Justis- og beredskapsdepartementet
legg i Prop. 43 S (2020–2021) fram forslag om endringar i løyvingane under
diverse kapittel i statsbudsjettet 2020.
Departementet foreslår
i proposisjonen mellom anna endringar i kap. 490 Utlendingsdirektoratet,
kap. 491 Utlendingsnemnda og kap. 3490 Utlendingsdirektoratet samt
romertal II kap. 490. Sjå nærare omtale av dei nemnde endringane
i proposisjonen.
I denne innstillinga
vert dei nemnde forslaga til endringar behandla. Dei andre forslaga
til endringar som er omtala i proposisjonen, vert behandla av justiskomiteen,
utanom kap. 480 Svalbardbudsjettet, som vert behandla av utanriks-
og forsvarskomiteen.