Sammendrag
Samferdselsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag om utbygging og finansiering av E39 på strekninga Lønset–Hjelset i Molde kommune i Møre og Romsdal og forslag om endra kostnadsrammer i tre vegprosjekt.
Strekninga E39 Lønset–Hjelset er i dag den med dårlegast standard mellom Molde og Kristiansund. Prosjektet vil betre trafikktryggleiken og bumiljøet langs eksisterande E39. Det er vedtatt å byggje nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal på Hjelset, om lag 20 km aust for Molde sentrum. Sjukehuset skal etter planen opnast i 2024. Tilfredsstillande trafikkavvikling til og frå det nye sjukehuset føreset utbetring av E39 på strekninga Lønset–Hjelset.
Finansieringa er basert på statlege midlar og bompengar. Prosjektet er tidlegare omtalt i Meld. St. 33 (2016–2017) Nasjonal transportplan 2018–2029. Prosjektet er lokalpolitisk handsama, og Møre og Romsdal fylkeskommune har vedteke lånegaranti.
I oppmodingsvedtak nr. 703, 15. juni 2020, bad Stortinget regjeringa om å vidareføre riksvegprosjekta E18 Riksgrensen–Ørje, E18 Knapstad–Retvet og rv. 4 Lunner grense–Jaren innanfor endra kostnadsrammer, jf. Prop. 95 S (2019–2020) Nokre saker om luftfart, veg og post og Innst. 368 S (2019–2020). Samferdselsdepartementet byggjer investeringsprosjekta innanfor rammene som er oppgitt i vedtaket. Etter departementet si vurdering er det likevel naudsynt at Stortinget vedtar ein budsjettfullmakt i tråd med forslaget i Prop. 95 S (2019–2020), jf. forslag til romartalsvedtak.