Samferdselsdepartementet
legg i proposisjonen fram forslag om finansiering av prosjektet
fv. 359 Kaste–Stoadalen i Nome kommune i Vestfold og Telemark. Prosjektet
gjeld bygging av 2,9 km tofelts fylkesveg i ny trasé.
Fv. 359 gjennom Stoadalen
er svingete, trong, har låg trafikktryggleik og er lite skikka til
ferdsel for mjuke trafikantar. Delar av vegstrekningen ligg tett
opp til verneverdige bustadområde. Framkomma for tunge køyretøy
på dagens veg er svært redusert. Utbygginga omfattar etablering
av 2,9 km ny fylkesveg på strekningen Kaste–Stoadalen.
Det blir lagt opp
til anleggsstart i løpet av 2021 med ferdigstilling i 2023.
I tidsperioden 1977–2019
har det vore 43 ulykker. Frå 2010 til 2019 har det vore 2 ulykker
med alvorleg skadde, 5 med lettare skadde og 2 med ukjent skadeomfang,
totalt 9 ulykker.
Kostnadane til prosjektet,
inkludert etablering av ein bomstasjon, er rekna til 306 mill. 2019-kroner.
Omrekna til 2020-prisnivå er kostnadsoverslaget 314,7 mill. kroner.
Finansieringa er
basert på fylkeskommunale midlar og bompengar. Med utgangspunkt
i prosjektet sitt kostnadsoverslag på 313,7 mill. 2020-kroner inkl.
mva. inneber dette eit fylkeskommunalt bidrag på 178,4 mill. kroner
og eit bompengebidrag på 135,3 mill. kroner.
Telemark fylkeskommune
behandla saka i møte i fylkestinget 12. desember 2019. Vestfold
og Telemark fylkeskommune behandla saka i møte i fylkestinget 1. september
2020 og fatta vedtak i tråd med Statens vegvesen si tilråding om
garanti ved sjølvskuldarkausjon for eit maksimalt låneopptak avgrensa
til 192 mill. kroner. Det samla garantibeløpet blir 211,2 mill.
kroner. Vestfold og Telemark fylkeskommune sitt garantiansvar blir
redusert i takt med den faktiske nedbetalinga av Vegfinans Vestfold
og Telemark AS og Vegfinans fv. 359 Kaste–Stoadalen AS si gjeld.
Nome kommune behandla
saka i møte i bystyret 5. desember 2019. Reguleringsplanen for prosjektet
blei vedteken av Nome kommune 8. desember 2016.
Den samfunnsøkonomiske
netto nytta til prosjektet er rekna til om lag –209 mill. kroner.
Netto nytte per budsjettkrone er rekna til –0,81. Utan bompengefinansiering
er den samfunnsøkonomiske netto nytta til prosjektet rekna til om
lag –220 mill. kroner, og netto nytte per budsjettkrone er rekna
til –1,93.
Det er lagt til grunn
bompengeinnkrevjing i 15 år. I finansieringsutrekningane er det
lagt til grunn etterskotsvis bompengeinnkrevjing i perioden 2024–2038.
Basistakstar for
passering blir 25 kroner i takstgruppe 1 og 50 kroner i takstgruppe
2.