1.3 Nærare om departementet sitt forslag til endring i svalbardmiljøloven § 82 a om krav til drivstoff for motorferdsel til sjøs
Den internasjonale
sjøfartsorganisasjonen IMO har godkjent endringar til vedlegg I
i MARPOL-konvensjonen (International Convention for the Prevention
of Pollution from Ships) som vil fasa ut bruk og transport av tungolje
i Arktis frå og med 2024. Desse regelendringane skal endeleg fastsetjast
i juni 2021, og vil med ei slik avgjerd tre i kraft 1. november
2022. I utkastet til regulering blir det tillatte for arktiske statar
å gje unntak frå regelen for skip som seglar under flagga deira fram
til 1. juli 2029. I denne reguleringa blir tungolje definert basert
på tettleik og viskositet. Det tungoljeforbodet som allereie finst
i verneområda på Svalbard, er strengare enn IMO sitt utkast til
regulering. I forslaget som er godkjent i IMO, vil det vere lov
å nytta kategoriar av drivstoff som eksempelvis hybridolje, som
ikkje er tillatne i verneområda på Svalbard i dag, og som kan vere vel
så skadeleg for miljøet som tungolje.
Reglane i MARPOL-konvensjonen
set minimumskrav, og er ikkje til hinder for eit strengare drivstoffkrav på
Svalbard.
Departementet foreslo
å innføra eit tungoljeforbod for alle skip som skal segla i farvatnet
ved Svalbard, og at forbodet også skulle inkludere eit forbod mot
å bruke og ha om bord såkalla hybridoljer. Forslaget var å lovfesta
i § 82 a eit forbod mot å bruke eller ha om bord anna petroleumsbasert
drivstoff enn naturgass og marin gassolje, og med ei lovføresegn
om at departementet gjev forskrift med ein definisjon av marin gassolje.
Ved å knytte reguleringa til petroleumsbasert drivstoff stenger
ein ikkje for bruk av andre meir miljøvennlege drivstoff slik som
elektrisitet og LNG.
Departementet foreslo
også at lovføresegna om tungoljeforbod i verneforskriftene blei
oppheva, slik at det vil gjelda det same tungoljeforbodet i sjøområda over
heile Svalbard.
Departementet sende
den 6. november 2020 på høyring forslag til endringar i svalbardmiljøloven.
Det har komme inn kommentarar til høyringa frå 18 av høyringsinstansane.
Dei fleste høyringsinstansane som har merknader, er positive til
eit forslag om tungoljeforbod som foreslått. Nokon av høyringsinstansane
meiner at ei regulering burde vere strengare enn foreslått, og forby petroleumsbasert
drivstoff. Det er berre Norges Rederiforbund som ikkje støttar forslaget.
Dei uttaler at dei støttar intensjonen med forslaget, men ønsker
eit tungoljeforbod i regi av IMO.
Svalbard er stort,
og det kan vere svært langt frå ein ulykkesstad til tilgjengeleg
oljevernutstyr. Oljeutslepp vil sannsynlegvis ha spreitt seg over
eit større område før oljevernstiltak kan setjast i verk. Dessutan
vil oljevernutstyret fungere dårlegare i kalde og islagde område,
og mørke og dårleg vêr kan gjere oljevernstiltak vanskelegare. Grunnstøyting
vil primært skje i kystnære farvatn med kort drivtid for eit utslepp
til land. Det må derfor også forventast landpåslag med etterfølgjande
strandaksjon i samband med denne typen hendingar. Det knyter seg
svært store logistikkutfordringar til å gjennomføra ein strandaksjon
av eit visst omfang på dei fleste delar av øygruppa.
Departementet vurderer
at risikoen for miljøskade ved eit oljesøl på Svalbard i dag er
slik at det er nødvendig med eit regelverk som forhindrar bruk av
dei mest miljøskadelege drivstofftypane. På den måten reduserer ein
miljørisikoen utanfor verneområda, og med det også risikoen innanfor
verneområda.
Kystverket framheva
i sitt høyringsinnspel at nødlossing av tungolje frå eit av dei
store cruiseskipa som er i trafikk ved Svalbard i dag, ville krevja
eit omfattande og langvarig forarbeid. Fleire av cruiseskipa har
kapasitet på 2 500–3 000 m3 drivstoff
(bunkers). Til samanlikning er hendinga med Full City i 2009 eit
av dei største utsleppa frå skip i Noreg. Utsleppet var på ca. 300
m3 bunkers, og førte til kraftig
forureining av kysten frå Stavern i Vestfold til Lillesand i Agder.
Norges Rederiforbund
har i høyringa vist til at dei meiner at forslaget bør harmonerast
med IMO sitt forslag til tungoljeforbod som ikkje inkluderer hybridolje, gjeldande
frå 2024.
Departementet vurderer
at det ikkje vil gje ein tilstrekkeleg beskyttelse for dei særlege
verneverdiane ved Svalbard, om ein skulle innføre eit tungoljeforbod
som det som er utarbeidt i IMO. IMO (i MARPOL Annex I), tillèt hybridoljer
som ikkje vil vere tillatne med departementsforslaget. Hybridoljer
kan ved eit utslepp ha like negative miljøkonsekvensar som tungolje.
Av same grunn kan ein ikkje vente på resultata som følgje av reiarlagsnæringas
klimastrategi og arbeid for eit internasjonalt forbod mot drivstofftypar
som ikkje er karbonnøytrale frå 2050, og ikkje heller IMO sitt krav
om ei halvering av klimagassutslepp frå internasjonal skipsfart
innan 2050.
Norges Rederiforbund
peiker også på at DNV GL i sine berekningar ikkje har vurdert auke
i kostnadane knytte til investeringar i skipa for å gå over til
lettare drivstoff, og viser til at for ei internasjonal næring som skipsfart
er, vil eit internasjonalt samanhengande regelverk vere eit viktig
føresetnad for å unngå krav til undervegs tanktømming, reinsing
og de-bunkring.
Departementet har
forstått det slik at eit behov for ekstrainvesteringar for tilpassing
av maskineri for å kunne operere på marin gassolje er antatt å vere
lågt, eller ingen, basert på at desse skipa allereie er antatt å
vere tilpassa å operere på destillat i EU-hamner og ev. ECA-områder.