Søk

Komiteens tilråding

Komiteens tilråding fremmes av en samlet komité.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak til lov

om endringer i våpenlova (oppbevaring av skytevåpen mv.)

I

I lov 20. april 2018 nr. 7 om våpen, skytevåpen, våpendelar og ammunisjon gjøres følgende endringer:

§ 13 annet ledd skal lyde:

Politiet kan berre gje løyve til å erverve og ha skytevåpen som er nemnde i § 5 andre ledd, eller som er forbodne i medhald av § 5 tredje ledd, og våpendelar som er forbodne i medhald av § 6 tredje ledd, når skytevåpenet eller våpendelen enten er særskild sjeldan, eller når gjenstanden dokumenterer forhold av særskild historisk betyding.

§ 15 første til tredje ledd skal lyde:

Aldersgrensa for å kunne erverve og ha skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon er 18 år. For å kunne erverve og ha pistol og revolver som krev løyve etter § 5 første ledd, eller våpendelar til pistol eller revolver som er løyvepliktige i medhald av § 6 tredje ledd, er aldersgrensa likevel 21 år.

Politiet kan gje personar som har fylt 16 år fritak frå alderskravet for hagler og rifler når verje samtykker til ervervet, og når skytevåpenet eller våpendelen kan oppbevarast av verje eller annen person som oppfyller krava til alder, vandel og personlege eigenskapar etter første ledd og § 16. Politiet kan likevel ikkje gje personar under 18 år løyve til å kjøpe skytevåpen.

Politiet kan gje personer over 18 år fritak frå alderskravet for å kunne erverve og ha pistol, revolver og våpendelar til slike våpen. Eit vedtak om fritak etter første punktum skal gjerast tidsavgrensa for inntil eitt år.

§ 17 annet punktum skal lyde:

Dei fysiske personane i organisasjonen som er ansvarlege for å levere ut, bruke og oppbevare gjenstandane på vegne av organisasjonen, må i tillegg oppfylle krava til alder, vandel og personlege eigenskapar etter §§ 15 og 16.

§ 18 annet ledd første punktum skal lyde:

Den som ikkje har løyve etter første ledd, må ha løyve frå politiet for å kunne låne løyvepliktige skytevåpen eller våpendelar.

§ 19 annet til fjerde ledd skal lyde:

Den som har løyvepliktige skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon etter §§ 5, 6 eller 7, skal oppbevare desse i sin faste bustad, med mindre det er gjort unntak etter fjerde ledd nr. 7.

Løyvepliktige skytevåpen, eller nærare bestemte delar til skytevåpenet, skal oppbevarast nedlåste i godkjent tryggingsskap eller i godkjent våpenrom. Ammunisjon skal oppbevarast nedlåst.

Kongen gjev forskrift om:

  • 1. kva våpendelar som kan oppbevarast nedlåste i staden for komplette skytevåpen,

  • 2. krav til oppbevaring av ammunisjon,

  • 3. krav til godkjenning av tryggingsskap eller våpenrom,

  • 4. særskilde krav til oppbevaring for personar som har løyve til å ha eit nærare fastsett tal løyvepliktige skytevåpen,

  • 5. særskilde krav til oppbevaring av skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon for personar som driv næringsverksemd etter § 23,

  • 6. særskilde krav til oppbevaring av skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon for andre juridiske personar enn næringsdrivande etter § 23,

  • 7. oppbevaring av løyvepliktige skytevåpen, våpendelar og ammunisjon etter §§ 5, 6 eller 7 på annan stad enn i fast bustad.

§ 21 første ledd første punktum skal lyde:

Den som skal føre løyvepliktige skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon etter §§ 5, 6 eller 7 inn i eller gjennom norsk tollområde, må ha løyve frå politiet.

§ 36 første ledd annet punktum skal lyde:

Registeret skal også innehalde opplysingar om skytevåpen og våpendelar som er registreringspliktige etter § 5 tredje ledd eller § 6 tredje ledd, og om personar som ervervar eller har slike gjenstandar.

§ 36 tredje ledd oppheves. Nåværende fjerde ledd blir tredje ledd.

§ 38 skal lyde:
§ 38 Forholdet til forvaltningsloven

Forvaltningsloven gjeld for saker etter denne lova med dei særreglane som er fastsette i andre og tredje punktum i paragrafen her. Politiet kan krevje at personar stiller til intervju for å vurdere om vilkåra etter § 16 er oppfylte. Retten til klage, grunngjeving og partsinnsyn etter forvaltningsloven gjeld ikkje for saker om løyve til mellombels innførsel til jaktføremål.

§ 41 nr. 18 skal lyde:
  • 18. krav til overlating og lån av skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon, jf. § 18,

§ 41 nr. 28 skal lyde:
  • 28. politiet sin kontroll med tildelte løyve, medrekna krav til at sportsskyttarar med løyve etter § 12 tredje ledd dokumenterer aktivitet i godkjent skyttarorganisasjon, samt vilkår for å krevje tilkomst til privat bustad, jf. § 30,

§ 41 nr. 30 skal lyde:
  • 30. gjennomføring av § 36, medrekna reglar om kven som er handsamingsansvarleg, kva for opplysingskategoriar som kan registrerast, kven som har tilgang på opplysingane, informasjonstryggleik og internkontroll, utlevering av opplysingar og klagehandsaming,

§ 41 nåværende nr. 30, 31, 32 og 33 blir nr. 31, 32, 33 og 34.
§ 43 første ledd skal lyde:

Forbodet mot å ha halvautomatiske rifler etter § 5 andre ledd nr. 3 trer i kraft tre år etter ikraftsetjinga av denne lova.

II

I lov 20. mai 2005 nr 28 om straff gjøres følgende endring:

§ 189 første ledd bokstav d skal lyde:

Med bot eller fengsel inntil 1 år straffes den som på et offentlig sted forsettlig eller grovt uaktsomt har med

  • d) skytevåpen som er deaktivert etter våpenlova 20. april 2018 nr. 7 § 27.

III

  • 1. Loven gjelder fra den tid Kongen bestemmer. Kongen kan sette i kraft de enkelte bestemmelsene til forskjellig tid.

  • 2. Kongen kan gi nærmere overgangsregler.