Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Sammendrag

1.1 Auka finansieringsbehov og revidert framdriftsplan for E39 Rogfast

Samferdselsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag til endra styrings- og kostnadsramme og revidert finansieringsplan for prosjektet E39 Rogfast i Rogaland.

Stortinget har slutta seg til delvis bompengefinansiering av prosjektet gjennom behandlinga av Prop. 105 S (2016–2017) Utbygging og finansiering av E39 Rogfast i Rogaland, jf. Innst. 294 S (2016–2017).

Styringsramma for det opphavlege prosjektet var i Prop. 105 S (2016–2017) fastsett til 16 400 mill. 2016-kroner og kostnadsramma til 18 400 mill. 2016-kroner. Omrekna til 2020-prisnivå svarar dette til 18 564 og 20 828 mill. kroner, Statens vegvesen har sommaren 2020 gjennomført ein ny berekning av kostnader for prosjektet E39 Rogfast.

Samferdselsdepartementet legg etter dette til grunn ei revidert styringsramme på 20 600 mill. 2020-kroner og revidert kostnadsramme på 24 800 mill. kroner i 2020-kroner.

Basert på føresetnadene i Prop. 105 S (2016–2017) har Statens vegvesen no rekna at den fylkeskommunale bompengegarantien burde vore justert til 18,7 mrd. kroner då proposisjonen vart vedteken i Stortinget.

I forslaget til revidert finansieringsplan for prosjektet er det føresett at prosjektkostnader ut over bompengeselskapets bidrag vert finansiert med statlege midlar.

1.2 Forslag om justering i vedtekne rammer for prosjektet rv. 13 Ryfast

Det er for prosjektet rv. 13 Ryfylkesambandet (Ryfast) vedteken eit særskilt unnatak frå ordinære retningslinjer for fastsetjing av takstar for takst- og rabattsystemet, jf. Prop. 44 S (2019–2020)/Innst. 194 S (2019–2020).

I tråd med lokalpolitiske vedtak er det lagt til grunn at økonomien i prosjektet og takstane skal bli vurdert på nytt når den faktiske trafikken er kjend, eitt år etter at innkrevjinga er starta (mars 2021).

Prosjektet står ferdig, og prosjektet er opna for trafikk utan at bompengeinnkrevjinga er sette i gong. Det er venta at innkrevjinga vil kunne starte i februar 2021. Dette er likevel så vidt usikkert at ein må ta høge for at dette fyrst vil kunne skje i april 2021.

Ettersom det er uklart når innkrevjinga kan startast opp, meiner Samferdselsdepartementet at ein bør fråfalle kravet om at evalueringa av økonomien og takstane for prosjektet skal skje i mars 2021. Departementet meiner at det bør fasthaldast at gjennomgangen av økonomien i prosjektet og vurderinga av takstane skal skje eitt år etter at innkrevjinga er sette i gong.

Samferdselsdepartementet tek sikte på å kome tilbake til Stortinget på eigna måte så snart det ligg føre ei oversikt over kva kostnader det vil vere snakk om.