Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Fredric Holen Bjørdal, Svein Roald Hansen, Ingrid Heggø, Eigil Knutsen
og Julia Wong, frå Høgre, Elin Rodum Agdestein, leiaren Mudassar
Kapur, Anne Kristine Linnestad, Vetle Wang Soleim og Aleksander
Stokkebø, frå Framstegspartiet, Morten Ørsal Johansen, Hans Andreas Limi
og Sylvi Listhaug, frå Senterpartiet, Sigbjørn Gjelsvik og Trygve
Slagsvold Vedum, frå Sosialistisk Venstreparti, Kari Elisabeth Kaski,
frå Venstre, Ola Elvestuen, frå Kristeleg Folkeparti, Tore Storehaug, frå
Miljøpartiet Dei Grøne, Per Espen Stoknes, og frå Raudt, Bjørnar
Moxnes, viser til at EU i mai 2019 vedtok nye reglar for bankar
og andre kredittinstitusjonar om mellom anna kapitalkrav og krisehandtering.
Samla vert desse gjerne omtala som EUs bankpakke.
Fleirtalet i komiteen,
alle unnateke medlemene frå Senterpartiet, viser til at desse reglane
har som ambisjon å klargjere reguleringa, justere reglar som har hatt
utilsikta verknadar for einskilde føretak, og gjere det enklare
for mindre og ikkje-komplekse føretak å oppfylle krav til m.a. informasjonsplikt.
Fleirtalet viser til at gjeldande
norsk regelverk må endrast for å gjennomføre forventa EØS-reglar
som svarar til EUs bankpakke, og Prop. 147 LS (2020–2021) som finanskomiteen
no har til behandling, er framlegget frå regjeringa til korleis
rettsaktene kan gjennomførast i norsk rett. I denne innstillinga
handsamar finanskomiteen samtykke til å ta del i ei komande avgjerd
i EØS-komiteen om innlemming av rettsakta CRR2 og forordning (EU)
2020/873 i EØS-avtalen, jf. Grunnlova § 26 andre ledd. Proposisjonen
sine forslag til endringar i finansføretakslova, verdipapirhandellova
og finanstilsynslova vert handsama i Innst. 552 L (2020–2021).
Fleirtalet merker seg at rettsaktene
CRR2, CRD5, BRRD2 samt forordning (EU) 2020/873 ikkje enno er handsama
av EØS-komiteen. Framlegget her inneber derfor førtidig gjennomføring
av forventa EØS-reglar. Fleirtalet viser
til at regjeringa vil kome tilbake til Stortinget i ein seinare
proposisjon og be om samtykke til godkjenning av innlemming av direktiva
CRD5 og BRRD2. Fleirtalet viser
til at handsaming av samtykke derfor i denne omgang dreier seg om
CRR2 og forordning (EU) 2020/873, som er føreslått gjennomført i norsk
rett ved inkorporasjon i CRR/CRD IV-forskrifta, i tråd med dagens
regelverksstruktur.
Eit anna fleirtal,
alle unnateke medlemene frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti
og Raudt, er oppteke av å unngå eit langvarig konstitusjonelt atterhald
eller utsetjing av innlemming av desse rettsaktene. For dette fleirtalet er
det avgjerande å sikre at norske finansføretak er underlagde reglar
som i størst mogleg grad svarar til reglane for utanlandske finansføretak i
EU. Dette fleirtalet viser
til at regjeringa i proposisjonen ber om Stortingets samtykke, og
sluttar seg til dette. Dette
fleirtalet vil samstundes understreke at dersom den endelege
avgjerda i EØS-komiteen skulle avvike vesentleg frå utkastet i proposisjonen,
må saka bli lagd fram for Stortinget på nytt.
Komiteens medlemmer
fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Rødt påpeker at
det i denne proposisjonen bes om samtykke til innlemmelse av CRR2
og forordning (EU) 2020/873. Disse medlemmer understreker
at dette er EØS-relevante rettsakter som så langt ikke er behandlet
i EØS-komiteen. Det bes således om forhåndssamtykke til innlemmelse
av disse forordningene i EØS-avtalen.
På prinsipielt grunnlag
mener disse medlemmer det
er feil at Stortinget gir slikt samtykke før EØS-komiteen har behandlet
saken og det foreligger en EØS-komitébeslutning som Stortinget konkret
kan ta stilling til innholdet i.
Disse medlemmer viser for øvrig
til merknader i Innst. 552 L (2020–2021).
Disse medlemmer fremmer på
denne bakgrunn følgende forslag:
«Prop.
147 LS (2020–2021) sendes tilbake til regjeringen.»