Hans Inge Myrvold, frå Framstegspartiet, Bård Hoksrud og Morten Wold, frå Sosialistisk Venstreparti, Marian Hussein, frå Raudt, Seher Aydar, frå Kristeleg Folkeparti, Olaug Vervik Bollestad, og frå Pasientfokus, Irene Ojala, syner til dei føreslåtte endringane i statsbudsjettet for 2021, for å sikre utrulling av vaksinar og eit vaksinasjonsprogram som skal tilby særlege risikogrupper gratis influensavaksine. FHI har tidlegare varsla om at det kan bli ein kraftig RS-virus- og influensasesong, grunna at fleire smittestoff nesten har vore fråverande sidan utbrotet av covid-19.

Komiteen vil særleg vise til målsetnaden om minimum 75 pst. vaksinasjonsdekning innan målgruppene. Erfaringstal frå influensavaksinasjon for sesongen 2020/21 var på 48 pst. dekning for personar over 65 år. Dei føreslåtte endringane frå regjeringa vil potensielt sikre 100 pst. vaksinasjonsdekning for målgruppene, og 75 pst. for helsepersonell.

Komiteen vil difor understreke viktigheita av at kommunar sikrar ei effektiv og dynamisk organisering av vaksinetilbodet. Komiteen er særleg oppteken av at tredje vaksinedose for koronavaksine innan målgruppa for personar over 65 år og andre vaksinedose for ungdom må sikrast i tida fram til jul. Gjennom ein totalberedskap i kommunane på inntil 200 000 dosar per veke vil dette sikre totaliteten i dette arbeidet. Komiteen syner elles til statsministeren si utgreiing om covid-19-handteringa til Stortinget den 30. november 2021, med ein tydeleg strategi for tredjedose og ei utviding av denne til å gjelde for personar over 45 år og ein kapasitet på inntil 400 000 dosar per veke i tida fram til påske. Komiteen syner til dei endringane som er føreslått under kap. 571 som gjeld rammetilskot for kommunane, med ein auke i løyvinga på i alt 528 mill. kroner, som òg tek høgde for dei meirkostnadene som er gjeldande for avtalt beredskap.

Komiteen registrerer at forslaget òg vil omfatte endringar i forskrift om nasjonalt vaksinasjonsprogram, slik at det i perioden 1. oktober 2021 til 30. juni 2022 ikkje kan takast betalt for vaksine og vaksinasjon for personar i risikogruppene, ut over høvet til å krevje eigenandel og utløyse takst etter nye mellombelse føresegner i forskrift 25. juni 2021 nr. 2226.

Komiteen ser at dette vil omfatte auka press på legetenesta og fastlegeordninga i perioden, i ei tid der det er store utfordringar knytte til desse tenestene. Ein bør difor ha særleg merksemd på berekrafta i gjennomføringa, og sikre tett dialog med kommunar og legetenesta i dette arbeidet.

Komiteen sluttar seg til totaliteten i dei føreslåtte endringane i statsbudsjettet for kap. 710, kap. 3710, kap. 2752, kap. 2755 og kap. 571.