1.4 Fisket etter avtalane i 2019 og 2020
Norske fiskarar
utnyttar generelt kvotane godt, og for dei kommersielt viktigaste
bestandane blir kvotane nytta så godt som fullt ut, jf. tabell 1.1.
Tabell 1.1 Norsk utnytting av dei
kommersielt viktigaste kvotane i 2019 og 2020
|
Utnyttingsgrad1
|
|
2019
|
2020
|
Barentshavet, Noreg
– Russland
|
|
|
Torsk
|
98
pst.
|
96
pst.
|
Hyse
|
109
pst.
|
82
pst.
|
Nordsjøen og Skagerrak,
Noreg – EU
|
|
|
Sild
|
114
pst.
|
104
pst.
|
Sei
|
105
pst.
|
97
pst.
|
Fleirpartsavtalar
|
|
|
Norsk
vårgytande sild (nvg-sild)
|
100
pst.
|
103
pst.
|
Makrell
|
104
pst.
|
99
pst.
|
Kolmule
|
99
pst.
|
98
pst.
|
1 Oversikta tek
ikkje omsyn til overføringar mellom år (kvotefleksibilitet), men
tek utgangspunkt i fangst og kvote i det einskilte året. For fiskeslaga
i tabellen kan ein normalt overføre inntil 10 pst. av kvotane mellom
år. Avvik frå full utnytting tyder altså ikkje nødvendigvis at kvotane
ikkje blir fiska opp eller er overfiska.
Tilgangen
til å fiske i andre land sine soner blir nytta i ulik grad. Til
dømes nyttar Noreg sonetilgangen i russisk sone lite, då vi har
god tilgang i eiga sone på dei fleste bestandane vi deler med Russland.
Noreg nyttar kvoten av torsk i Norskehavet og Barentshavet fullt
ut kvart år, medan deler av hysekvoten ikkje er fullt utnytta dei
seinare åra.
Noreg nytta heile
den norske sildekvoten. Når det gjeld torskebestanden i Nordsjøen,
minkar denne, og kvoten for 2020 vart halvert samanlikna med kvoten
i 2019. Ifølgje offisiell fangststatistikk har EU i dei seinare åra
nytta fellesbestandane i Nordsjøen relativt godt, det same gjeld
kvotane dei har i norsk sone nord for 62°N.
I EU-farvatna vart
dei norske kvotane av dei pelagiske artane kolmule, augepål og havbrisling
godt nytta. Fisket til dei norske linefartøya på fiskeslaga lange
og brosme har vore på eit tradisjonelt nivå, likevel med ein nedgang
i langefiskeria. Det norske fisket i Skagerrak har dei siste åra
i hovudsak vore konsentrert om reker og sild. EU har fiska mest
av artane torsk, raudspette, sild og reker i Skagerrak. Sverige
har stort sett nytta kvotene sine i norsk økonomisk sone godt.
Alle kyststatane
har nytta kvotane sine av dei pelagiske artane norsk vårgytande
sild, kolmule og makrell godt. Det har diverre ikkje blitt opna
for eit loddefiske sesongen 2018–2019 og 2019–2020 ved Island, Grønland
og Jan Mayen. Etter to sesongar utan loddefiske vart det funne grunnlag
for å opne for eit loddefiske sesongen 2020/2021. TAC vart auka
fleire gonger, for til slutt å ende på 127 300 tonn lodde. Norsk
kvote inkludert alle kvotekomponentar vart på 41 808 tonn lodde. Det
har vore stor etterspørsel etter lodde, noko som har ført til svært
gode prisar for fiskeflåten. Det har ikkje vore opna for loddefiske
i Barentshavet i 2019 og 2020.
Kapittel 5 i meldinga
rapporterer om fisket etter dei ulike avtalane, med vekt på norsk
utnytting av kvotane.