Innstilling frå utanriks- og forsvarskomiteen om Investeringar i Forsvaret og andre saker

Dette dokument

Til Stortinget

Samandrag

Føremålet med denne proposisjonen er å be om Stortingets godkjenning til å starte opp fire (4) nye investeringsprosjekt, endre omfanget på eit (1) investeringsprosjekt, justere rammevilkåra for eit skytefelt, motta ei gåve for å fullfinansiere eit forprosjekt, og å orientere Stortinget om fem andre saker.

Utgangspunktet for godkjenning av investeringsprosjekta i Forsvaret er dei årlege budsjettproposisjonane (Prop. 1 S). Denne proposisjonen fyller såleis ut budsjettproposisjonen.

Dei nye investeringsprosjekta som proposisjonen omtalar, er ifølgje regjeringa alle i samsvar med inneverande langtidsplan for forsvarssektoren. Investeringsprosjekta sine utgifter blir haldne på kapittel 1710 og kapittel 1760 avhengig av om det er eigedoms-, bygge- og anleggsprosjekt eller om det er materiellprosjekt.

Proposisjonen har følgjande innhald:

  • Godkjenning av kostnadsramme for eit (1) nytt felles materiell- og eigedoms-, bygge- og anleggsprosjekt: Oppgradering av VLF-stasjon Novik.

  • Godkjenning av kostnadsramme for eit (1) nytt materiellprosjekt: F-35-oppgraderingar.

  • Godkjenning av kostnadsramme for to (2) nye eigedoms-, bygge- og anleggsprosjekt: Ørland – utbetring av hovudrullebanen, og Porsangmoen – bustadar og forlegningar.

  • Godkjenning av omfangsendring av eit (1) pågåande materiellprosjekt: Vidareføring NSM, hovudvedlikehald og suppleringskjøp.

  • Godkjennning av endring av rammevilkåra for Regionfelt Østlandet.

  • Godkjenning av mottak av gåve frå venneeininga ved Noregs Heimefrontmuseum.

  • Andre saker: Oppmodingsvedtak om NH90, oppmodingsvedtak om bruken av tilleggstildelinga i 2020 til små og mellomstore teknologibedrifter i samband med koronapandemien, ny partnarskapsavtale for F-35-programmet, sluttoppgjer for terminert prosjekt på Haakonsvern og NATOs vurdering av Noreg.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Jette F. Christensen, leiaren Anniken Huitfeldt, Martin Kolberg, Marianne Marthinsen og Jonas Gahr Støre, frå Høgre, Hårek Elvenes, Trond Helleland, Ingjerd Schou og Michael Tetzschner, frå Framstegspartiet, Siv Jensen, Christian Tybring-Gjedde og Morten Wold, frå Senterpartiet, Emilie Enger Mehl og Liv Signe Navarsete, frå Sosialistisk Venstreparti, Audun Lysbakken, frå Venstre, Trine Skei Grande, og frå Kristeleg Folkeparti, Geir Sigbjørn Toskedal, viser til Prop. 123 S (2020–2021) Investeringar i Forsvaret og andre saker.

Godkjenning av kostnadsramme for eit (1) nytt felles materiell- og eigedoms-, bygge- og anleggsprosjekt: Oppgradering av VLF-stasjon Novik

Komiteen viser til at VLF-stasjonen Novik sør for Bodø etter over 50 års drift treng naudsynt oppgradering. Komiteen viser til at prosjektet si hovudmålsetjing er å sikre Noreg og NATO ein moderne og påliteleg VLF-kapasitet for å støtte noverande og ny ubåtkapasitet. Komiteen peikar på at av nytt materiell skal det skaffast til vege ein VLF-radiosendar med tilhøyrande kontrollstasjon og anna utstyr. Innanfor EBA må det gjennomførast omfattande oppgraderingar av tekniske installasjonar og infrastruktur, kraftforsyning og naudsynte tilpassingar for integrasjon av ny radiosendar i fjellanlegget.

Komiteen registrerer at innkjøpet av radiosendarar med tilhøyrande utstyr vil bli gjennomført som eit direktekjøp i tråd med Innkjøpsreglement for Forsvaret. I samband med kjøpet vil det etter det komiteen har fått opplyst, bli stilt krav om at det blir inngått ei avtale om forsvarsindustrielt samarbeid med leverandøren før hovudkontrakten blir signert.

Komiteen viser til at det er planlagt utbetalingar frå prosjektet frå 2021 fram til om lag 2026. Utgiftene til prosjektet vil bli belasta kap. 1710 post 47 og kap. 1760 postane 1 og 45. Komiteen merkar seg at den tilrådde kostnadsramma for materiell- og EBA-prosjektet er samla 940 mill. 2021-kroner medrekna meirverdiavgift, ei avsetting for uvisse, og gjennomføringskostnadar. Styringsramma utgjer 839 mill. 2021-kroner, medrekna meirverdiavgift og gjennomføringskostnadar.

F-35-oppgraderingar

Prosjekt 7720 F-35 oppgraderingqar

Komiteen viser til det allereie vedtekne kampflykjøpet som skal levere F-35 med full operativ evne gjennom innkjøp av flya og block 4-oppgraderingar inkludert norskfinansiert Joint Strike Missile (JSM)-integrasjon. Dette påfølgande prosjektet 7720 F-35 oppgraderinger, omfattar oppgraderingar etter block 4 i perioden frå 2025 til og med 2030.

Komiteen merkar seg at formålet med prosjekt F-35 oppgraderingar er å halde oppe kampflykapasitet som bidrar til nasjonal tryggleik gjennom utvikling og implementering av felles kapabilitetar som held oppe operativ yting mot forventa trusselbilde i 2030.

Komiteen merkar seg at utvikling og innkjøp av materiell skal gjerast gjennom det fleirnasjonale partnarskapet, regulert gjennom partnarskapsavtalen, grunngjevinga for dette er interoperabilitet og kostnad. Komiteen viser til at partnarskapsavtalen sikrar at nasjonane sjølv kan avgjere i kva grad ein ønsker å implementere dei enkelte felles utvikla kapabilitetane. Komiteen registrerer at prosjekt 7720 planlegg for at alle felleskapabilitetar blir implementerte på den norske flyparken.

Komiteen viser til at det enno ikkje er bestemt kva for kapabilitetar som skal utviklast. Kvart år skal det fleirnasjonale programkontoret legge fram ei prioritert tilråding om kva for kapabilitetar som bør utviklast innanfor det felles utviklingsbudsjettet for styret i partnarskapen, som deretter kan vedta oppstart av dei tilrådde utviklingsløpa.

Komiteen merkar seg at implementeringa på norske fly blir gjord basert på våre innmelde behov for operativ tilgang og dei økonomiske rammene våre. Komiteen merkar seg vidare at implementering skal gjennomførast ved basen på Ørlandet dersom det er teknisk mogleg, og at implementeringar av større omfang vil gjennomførast ved produksjonsfasiliteten i Italia. Komiteen vil understreke at det generelt gir ei uvisse, spesielt innanfor implementeringa, at ein enno ikkje har vedteke kva kapasitetar som skal utviklast. Komiteen merkar seg at denne uvissa blir kompensert med risikoreduserande styringstiltak både nasjonalt og i det fleirnasjonale programmet.

Komiteen er kjend med at det er gjennomført ekstern kvalitetssikring av prosjektet i tråd med føringar frå Finansdepartementet. Resultata frå kvalitetssikringa ligg til grunn for den tilrådde kostnadsramma.

Komiteen viser til at den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 6341 mill. 2021–kroner medrekna meirverdiavgift, gjennomføringskostnadar og ei avsetjing for uvisse. Prosjektet si styringsramme blir sett til 5 142 mill. 2021–kroner medrekna meirverdiavgift. Komiteen merkar seg at utgiftene til prosjektet vil bli belasta kap. 1760 postane 1 og 45.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Framstegspartiet og Senterpartiet, viser til at Stortinget er opptatt av at kampflyanskaffinga skal bidra til å styrke norsk forsvarsindustri og sikre verdiskaping og arbeidsplassar i små og store bedrifter i heile landet. Dette er understreka ved fleire høve i merknadar frå komiteen til kampflykjøpet. Fleirtalet viser til merknadane i Innst. 388 S (2011–2012), jf. Prop. 73 S (2011–2012), kor ein samla komité uttala:

«Komiteen legger, som regjeringen, stor vekt på etableringen av et industrisamarbeid mellom norsk og amerikansk industri i tilknytning til anskaffelsen av nye kampfly. Komiteen viser til at regjeringens målsetting for industrisamarbeidet er å sikre en nasjonal verdiskapning over tid i samme størrelsesorden som anskaffelseskostnaden for flyene, i tråd med Stortingets ambisjon slik denne kom til uttrykk gjennom behandlingen av St.prp. nr. 36 (2008–2009), jf. Innst. S. 299 (2008–2009). Komiteen legger fortsatt denne ambisjonen til grunn.»

og

«Komiteen er opptatt av at norsk industri trekkes inn i den videre utvikling og produksjon av F-35. Komiteen ser store muligheter for norsk industri knyttet til programmet.»

Fleirtalet er kjent med at det så langt er inngått kontraktar med norsk industri til ein verdi av om lag 10 mrd. kroner om leveransar til F-35. Fleirtalet ser positivt på at norsk industri har konkurrert seg til betydelege oppdrag i F-35-programmet, men understrekar at det fortsatt er langt igjen til ambisjonen om at oppdraga til norsk industri skal svara til kjøpskostnaden for kampflya. Fleirtalet er difor opptatt av at norske styresmakter bidreg til å leggje til rette for og støttar industriens arbeid for å auke det industrielle utbyttet av kampflykjøpet.

Fleirtalet etterspør ei utgreiing frå regjeringa om industrielle moglegheiter knytte til den planlagde oppgraderinga av F-35. Fleirtalet vil påpeike at oppgraderingsprosjektet er eit svært omfattande investeringsprosjekt som inneber ein betydeleg auke av anskaffingskostnadane for F-35. Fleirtalet er kjent med at anskaffinga vil bli gjennomført innanfor ramma av same fleirnasjonale avtale som anskaffinga av flya (Production, Sustainment and Follow-on Development (PSFD) – MOU). Fleirtalet går ut frå at regjeringa, i tråd med ambisjonane som vart lagde til grunn i Innst. 388 S (2011–2012), jf. Prop. 73 S (2011–2012), legg til grunn at også for oppgraderingsprogramma for F-35 skal anskaffingane gi verdiskaping i norsk industri av same omfang som anskaffingskostnadane.

Komiteens medlemmer fra Høyre, Venstre og Kristelig Folkeparti viser til at norsk industri har vist seg svært konkurransedyktig hva gjelder å levere til det flernasjonale F-35-programmet. Disse medlemmer merker seg med tilfredshet at det per 2021 er inngått kontrakter med norsk industri til en verdi av hele 10 mrd. kroner for leveranser til F-35.

Disse medlemmer viser til at anskaffelsen av F-35 gir norsk industri muligheter til å levere til et av verdens mest avanserte teknologiprogrammer. Disse medlemmer merker seg at industrisamarbeidet blant partnernasjonene siden begynnelsen har vært basert på prinsippet om «best value», der industrien i partnernasjonene konkurrerer om oppdrag. Dette konseptet er valgt for å sikre høy ytelse og lav levetidskostnad for F-35.

Disse medlemmer understreker at deltakelse i programmet innebærer et betydelig kompetanseløft, som kvalifiserer norske bedrifter for leveranser også til andre avanserte teknologiprogrammer utenfor F-35-programmet, med F-35 som referanse.

Disse medlemmer viser til at norske industribedrifter leverer en hel rekke komponenter, deler og produkter til F-35-programmet, herunder kompositt-materialer, elektronikkmoduler til flyets svært avanserte kommunikasjons-, navigasjons- og identifiseringsavionikk, samt kryssermissilet JSM og Apex 25 mm ammunisjon.

Disse medlemmer viser herunder til at Kongsberg Defense & Aerospace (KDA) nylig, i mars 2021, signerte kontrakt med Lockheed Martin for produksjon av deler til F-35 (Lot 15–17), til en verdi av 1,7 mrd. kroner. Dette gjelder produksjon av deler KDA har produsert også for tidligere produksjonsserier.

Disse medlemmer viser til at norsk industri dessuten har vist seg konkurransedyktig hva gjelder kontrakter for vedlikeholdet av F-35. Disse medlemmer viser til at norsk industri med Kongsberg Aviation Maintenance Services (tidligere AIM Norway) i spissen er tildelt det europeiske ansvaret for vedlikehold av nærmere 400 reparerbare F-35-komponenter, herunder hydromekaniske komponenter og våpenutløsningssystemer.

Disse medlemmer viser til at til ambisjonen om at oppdragene til norsk industri skal tilsvare kjøpesummen for kampflyene, skal realiseres gjennom hele produksjonstiden til F-35, som per nå er planlagt helt til 2046, jf. Innst. 388 S (2011–2012). Disse medlemmer mener denne ambisjonen per nå er høyst realistisk, med 10 mrd. kroner allerede hittil realisert for norske bedrifter.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser til behandlingen av den seneste langtidsplanen for forsvarssektoren, Prop. 14 S (2020–2021). I forbindelse med behandlingen av denne fremmet dette medlem en rekke forslag for å få bukt med de store kostnadsutfordringene som kampflyprogrammet nå står overfor. Dette medlem vil minne om at denne problematikken vil prege rammebetingelsene for Forsvaret og forsvarsevnen i stor grad i årene fremover, og stiller seg derfor uforstående til at stortingsflertallet i så liten grad har vært interessert i å diskutere hvordan forsvarsplanleggingen påvirkes av dette. Siden ovennevnte behandling har offentligheten fått enda større kjennskap til problemenes omfang, og dette medlem må dessverre konstatere at dette kaster stort usikkerhet over forsvarsplanleggingen. På nåværende tidspunkt kan ikke dette medlem gi sitt samtykke til større investeringsprosjekter knyttet til F-35-programmet uten at regjeringen konfronterer de store utfordringene programmet står overfor og tar høyde for dette i tett dialog med Stortinget.

På denne bakgrunn fremmer dette medlem følgende forslag:

«Stortinget samtykker i at Forsvarsdepartementet i 2021 kan starte opp nye investeringsprosjekter og gjøre endringer i investeringsprosjekter som omtalt i kapittel 2–5 i den framlagte proposisjonen, med unntak av Prosjekt 7720 F-35 oppgraderinger, innenfor de gitte kostnadsrammene. Forsvarsdepartementet gis fullmakt til å oppjustere kostnadsrammene i takt med prisstigningen og som følge av endringer i valutakursen.»

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en separat sak om F35-programmet og tilhørende oppgraderingsprosjekter, som redegjør i detalj for anskaffelsen, de gjeldende kostnadsestimatene og utfordringene i F-35-programmet som helhet.»

Nye eigedoms-, bygge- og anleggsprosjekt for godkjenning

Godkjenning av kostnadsramme for to (2) nye eigedoms-, bygge- og anleggsprosjekt:

Ørland – utbetring av hovudrullebanen

Komiteen viser til Stortingets vedtak gjennom handsaminga av Innst. 388 S (2011–2012) til Prop. 73 S (2011–2012) om at Ørland flystasjon skulle utviklast som framtidig kampflybase. Gjennom handsaminga av Innst. 7 S (2015–2016) til Prop. 1 S (2015–2016) vedtok Stortinget eit prosjekt for forlenging av hovudrullebana på flystasjonen. Prosjektet inkluderte også fornying av toppdekket på den eksisterande rullebana. Komiteen registrerer at det no er synleggjort behov for å gjennomføre tiltak knytte til utbetring av tryggingsområdet og banedekket, og utviding av baneskuldrene.

Komiteen viser til at prosjektet omfattar utskifting av massar for å lukke avvika på bæreevna i tryggingsområdet langs den opphavelege delen av hovudrullebana. Det er også naudsynt å fornye banedekket på denne delen av rullebana. Skada asfaltlag blir freste bort, og det blir lagt ny asfalt lag for lag opp til nytt slitelag. I heile rullebanelengda blir det gjennomført tiltak for å utvide baneskuldrene slik at den totale banebreidda blir 60 meter. Dette vil tilfredsstille EASA sine krav til banebreidde for landing av større fly.

Komiteen viser til at den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 487 mill. 2021-kroner medrekna meirverdiavgift, gjennomføringskostnadar og ei avsetting for uvisse. Prosjektet si styringsramme blir sett til 433 mill. 2021-kroner medrekna meirverdiavgift og gjennomføringskostnadar. Komiteen viser til at Forsvarsdepartementet planlegg å søke om å få finansiert delar av prosjektet gjennom NATO sitt investeringsprogram for sikkerheit.

Porsangmoen –- bustadar og forlegningar

Komiteen viser til Stortingets vedtak gjennom handsaminga av Innst. 50 S (2017–2018) til Prop. 2 S (2017–2018) om å etablere ein fullt oppsett kavaleribataljon på Porsangmoen, og å samle Hæren og Heimevernet sine avdelingar i Finnmark under ei felles leiing. Ifølge Prop. 2 S (2017–2018) vil det på Porsangmoen vere naudsynt med ny bygningsmasse, men dei permanente løysingane kan ein ikkje forvente ferdige før i 2025. For å følge opp vedtaket skal det difor investerast mykje på Porsangmoen.

Komiteen er kjend med at for å kunne huse det auka talet på tilsette og vernepliktige på Porsangmoen, er det viktig å kome i gang med å bygge bustadar og forlegningar. Prosjektet som ein no ber om godkjenning for, omfattar kjøp av 19 bustadar og bygging av 72 nye befalskvarter. Komiteen merkar seg at ein planlegg å kjøpe bustadar med carport eller garasje i Lakselv sentrum frå utbyggarar, og kvartera blir etablerte i det eksisterande bustadområdeet utanfor leiren. Komiteen viser til at prosjektet vidare omfattar bygging av ei ny mannskapsforlegning for 192 vernepliktige i seksmannsrom med bad i tilknyting til kvart rom. Utforminga av både befalskvarter og mannskapsforlegning er basert på gjenbruk av løysingar som tidlegare er bygde andre stadar i Forsvaret. Prosjektet er planlagt ferdig i 2023.

Komiteen er kjend med den tilrådde kostnadsramma for prosjektet på 360 mill. 2021-kroner medrekna meirverdiavgift, gjennomføringskostnadar og ei avsetting for uvisse. Prosjektet si styringsramme blir sett til 315 mill. kroner medrekna meirverdiavgift og gjennomføringskostnadar. Utgiftene til prosjektet vil bli belasta kap. 1710 post 47.

Godkjenning av omfangsendring av eit (1) pågåande materiellprosjekt: Vidareføring NSM, hovudvedlikehald og suppleringskjøp.

Prosjekt 6023 Vidareføring NSM, hovudvedlikehald og suppleringsinnkjøp

Komiteen viser til at prosjekt 6023 Vidareføring Naval Strike Missile (NSM) inneheld to element, kor det eine handlar om hovudvedlikehald av eksisterande behaldning NSM til Nansen-klasse-fregattane og det andre om eit suppleringskjøp av NSM til Skjold-klasse-korvettar frå Kongsberg Defence and Aerospace.

Komiteen viser til at Stortinget vedtok prosjektet med hovudvedlikehald av eksisterande behaldning NSM til Nansen-klasse-fregattane gjennom handsaming av Innst. 7 S (2020–2021) til Prop. 1 S (2020–2021) med ei kostnadsramme sett til 690 mill. kroner, medrekna meirverdiavgift, gjennomføringskostnadar og ei avsetting for uvisse. Prosjektet si styringsramme er sett til 539 mill. kroner medrekna meirverdiavgift.

Komiteen viser til at som følge av Stortingets tilslutning til å føre vidare Skjold-klasse-korvettar fram mot 2030 knytt til handsaminga av ny langtidsplan for forsvarsektoren, jf. handsaminga av Innst. 87 S (2020–2021) til Prop. 14 S (2020–2021), handlar det andre elementet i prosjektet om eit suppleringskjøp av NSM til desse fartøya frå Kongsberg Defence and Aerospace. Komiteen registrerer at med utgangspunkt i ei vidareføring av alle seks Skjold-klassen-korvettar vil eit suppleringsinnkjøp av NSM innebera at kostnadsramma på prosjektet blir auka med 1 450 mill. kroner. Komiteen peikar på at utgiftene til prosjektet vil bli belasta kap. 1760 postane 1 og 45.

Komiteen viser til at den oppdaterte totale kostnadsramma (P85), som omfattar både hovudvedlikehaldet og suppleringsinnkjøpet, blir sett til 2 140 mill. kroner, medrekna meirverdiavgift, gjennomføringskostnadar og ei avsetjing for uvisse ,og den nye styringsramma (P50) for prosjektet er sett til 1 784 mill. kroner medrekna meirverdiavgift.

Godkjennning av endring av rammevilkåra for Regionfelt Østlandet

Komiteen viser til at etableringa av Regionfelt Østlandet i Åmot kommune i Innlandet blei vedteken av Stortinget i 1999, jf. Stortingets handsaming av Innst. S. nr. 129 (1998–99). I St.meld. nr. 11 (1998–99) vart det greidd ut om Forsvaret sitt behov og grunngjeving for prosjektet. Regionfeltet har vore i bruk sidan 2005. Feltet er eit av fire nasjonale hovudfelt der rammevilkår må imøtekome Forsvaret sitt behov best mogleg.

Komiteen viser til føremålet med denne saka – å tilrå at Stortinget godkjenner og sluttar seg til at verksemda på Regionfelt Østlandet kan bli betre tilpassa Forsvaret sitt behov.

Komiteen viser til at Forsvaret har vore gjennom ei betydeleg omstilling dei siste ti til tolv åra, og kapasitetar i skyte- og øvingsfelta må i stadig større grad dekke eit kontinuerleg behov for trening over heile året. Langtidsplan for forsvarssektoren, Prop. 14 S (2020–2021), legg opp til at Forsvaret også skal auke aktivitetsnivået framover. Stortingets føring frå 1999 legg i dag beslag på for mykje av utdanningsåret. Forsvaret har gjeve uttrykk for at vilkåra om verksemdfrie periodar for Regionfelt Austlandet ikkje er i samsvar med Forsvaret sitt behov i dag.

Komiteen merkar seg at Forsvarsdepartementet viser til at Forsvaret har eit reelt behov for å endre på Stortingets føresetnad om tre verksemdfrie månader frå sankthans til 1. november i Regionfelt Østlandet, etter som denne avgrensinga i dag gir for store negative konsekvensar for Forsvaret. Komiteen viser til at Forsvarsdepartementet si tilråding om at avgjerd om verksemdfrie periodar framover blir føreslått vedteken i reguleringsplan heimla i plan- og bygningslova, vil sørge for å sikre offentleg medverknad, lokal avgjerd og grundige prosessar når det gjeld å belyse og vurdere dei positive og negative verknadene. Omsynet til ålmenta skal fortsatt bli ivareteke sjølv med eventuelt færre veker med verksemdfrie periodar.

Komiteen viser til Forsvarsdepartementets vurderingar kring at fleire av føreseiingane som låg til grunn for Stortingets vedtak om verksemdavgrensingar i 1999, har falle bort eller blir ivaretekne på andre måtar. Fleirbruk i veker med feriar, jakt, fiske og bærplukking fell saman med dei mest aktuelle, nye verksemdfrie periodane. Når det gjeld landbruks-, skog- og utmarksinteresser, er planområdet erverva av Forsvaret med alle rettar, og det er difor ikkje private interesser knytte til skog- og utmarksressursar.

Godkjenning av mottak av gåve frå venneeininga ved Noregs Heimefrontmuseum

Komiteen er kjend med at Noregs Heimefrontmuseum på Akershus festning sidan 2008 har arbeidd med planar om eit tilbygg ved museet, for å få større og betre lokale til bruk i formidling og undervisning. Komiteen merkar seg at venneeininga ved Noregs Heimefrontmuseum har engasjert seg i saka, og har formidla kontakt med eit legat som ønskjer å finansiere oppføringa av eit slikt bygg. Venneeininga har sagt seg villig til å betale for eit forprosjekt for å planlegge prosjektet i detalj og estimere kostnaden.

Komiteen merkar seg at Forsvarsdepartementet i denne omgang søker om Stortingets godkjenning av gåva til departementet i form av forprosjektet. Forsvarsbygg, som skal leie arbeidet med forprosjektet, estimerer at forprosjektet vil koste om lag 3,7 mill. kroner medrekna meirverdiavgift. Venneeininga ved Noregs Heimefrontmuseum skal betale for forprosjektet. Forprosjektet skal etter planen bli ferdig i 2022 og skal ikkje påføre forsvarssektoren ekstra kostnadar, og det skal heller ikkje gjere departementet forplikta til å starte byggeprosjektet. Samstundes er gåva av ein storleik som krev godkjenning frå Stortinget. Komiteen imøteser at departementet kjem attende til Stortinget for ei godkjenning av ei gåve i form av sjølve tilbygget, dersom dette blir aktuelt.

Oppmodingsvedtak 502, 7. mai 2019, om «NH90 – oppfølging og vurdering av alternative helikoptre»

Komiteen registrerer at Forsvaret no vurderer om det er mogleg at andre helikopter kan vere formålstenlege for å dekke delar av Forsvarets behov for maritim helikopterkapasitet gjennom ei løysing med innleie av helikopterkapasitet, og at regjeringa undersøker ei slik løysing nærare. Komiteen imøteser at Stortinget blir halde orientert på eigna vis.

Oppmodingsvedtak 356, 16. desember 2020, om bruken av tilleggstildelinga i 2020 til små og mellomstore teknologibedrifter i samband med koronapandemien

Komiteen registrerer at midlar er blitt fordelte til små og mellomstore teknologibedrifter som har produkt og leveransar som svarer til behova i Forsvaret. Komiteen merkar seg at midlar er fordelte på så mange firma som mogleg, basert på tilboda som er komne inn og om lag 20 firma har blitt omfatta av ordninga. Komiteen viser til at dette er firma som mellom anna leverer teknisk materiell og system til forsvarsgreinene og teknisk like personlege klede og utrusting (PBU). Innkjøp skal følge regelverket for anskaffingar, noko som inneber at fleire forslag om større innkjøp i utgangspunktet må på anbod.

Ny parnerskapsavtale for F-35-programmet

Komiteen viser til at då Tyrkia i 2017 vedtok å kjøpe eit russiskprodusert luftvernsystem, valde USA å suspendere Tyrkia frå F-35 programmet. Suspensjonen av Tyrkia medførte at dei åtte gjenverande partnarnasjonane blei einige om å inngå ei ny partnarskapsavtale. Komiteen er kjend med at Forsvarsdepartementet hausten 2020 deltok i forhandlingane. Komiteen viser til at desse forhandlingane no er ferdig og at partner-landa tek sikte på at ny avtale trer i kraft i løpet av hausten 2021.

Sluttoppgjer for terminert prosjekt på Haakonsvern

Komiteen viser til at prosjektet for etablering av helikopterdetasjementet på Haakonsvern blei sett i gang etter Stortingets handsaming av Innst. 489 S (2012–2013) til Prop. 136 S (2012–2013). I Prop. 1 S (2020–2021) blei Stortinget informert om at det var ein pågåande prosess fordi partane ikkje var samde om sluttoppgjeret. Komiteen er kjend med at Forsvarsbygg meiner arbeidet til eit konsulentfirma har ført til ekstra kostnader i gjennomføringa av byggearbeida. Komiteen viser til at staten har gjennomført ei rettssak mot dette firmaet. Etter resultatet av domen og forliket som blei inngått, er det klart at sluttkostnaden for prosjektet er 298 mill. kroner. Komiteen merkar seg at prosjektet er no avslutta.

NATOs vurdering av Noreg

Komiteen viser til at NATOs forsvarsplanleggingsprosess NATO Defence Planning Process (NDPP) er forankra i NATO-traktaten artikkel 3 og er ein av dei større og meir omfattande prosessane i alliansen som blir gjennomført i fem steg.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemen frå Sosialistisk Venstreparti, peikar på at målet med NDPP er å harmonisere dei nasjonale langtidsplanprosessane med NATOs behov, slik at alliansen samla har tilgjengelege kapabilitetar på kort, mellomlang og lang sikt for å møte dei truslane alliansen står overfor.

Fleirtalet er kjent med at NATO, som ledd i NDPP, regelmessig gjennomfører vurderingar av den enkelte allierte sine forsvarsplanar og forsvarsinnsats. Hovudsakleg innehald dei ei omtale av utviklinga innanfor ulike delar av forsvarssektoren. I tillegg inneheld vurderingane tilrådingar til den enkelte nasjonen om prioriteringar i det kontinuerlege arbeidet med å vidareutvikle forsvarsevna.

Fleirtalet viser til at NATO i samband med evalueringane gjennomfører to møte med nasjonane, eitt i dei respektive hovudstadane og eitt i Brüssel. Møta og ein omfattande dialog blei gjennomført for Noreg i den opphavlege syklusen, men på grunn av koronapandemien blei prosessen forseinka.

Fleirtalet viser til at NATOs vurdering av Noreg tek utgangspunkt i Prop. 151 S (2015–2016) Kampkraft og bærekraft og Prop. 2 S (2017–2018) Videreutvikling av Hæren og Heimevernet. Ei rekke av dei påpeikingane og tilrådingane som blei gitt, er inkluderte i Prop. 14 S (2020–2021) Evne til forsvar – vilje til beredskap. Fleirtalet merkar seg at vurderinga er lagd fram i 19 punkt.

Fleirtalet vil understreke at NATO i fleire punkt uttrykker positive trekk og utviklingar i det norske forsvaret som vil betre eiga og allierte si forsvarsevne og bidra til oppfylling av NATOs krav. Fleirtalet viser til at NATOs kritikk av Noreg i hovudsak rettar seg mot oppbygginga av brigaden og overflatestrukturen i Sjøforsvaret.

Fleirtalet merkar seg at Noregs BNP-vekst i reelle verdiar gjekk ned frå 2,32 pst. i 2017, til 1,29 pst. i 2018 og anslagsvis 1,15 pst. i 2019. I 2020 er BNP forventa å gå ned med 5,99 pst. Den delen av BNP som er satt av til forsvar, auka frå 1,60 pst. i 2009 til anslagsvis 1,86 pst. i 2019, og er forventa å vere 2,03 pst. i 2020, som er over NATOs retningsline på 2 pst. Fleirtalet vil understreke at det er positivt at Noreg når NATOs to prosentmål.

Eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, merkar seg at dette kjem av det kraftige fallet i BNP (5,99 pst.).

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemen frå Sosialistisk Venstreparti, registrerer også NATOs kommentar om at Noreg må fortsetje å auke forsvarsutgiftene for å fullt ut implementere alle NATO sine kapabilitetsmål.

Fleirtalet finn det føremålstenleg å sjå på punkta kor NATO meiner Noreg ikkje oppfyller forpliktingane i høve til alliansen. Fleirtalet vil difor rette fokus mot punkt 6, kor det blir slått fast frå NATOs side at:

«Basert på noverande planar vil Noreg ikkje kunne oppfylle den første prioriteringa innan 2024 eller til og med innan 2026, inkludert å auke Hærens mest avanserte kamp-, kampstøtte- og logistikk-kapabilitetar. Vidare er det framleis uklart om, og i så fall når, Noreg vil vere i stand til å levere den etterspurde fullt kapable brigaden. Noreg må forplikte betydeleg meir innsats, midlar og langt større ressursar for å fullt ut levere denne prioriterte kapabiliteten.»

Fleirtalet vil også rette fokuset mot at det i punkt 9 blir peika på følgjande:

«Medan Noreg sine planar for modernisering av kampplattformer gir Hæren auka evne til manøver, eld og vernefunksjonar, er det tydeleg at utan å auke talet og eldkrafta til stormpanservognene (IFV)2 i Brigade Nord, vil Noreg ikkje oppfylle kravet til ein tung infanteribrigade. I tillegg er Brigade Nord planlagd å ha berre tre kampbataljonar, i staden for fire, der den eine forventast å bli omvæpna til ei reserveeining basert på mobilisering innan 2022. Desse kapabilitetsmanglane vil sterkt avgrense kampkrafta til brigaden, sperre for ei drastisk endring i planar og prioriteringar, og gjer det umogeleg for Noreg å levere det etterspurde, ein fullt kapabel tung infanteribrigade med tilhøyrande støtte frå 2024 eller til og med 2026, den første kapabilitetsprioriteten som blei avtalt for Noreg av allierte forsvarsministrar.»

Fleirtalet registrerer at dette er grunnlaget for NATO si tyngste uro, spesielt sidan Noreg er ein potensiell frontlinjestat.

Fleirtalet vil også rette fokus mot punkt 10, kor det blir peika på følgjande:

«Medan tilgjengelegheita av flåten har betra seg sidan siste vurdering, med betre nivå av bemanning, vedlikehald og opplæring (inkludert avansert krigføringstrening), vurderast det at marinen ikkje har nok overflatefartøy og ubåtar til å møte dei nasjonale oppgåvene og beredskapen som er forespurt av NATO.»

Eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Framstegspartiet og Senterpartiet, registrerer at dette er ei stor uro for NATO, samt at manglane ifølgje NATO berre vil bli forverra på mellomlang sikt etter kvart som tilgjengelegheita på ubåt blir redusert og korvettane blir trekte tilbake frå teneste utan erstatning.

Dette fleirtalet merkar seg at NATO ikkje er nøgd med volumet på Luftforsvaret, jf. Punkt 12. Sjølv om innføringa av F-35 og P-8A MPA vil forbetre Noregs etterretnings-, overvakings- og rekognoseringskapasitet (ISR) betydeleg, er det berre eit lite tal ISR-kompatible fly som for tida er tilgjengelege i Luftforsvaret.

Til slutt vil dette fleirtalet rette fokuset mot punkt 19, etter om dette peikar på eit gap mellom Noregs og NATOs forsvarsplanleggingsprioriteringar:

«Dei allierte forsvarsministrane blei einige om at Noreg skulle prioritere å utvikle ein fullt kapabel tung infanteribrigade med tilhøyrande støtte, og å minimere gapet i JPS-evna under innføringa av F-35. Det er tydeleg at Noreg og NATO sine forsvarsplanleggingsprioriteringar i praksis ikkje er spesielt godt avstemte, spesielt i landområdet. Noreg må bruke betydeleg meir innsats og ressursar på å akselerere leveransen av sine NATO kapabilitetsmål, og spesielt den første prioriterte kapabiliteten, i sin heilheit og i tide. Dette er spesielt viktig då Noreg er ein potensiell frontlinjestat. Inntil Noreg gjer dette, kan andre allierte potensielt måtte ta ein del av Noregs rettmessige del av byrda til alliansen.»

Det medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet merkar seg mest i denne proposisjonen, er NATOs vurdering av norsk forsvarsevne. Desse medlemene registrerer at langtidsplanen som vart vedteken i 2020 av regjeringa med støtte frå Framstegspartiet, ikkje set Noreg i stand til å nå NATO-forpliktingane sine. Desse medlemene viser til at ifølgje NATO så er det på landområdet Noreg i minst grad oppfyller NATO-forpliktingane sine. At landmakta har vorte nedprioritert, har vore ei uro for desse medlemene både ved denne og den førre langtidsplanen. Desse medlemene ser på det som alvorleg at NATO skriv at det er usikkert om Noreg i det heile vil vere i stand til å levere den etterspurde fullt oppsette brigaden.

Komiteens medlemmer fra Høyre, Venstre og Kristelig Folkeparti viser til at NATOs vurdering av Norge tar utgangspunkt i Prop. 151 S (2015–2016) Kampkraft og bærekraft samt Prop. 2 S (2017–2018) Videreutvikling av Hæren og Heimevernet.

Disse medlemmer viser til at en rekke av påpekningene og anbefalingene som omtales i NATOs vurdering av Norge, utbedres og innfris med ny langtidsplan, jf. Innst. 87 S (2020–2021) til Prop. 14 S (2020–2021).

Disse medlemmer viser til punkt 6,7 og 8 i NATOs vurdering av Norge, som i stort omhandler Hæren, herunder etableringen av en fullt kapabel, tung infanteribrigade med fire kampbataljoner. Disse medlemmer viser til at denne etableringen er i full gang. Brigadens 2. bataljon er beholdt som stående avdeling og i ferd med å mekaniseres. Brigadens 4. bataljon er vedtatt opprettet. Disse medlemmer viser til at betydelig mer pansret og tungt materiell skal tilføres Brigade Nord de neste årene, herunder flere CV-90 kampvogner, et betydelig antall stridsvogner og langtrekkende presisjonsvåpen.

Disse medlemmer viser videre til vurderingens punkt 10 og NATOs bemerkninger om hvorvidt Marinen i fremtiden vil ha nok overflatefartøy og ubåter til å møte de nasjonale oppgavene og beredskapen som er forespurt av NATO. Disse medlemmer viser til at korvettene i Skjold-klassen, som egentlig var planlagt utfaset fra 2025, nå oppgraderes for et betydelig beløp og beholdes i tjeneste til etter 2030. Disse medlemmer understreker at dette vil gi Marinen større volum enn skissert i Prop. 151 S (2015–2016), i tråd med NATOs anbefalinger. Det er disse medlemmers oppfatning at den vedtatte anskaffelsen av toppmoderne ubåter vil bidra til at «Marinen fortsetter å modernisere og forbedre sine kapabiliteter», hvilket NATO også bemerker at er gjort de seneste årene. Disse medlemmer merker seg at utviklingen står i sterk kontrast til situasjonen under forrige rød-grønne regjering, da Marinens krigsskip for det meste lå til kai, ble brukt som delelager og manglet mannskaper.

Disse medlemmer ser med tilfredshet at Norge nå innfrir NATOs to-prosentmål. Disse medlemmer vil understreke at dette først og fremst skyldes systematiske, årlige budsjettøkninger helt siden 2013, som samlet har økt forsvarsbudsjettet fra om lag 43 mrd. kroner i 2013 til om lag 65 mrd. i 2021.

Disse medlemmer vil avslutningsvis vise til at regjeringen foreslo en økning i forsvarsbudsjettet for inneværende år på om lag 3,5 milliarder kroner, hvilket ble tilført ytterligere 300 mill. kroner gjennom behandlingen av langtidsplanen i Stortinget sist høst. Disse medlemmer understreker at denne økningen ligger langt over langtidsplanens skisserte budsjettbane, der budsjettet planlegges økt reelt med 2 mrd. kroner årlig i perioden 2021–2028. Disse medlemmer merker seg med tilfredshet at regjeringen overoppfyller den planlagte budsjettøkningen allerede fra langtidsplanens første virkeår.

Medlemene i komiteen frå Senterpartiet merkar seg at NATOs kritikk av Noreg i hovudsak rettar seg mot oppbygginga av brigaden og overflatestrukturen i Sjøforsvaret. NATO peikar også på eit gap mellom Noreg og NATO sine prioriteringar innan forsvarsplanlegging og skriv at det er tydeleg at Noreg og NATO sine prioriteringar i praksis ikkje er spesielt godt avstemte, spesielt på landområdet. Desse medlemene vil understreke at delar av kritikken er svært urovekkjande og viser at Noreg ikkje er i nærleiken av å nå NATOs krav når det kjem til oppbygging av landmakta og Brigade Nord.

Desse medlemene viser til at dette var ei uro som Senterpartiet også løfta i Innst. 87 S (2020–2021) til handsaminga av Prop. 14 S (2020–2021). Desse medlemene understreka at det er lite føremålstenleg for Stortinget å vedta ein langtidsplan der store delar av oppbygginga av Forsvaret kjem langt fram i tid, ettersom det er den første fireårsperioden av langtidsplanen som forpliktar. Desse medlemene viste også til at det er svakt truverd til veksttakta i påfølgjande periodar, noko som er forståeleg dersom ein legg oppfylling av tidlegare langtidsplanar til grunn. Desse medlemene viser til at Senterpartiet ynskjer at ein større del av personelloppbygginga skal kome tidlegare enn det Prop. 14 S (2020–2021) legg opp til. Desse medlemene viser til at det vil gi høve til raskare oppbygging av auka forsvarsevne og oppfylling av NATOs krav til Noreg.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til at den maritime næringen i Norge har behov for økt aktivitet for å bevare kompetanse og sysselsetting ved de norske nybyggingsverftene. En oppegående verftsindustri i Norge har også betydning for nasjonal sikkerhet og beredskap. Forsering av utredningen av ny fartøystruktur for Sjøforsvaret og en påfølgende beslutning om å bygge nye fartøyer til Sjøforsvaret i en konkurranse mellom norske verft vil etter disse medlemmers oppfatning være det fremste konkrete aktivitetsfremmende bidraget til å hjelpe verftene gjennom den pågående krisen. Disse medlemmer forventer at det kommer på plass en ramme for dette i statsbudsjettet for 2022.

Forslag frå mindretal

Forslag frå Sosialistisk Venstreparti:
Forslag 1

Stortinget samtykker i at Forsvarsdepartementet i 2021 kan starte opp nye investeringsprosjekter og gjøre endringer i investeringsprosjekter som omtalt i kapittel 2–5 i den framlagte proposisjonen, med unntak av Prosjekt 7720 F-35 oppgraderinger, innenfor de gitte kostnadsrammene. Forsvarsdepartementet gis fullmakt til å oppjustere kostnadsrammene i takt med prisstigningen og som følge av endringer i valutakurs.

Forslag 2

Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en separat sak om F35-programmet og tilhørende oppgraderingsprosjekter, som redegjør i detalj for anskaffelsen, de gjeldende kostnadsestimatene og utfordringene i F-35-programmet som helhet.

Tilråding frå komiteen

Tilråding I vert fremja av medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Framstegspartiet, Senterpartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti. Tilråding II og III vert fremja av ein samla komité.

Komiteen har ellers ingen merknader, syner til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:
I

Stortinget samtykker i at Forsvarsdepartementet i 2021 kan starte opp nye investeringsprosjekt, og gjere endringar i investeringsprosjekt som omtalte i kapitla 2–5 i den framlagde proposisjonen, innanfor dei gjevne kostnadsrammene. Forsvarsdepartementet gis fullmakt til å oppjustere kostnadsrammene i takt med prisstiginga og som følgje av endringar i valutakursar.

II

Verksemdvilkåra for Regionfelt Austlandet, inkludert avgjerd om vilkår om verksemdfrie periodar, blir framover sakshandsama og vedtekne i reguleringsplanen, heimla i plan- og bygningslova.

III

Stortinget samtykker i at Forsvarsdepartementet kan motta ei pengegåve frå venneeininga ved Noregs Heimefrontmuseum som skal fullfinansiere eit forprosjekt for å planlegge i detalj og estimere prisen på eit tilbygg ved Noregs Heimefrontmuseum.

Oslo, i utanriks- og forsvarskomiteen, den 19. mai 2021

Anniken Huitfeldt

Liv Signe Navarsete

leiar

ordførar