Innstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Endringar i statsbudsjettet 2021 under Helse- og omsorgsdepartementet (som følgje av endra takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar)

Søk
Til Stortinget

Sammendrag

Helse- og omsorgsdepartementet gjer framlegg om at departementet får fullmakt til å gjere endringar i basistilskot, driftstilskot og folketrygdrefusjonar for legehjelp, psykologhjelp og fysioterapi frå 1. juli 2021. Endringane for legehjelp og psykologhjelp vert gjort på grunnlag av forhandlingar med Den norske legeforening og Norsk Psykologforening. Endringane for fysioterapi vert gjort på grunnlag av forhandlingar med dei tre fysioterapeutorganisasjonane Norsk Fysioterapeutforbund, Norsk Manuellterapeutforening og Privatpraktiserende Fysioterapeuters Forbund. Endringar i refusjonstakstane blir fastsett i forskrifter. Forhandlingane med dei nemnde organisasjonane er enno ikkje avslutta.

Regjeringa vil kome attende til Stortinget med framlegg om eventuelle løyvingsendringar.

Basistilskot, driftstilskot og takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar vert fastsett for perioden 1. juli til 30. juni påfølgjande år.

Tingingane med Den norske legeforening og staten, KS og dei regionale helseføretaka om basistilskot, driftstilskot og takstar for tidsrommet 1. juli 2021–30. juni 2022, tok til 12. mai 2021. Tingingane mellom fysioterapeutorganisasjonane og staten og KS om driftstilskot og takstar starta 12. mai. Tingingane om driftstilskot og takstar mellom Norsk Psykologforening og staten og dei regionale føretaka starta 19. mai. Ingen av desse forhandlingane er avslutta. Partane held fram tingingane med sikte på å nå fram til avtalar i løpet av juni.

Spørsmålet om eventuelle endringar i utgiftene til kommunar, regionale helseføretak og folketrygda frå 1. juli på bakgrunn av forhandlingane med Den norske legeforening, Norsk Psykologforening og fysioterapeutorganisasjonane kan ikkje leggjast fram for Stortinget til handsaming i vårsesjonen. Regjeringa gjer difor framlegg om at det blir gitt fullmakt til å gjere endringar i budsjetta til dei regionale helseføretaka, trygderefusjonane og løyvingane til kommunane som følgje av forhandlingane, samt endra forskrifter. Løyvingssakene vil bli lagt fram for Stortinget seinare.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Tore Hagebakken, Ingvild Kjerkol, Hege Haukeland Liadal, Tuva Moflag og Tellef Inge Mørland, fra Høyre, Erlend Larsen, Mari Holm Lønseth, Sveinung Stensland og Camilla Strandskog, fra Fremskrittspartiet, Kari Kjønaas Kjos og Morten Stordalen, fra Senterpartiet, Kjersti Toppe, fra Sosialistisk Venstreparti, Nicholas Wilkinson, fra Venstre, Carl-Erik Grimstad, og fra Kristelig Folkeparti, lederen Geir Jørgen Bekkevold, viser til proposisjonen og slutter seg til at departementet får fullmakt til å gjøre endringer i statsbudsjettet under Helse- og omsorgsdepartementet for 2021 som følge av endrede takster for legehjelp, psykologhjelp og fysioterapi fra 1. juli 2021.

Komiteens tilråding

Komiteens tilråding fremmes av en samlet komité.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

Stortinget samtykker i at Helse- og omsorgsdepartementet får fullmakt til å gjere endringar i løyvingane til dei regionale helseføretaka, kommunane og trygderefusjonane for legehjelp, psykologhjelp og fysioterapi frå 1. juli 2021. Endringane vil bli gjort på bakgrunn av forhandlingane med Den norske legeforening og Norsk Psykologforening og Norsk Fysioterapeutforbund, Norsk Manuellterapeutforening og Privatpraktiserende Fysioterapeuters Forbund.

Oslo, i helse- og omsorgskomiteen, den 8. juni 2021

Geir Jørgen Bekkevold

leder og ordfører