I denne proposisjonen
foreslår Forsvarsdepartementet naudsynte endringar i forsvarsbudsjettet
for 2020 på utgifts- og inntektssida.
Det blir foreslått
at 262,5 mill. kroner blir omdisponerte innan budsjettet for å styrke
Forsvarets driftseiningar i samband med meirutgifter knytte til
covid-19-situasjonen. Meirutgiftene blir foreslått omdisponerte frå
reduserte utgifter til reiser og overtid i Forsvaret grunna covid-19.
Det har oppstått
utgifter på 166,1 mill. kroner knytte til auka valutakursar. Desse
utgiftene er òg dekte innanfor ramma for forsvarsbudsjettet.
Forsvarsdepartementet
foreslår vidare å styrke operativ aktivitet i Forsvaret. Det blir
foreslått å tilføre Sjøforsvaret 20 mill. kroner knytte til ikkje-planlagde,
operative aktivitetar. Luftforsvaret blir foreslått tilført 10 mill.
kroner knytte til meirutgifter i samband med vedlikehaldsavtale
på maritimt patruljefly P-3 Orion, og Hæren blir foreslått tilført
5,0 mill. kroner som følgje av meirutgifter i samband med nyskaffing
av nytt artilleri.
Det blir også foreslått
å omdisponere 60 mill. kroner til bygginga av eit treningssenter
på Skjold i Troms for allierte styrkar som trener og øver i Noreg.
For å skape best
mogleg samsvar mellom løyvingane under dei einskilde kapittel og
postar og endringar i budsjettføresetnadene som har skjedd sidan
budsjettet blei vedtatt, blir det lagt fram forslag om endringar
i løyvingane til forsvarsbudsjettet for 2020.
På grunn av den komplekse
samansettinga av kapitla, med svært variable storleikar, er omgrupperingsproposisjonen
eit naudsynt verktøy for å legge til rette for god økonomistyring
i forsvarssektoren. Tiltak for å møte endringar i føresetnadene
som oppstår i gjennomføringsåret, er såleis handsama, samla og formaliserte
på rett måte. Forsvarsdepartementet er opptatt av å halde omfanget
av omgrupperingane på eit så lågt nivå som mogleg, samstundes som
kravet om realistisk budsjettering blir varetatt.
Totalt utgjer omgrupperinga
for 2020 ein foreslått auke i løyvinga til Forsvarsdepartementet
på 100,121 mill. kroner. Auken kjem på bakgrunn av ein foreslått auke
i løyvinga til inntektene på same beløp.
For ei nærmare omtale
av endringane på kapittel- og postnivå blir det vist til proposisjonen.
Grunnlaget for omgrupperinga
er vedtatt budsjett for 2020, midlar overførte frå 2019 og seinare
endringar gjort av Stortinget. Det er også tatt omsyn til forsvarssektoren
sin del av lønskompensasjonen for 2020.