Samferdselsdepartementet legg
i proposisjonen fram forslag om utbygging og finansiering av E39
på strekninga Lønset–Hjelset i Molde kommune i Møre og Romsdal og
forslag om endra kostnadsrammer i tre vegprosjekt.
Strekninga E39 Lønset–Hjelset
er i dag den med dårlegast standard mellom Molde og Kristiansund. Prosjektet
vil betre trafikktryggleiken og bumiljøet langs eksisterande E39.
Det er vedtatt å byggje nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal på
Hjelset, om lag 20 km aust for Molde sentrum. Sjukehuset skal etter planen
opnast i 2024. Tilfredsstillande trafikkavvikling til og frå det
nye sjukehuset føreset utbetring av E39 på strekninga Lønset–Hjelset.
Finansieringa er
basert på statlege midlar og bompengar. Prosjektet er tidlegare
omtalt i Meld. St. 33 (2016–2017) Nasjonal transportplan 2018–2029.
Prosjektet er lokalpolitisk handsama, og Møre og Romsdal fylkeskommune
har vedteke lånegaranti.
I oppmodingsvedtak
nr. 703, 15. juni 2020, bad Stortinget regjeringa om å vidareføre
riksvegprosjekta E18 Riksgrensen–Ørje, E18 Knapstad–Retvet og rv.
4 Lunner grense–Jaren innanfor endra kostnadsrammer, jf. Prop. 95
S (2019–2020) Nokre saker om luftfart, veg og post og Innst. 368
S (2019–2020). Samferdselsdepartementet byggjer investeringsprosjekta
innanfor rammene som er oppgitt i vedtaket. Etter departementet
si vurdering er det likevel naudsynt at Stortinget vedtar ein budsjettfullmakt
i tråd med forslaget i Prop. 95 S (2019–2020), jf. forslag til romartalsvedtak.