Framlegg
til endringar i lovverket
Om lag 100 lover
inneheld omgrepet «fylkesmannen». Fylkesmannen er omtalt i kraft
av rolla som klageorgan, tilsynsorgan, godkjenningsorgan eller styresmakt
på ulike fagområde. Departementet gjer framlegg om at «fylkesmannen»
vert endra til «statsforvalteren» eller «statsforvaltaren» i alle
desse lovene. Vidare går framlegget ut på at variantane «fylkesmann»,
«fylkesmannsembete», «fylkesmannens», «fylkesmenn» og «fylkesmennene»
og tilvisingane til dei tidlegare fylkesmennene i høvesvis Oslo
og Akershus og Sør-Trøndelag vert endra på tilsvarande måte.
Departementet gjer
framlegg om at lova tek til å gjelde frå den tida Kongen fastset.