Tilrådinga frå komiteen
blir fremja av medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Senterpartiet,
Sosialistisk Venstreparti og Venstre.
Komiteen har elles ingen merknader,
syner til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere følgjande
vedtak:
I
Stortinget samtykker
i at bompengeselskapet får løyve til å ta opp lån og krevje inn
bompengar til delvis bompengefinansiering av prosjektet fv. 359
Kaste–Stoadalen i Vestfold og Telemark fylke. Vilkåra kjem fram
av Prop. 183 S (2020–2021).
II
Samferdselsdepartementet
får fullmakt til å inngå avtale med bompengeselskapet og fastsette
nærmare reglar for finansieringsordninga.