Søk

1. Sammendrag

1.1 Innleiing

I denne proposisjonen kjem Olje- og energidepartementet med framlegg til endringar i statsbudsjettet 2020 i samsvar med kapittel 2. I kapittel 3 i proposisjonen gjer departementet greie for bruk av fullmakter under petroleumsverksemda. I kapittel 4 og 5 gjer departementet greie for endringar i avtalen med Sverige om elsertifikat og fusjonskontroll av Northern Lights.

1.2 Endringar i statsbudsjettet 2020

Kap. 1800 Olje- og energidepartementet

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under postane 50, 71 og 72

Det er foreslått å auke løyvinga med 5 mill. kroner, til 41,5 mill. kroner. Ein viser til omtale og tilsvarande reduksjon under kap. 1840, post 70 Administrasjon, Gassnova SF.

Kap. 1810 Oljedirektoratet

Post 23 Oppdrags- og samarbeidsverksemd, kan overførast

Det er foreslått å redusere løyvinga med 34 mill. kroner, til 85 mill. kroner.

Kap. 1820 Noregs vassdrags- og energidirektorat

Post 23 Oppdrags- og samarbeidsverksemd, kan overførast

Det er foreslått å redusere løyvinga med 22 mill. kroner, til 65 mill. kroner.

Post 25 Krise- og hastetiltak i samband med flaum- og skredhendingar

Det er foreslått å auke løyvinga til krise- og hastetiltak med 5 mill. kroner, til 50 mill. kroner.

Kap. 1840 CO2-handtering

Post 70 Administrasjon, Gassnova SF, kan overførast, kan nyttast under post 72

Det er foreslått å redusere løyvinga med 5 mill. kroner, til 100 mill. kroner.

Post 71 Tilskot til Teknologisenter for CO2-fangst på Mongstad

Det er foreslått å redusere tilskotet til Teknologisenter Mongstad med 13 mill. kroner, til 180 mill. kroner.

Post 72 Fullskala CO2-handtering, kan overførast, kan nyttast under post 70

Det er foreslått å redusere løyvinga med 9 mill. kroner, til 206 mill. kroner.

Kap. 2440/5440 Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

Anslaget for kap. 5440, underpost 24.1 Driftsinntekter er auka med 15 900 mill. kroner, til 115 800 mill. kroner. Overslaget baserer seg på ein oljepris for 2020 på 377 kroner per fat.

Anslaget for kap. 5440, underpost 24.2 Driftsutgifter er auka med 900 mill. kroner, til 28 400 mill. kroner.

Anslaget for kap. 5440, underpost 24.3 Leite- og feltutviklingsutgifter er redusert med 100 mill. kroner, til 2 000 mill. kroner.

Anslaget for kap. 5440, underpost 24.4 Avskrivingar er redusert med 200 mill. kroner, til 22 700 mill. kroner.

Anslaget for kap. 5440, underpost 24.5 Renter av statens kapital er redusert med 100 mill. kroner, til 2 500 mill. kroner.

Endringar i underpostane over medfører at anslaget over SDØEs driftsresultat er auka med 15 400 mill. kroner, frå 44 800 mill. kroner til 60 200 mill. kroner.

Anslaget for netto kontantstraum frå SDØE er auka med 15 100 mill. kroner, frå 42 300 mill. kroner til 57 400 mill. kroner.

Kap. 4810 Oljedirektoratet

Post 1 Gebyrinntekter

Det er foreslått å redusere løyvinga med 8 mill. kroner, til 22 mill. kroner.

Post 2 Oppdrags- og samarbeidsinntekter

Det er foreslått å redusere løyvinga med 34 mill. kroner, til 85 mill. kroner.

Kap. 4820 Noregs vassdrags- og energidirektorat

Post 2 Oppdrags- og samarbeidsinntekter

Det er foreslått å redusere løyvinga med 22 mill. kroner, til 65 mill. kroner.

Kap. 5685 Aksjar i Equinor ASA

Post 85 Utbytte

Det er foreslått å redusere løyvinga med 700 mill. kroner, til 15 000 mill. kroner.

1.3 Bruk av fullmakter under petroleumsverksemda

Som ein del av den årlege behandlinga av statsbudsjettet gir Stortinget fullmakter til Kongen i statsråd og Olje- og energidepartementet knytt til petroleumsverksemda.

1.3.1 Utbyggingsprosjekt på norsk kontinentalsokkel

Stortinget har samtykt i at Olje- og energidepartementet kan godkjenne prosjekt (planar for utbygging/anlegg og drift) på norsk kontinentalsokkel under desse føresetnadene (jf. fullmakt XIV i Prop. 1 S (2019–2020):

  • 1. Prosjektet må ikkje ha prinsipielle eller samfunnsmessige sider av betydning.

  • 2. Øvre grense for dei samla investeringane per prosjekt utgjer 20 mrd. kroner.

  • 3. Kvart enkelt prosjekt må vise akseptabel samfunnsøkonomisk lønnsemd og vere rimeleg robust mot endringar i prisutviklinga for olje og naturgass.

Fullmakta er nytta ved desse høva:

  • Hywind Tampen

    Olje- og energidepartementet mottok 11. oktober 2019 søknader om godkjenning av endra plan for utbygging og drift (PUD) for Snorre- og Gullfaksfelta for Hywind Tampen-prosjektet.

    Dei totale investeringane er i endra PUD anslått til 4,8 mrd. kroner.

    Endra PUD for høvesvis Snorre- og Gullfaksfelta blei godkjend av Olje- og energidepartementet 8. april 2020.

  • Balder Future

    Olje- og energidepartementet mottok 17. desember 2019 søknad om godkjenning av endra plan for utbygging og drift (PUD) for oljefelta Balder og Ringhorne i Nordsjøen.

    Dei totale investeringane er i endra PUD berekna til 19,6 mrd. kroner.

    Endra PUD for Balder og Ringhorne blei godkjend av Olje- og energidepartementet 18. juni 2020.

1.4 Orientering om endringar i avtalen med Sverige om elsertifikat

1.4.1 Innleiing

Olje- og energidepartementet har hatt samtalar med det svenske Infrastrukturdepartementet om endringar i avtalen som regulerer elsertifikatsamarbeidet mellom Noreg og Sverige. Siktemålet med samtalane var å finne ei løysing slik at Sverige kunne avslutte elsertifikatmarknaden tidlegare enn avtalt. Noreg og Sverige underteikna ein endringsavtale om samarbeidet om elsertifikatmarknaden 18. september 2020.

Endringsavtalen har tre hovudelement:

  • innføring av ein stoppdato i Sverige

  • endring av elsertifikatkvotar i Sverige

  • ei ny ramme for fordeling av fornybarresultat mellom landa, knytt til rapporteringar under fornybardirektivet

Endringsavtalen krev ikkje lovendringar i Noreg. Endringane er ikkje vurderte til å vere så viktige at Stortingets samtykke til å inngå avtalen, etter Grunnlova § 26 andre ledd, er nødvendig. Avtalen skal tre i kraft 1. januar 2021.

1.5 Fusjonskontroll av Northern Lights

Equinor, Shell og Total har planlagt å etablere eit nytt selskap, Northern Lights DA, for å gjennomføre transport- og lagringsdelen av Langskip, jf. Meld. St. 33 (2019–2020) Langskip – fangst og lagring av CO2. For å etablere eit slikt selskap må dei få godkjenning frå dei relevante konkurransemyndigheitene i EU eller enkelte medlemsland. Ei slik godkjenning vil først kunne vere klar i løpet av 2021.