2.1 Generelle merknader
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Åsunn Lyngedal, Cecilie Myrseth, Nils Kristen Sandtrøen og Terje
Aasland, frå Høgre, Margunn Ebbesen, Guro Angell Gimse, Kårstein
Eidem Løvaas og Tom-Christer Nilsen, frå Framstegspartiet, Morten
Ørsal Johansen og Bengt Rune Strifeldt, frå Senterpartiet, Geir
Adelsten Iversen og leiaren Geir Pollestad, frå Sosialistisk Venstreparti,
Torgeir Knag Fylkesnes, frå Venstre, André N. Skjelstad, og frå
Kristeleg Folkeparti, Steinar Reiten, viser til framlegg frå
Nærings- og fiskeridepartementet til lov om endringar i lov om retten
til å delta i fiske og fangst (deltakerloven) og lov om forvaltning
av viltlevande marine ressursar (havressurslova).
Formålet med lovendringane
er å leggje til rette for at fiskeriforvaltninga kan følgje opp
Stortinget sitt vedtak i Meld. St. 32 (2018–2019) Et kvotesystem
for økt verdiskaping (kvotemeldinga).
Fleirtalet i komiteen,
medlemene frå Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre,
viser til framlegg frå Nærings- og Fiskeridepartementet. Fleirtalet meiner
at framlegget på godt vis følgjer opp vedtaket i handsaming av Meld.
St. 32 (2018–2019), jf. Innst. 243 S (2019–2020). Fleirtalet viser elles til
merknader og vedtak i handsaminga av Meld. St. 32 (2018–2019).
Fleirtalet viser til at Stortinget
ved handsaminga av Meld. St. 32 (2018–2019) slutta seg til at ordninga med
tildeling av årleg deltakartilgang for fartøy i lukka gruppe i kystfiskeflåten
fell bort. I staden vert det innført ei ordning der alle fartøy
i lukka fiskeri vert tildelte fiskeriløyve med tilhøyrande kvotefaktorar
på fartøynivå for dei enkelte fiskeslaga. Fleirtalet merkar seg at dette vert
ivaretatt gjennom forslag til ny § 12 i deltakerloven i Prop. 137
L (2019–2020). Fleirtalet merkar
seg vidare at forslaget til ny § 12 i deltakerloven lovfester eit prinsipp
om at fiskeriløyve for kvart enkelt fartøy kan gis for eit bestemt
tidsrom. Fleirtalet konstaterer
at dette fram til i dag har vore gjeldande praksis med heimel i
lov i lukka gruppe i kystfiskeflåten, og at dette dermed ikkje representerer
noko nytt prinsipp i fiskeriforvaltinga. Fleirtalet konstaterer vidare
at § 2 i havressurslova slår fast at:
«Dei viltlevande
marine ressursane ligg til fellesskapet i Noreg.»
Å lovfeste eit prinsipp
om at fiskeriløyve kan gis for eit bestemt tidsrom, vil vere i tråd
med dette grunnleggjande prinsippet for norsk fiskeriforvalting. Fleirtalet vil
likevel understreke at ein over fleire tiår har vore sikra at årleg
tildeling av deltakartilgang til fartøy i lukka gruppe i kystflåten
har vorte fornya så lenge fartøyet og fartøyeigaren til ei kvar
tid oppfyller krava som vert stilt ved deltaking i ervervsmessig
fiske i lov og forskrift. På same måte er det regelen at konsesjonar
i havfiskeflåten har vorte tildelte utan klausular om tidsavgrensing. Fleirtalet vil
understreke kor viktig føreseielegheit er for aktørane i ervervsmessig
fiske. Fleirtalet legg
derfor til grunn at forvaltinga vidarefører ein praksis som sikrar
føreseielegheit ved tildeling av fiskeriløyve. Fleirtalet legg derfor til
grunn at fiskeriløyve vert tildelte etter dei same forvaltingsmessige
prinsippa som har vore gjeldande for tildeling av konsesjonar i
havfiskeflåten.
Komiteens medlemmer
fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti er
svært kritiske til selve lovprosessen og viser til at de lovforslagene
Stortinget nå har til behandling, ble sendt på høring før Stortinget
behandlet kvotemeldingen (Meld. St. 32 (2018–2019)). Disse medlemmer viser
til at det også er flere som var kritiske til dette i sine høringsinnspill,
blant annet Norges Fiskarlag, Norges Kystfiskarlag, Sjømat Norge,
Pelagisk Forening, LO, Fiskekjøpernes Forening, Sametinget og flere
fylkeskommuner og kommuner. Disse medlemmer mener at lovarbeidet
burde vært utsatt til etter at Stortinget hadde behandlet kvotemeldingen,
da det var krevende for høringsinstansene å ta stilling til de ulike
forslagene på det tidspunktet høringen fant sted, siden det var
uklart hva som ville bli resultatet av behandlingen i Stortinget.
Denne prosessen gjør det også krevende for Stortinget å behandle
lovforslaget, siden det er uklart hvordan høringsinstansene stiller
seg til de lovendringene det nå legges opp til på bakgrunn av Stortingets
vedtak. Det vises i denne forbindelse til at Stortinget avviste
flere forslag i meldingen, blant annet knyttet til kvotebank og
konvertering av strukturkvoter. Disse medlemmer viser til
at det etter behandlingen av kvotemeldingen har vært stor usikkerhet knyttet
til konsekvensene av vedtakene på flere områder, siden det ble lagt
opp til å utrede konsekvenser av vedtakene i etterkant av Stortingets
behandling. Dette har ført til at flere sentrale spørsmål i fiskeripolitikken fortsatt
er uavklart. Dette skaper usikkerhet og manglende forutsigbarhet
for aktørene i en stor og viktig næring.
Disse medlemmer viser til
at det i proposisjonen legges opp til å gi departementet vide fullmakter
på flere områder.
Disse medlemmer viser også
til Stortingets behandling av Riksrevisjonens undersøkelse av kvotesystemet
i kyst- og havfisket (Innst. 80 S (2020–2021)) og merknadene som
fremkommer der. En sentral del av Riksrevisjonens kritikk går på
manglende utredning av hvilke konsekvenser endringer i fiskeriforvaltningen
vil ha. Med en slik krass kritikk finner disse medlemmer det underlig
at departementet gjennomfører høring i en lovsak for å gjennomføre
kvotemeldingen før kvotemeldingen er behandlet i Stortinget. Disse medlemmer vil
også peke på at Stortinget fant det nødvendig å gjøre følgende vedtak
under behandling av kvotemeldingen:
«Stortinget ber
regjeringen – før iverksettelse – foreta konsekvensutredning av
eventuelle elementer i beslutningene ved behandlingen av Innst.
243 S (2019–2020) som ikke er konsekvensutredet gjennom meldingen.»
På denne bakgrunn
vil disse medlemmer gå imot
de foreslåtte lovendringene.
Fleirtalet i komiteen,
medlemene frå Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti,
meiner at regjeringa har gjennomført lovprosessen på eit tilfredsstillande
vis. Lovforslaget er ei rein teknisk oppfølging av forslaga frå regjeringa
i kvotemeldinga. Det er viktig for førehandsvissa hjå næringsaktørane
å sette i verk vedtaket til Stortinget så raskt som mogleg. Høyringa
av lovframlegget vart derfor gjennomført raskt etter at kvotemeldinga vart
lagd fram, slik at ein fekk belyst alle dei lovtekniske sidene av
kvotemeldinga. Dette var òg viktig.
Fleirtalet har registrert
at regjeringa har teke ut av lovforslaget dei framlegga frå høyringa
som gjeld dei tiltaka i meldinga som Stortinget ikkje slutta seg
til. Regjeringa la ikkje inn nokon nye lovforslag i proposisjonen
som følgje av stortingshandsaminga, og det var derfor ikkje sakleg
grunnlag for ei ny eller utsett høyring.
Fleirtalet kan ikkje sjå at
det er fatta oppmodingsvedtak i handsaminga av kvotemeldinga som
rører ved dei lovforslaga som vert fremja. Desse byggjer på tiltak
i kvotemeldinga som allereie er konsekvensutgreidde. Fleirtalet meiner
det ikkje ville vore naudsynt, og at det i tillegg ville vore uheldig,
å sende gjeldande lovforslag på ny høyring og dermed utsetje iverksettinga
av kvotemeldinga på ubestemt tid.