Merknad
1. Samandrag
Samferdselsdepartementet legg i proposisjonen fram nokre saker som gjeld luftfart, veg, særskilde transporttiltak og jernbane. Det blir foreslått nye og endra kostnadsrammer for ny lufthamn ved Mo i Rana, i to vegprosjekt og to jernbaneprosjekt, og fullmakt til å valutakursjustere kostnadsramma for kjøp av 30 nye lokaltog. Vidare vert det i proposisjonen gjort greie for oppfølginga av tre oppmodingsvedtak, vedtak nr. 167 (2020–2021), 3. desember 2020, vedtak nr. 213 (2020–2021), 8. desember 2020 og vedtak nr. 597 (2020–2021), 9. februar 2021.
Det vert òg i proposisjonen orientert m.a. om nedlegging av Namsosbana og Valdresbana.
Ein visar til proposisjonen for nærare omtale av dei ulike forslaga og sakene.