Merknader frå komiteen
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Martin Henriksen, leiaren Lene Vågslid og Maria Aasen-Svensrud,
frå Høgre, Ingunn Foss, Peter Frølich og Frida Melvær, frå Framstegspartiet,
Per-Willy Amundsen og Kjell-Børge Freiberg, frå Senterpartiet, Jan
Bøhler og Jenny Klinge, og frå Sosialistisk Venstreparti, Petter Eide,
viser til at proposisjonen inneheld forslag til nye mellombelse
reglar, som skal utgjere kapittel 3 A i straffegjennomføringsloven.
Komiteen viser vidare til at
forslaget inneheld ein heimel for at kriminalomsorga, etter ei konkret
vurdering, skal kunne nekte besøk i fengsel (§ 45 a), og ein heimel
for at ein innsett heilt eller delvis skal vere utelaten frå fellesskap
med andre innsette, når det i medhald av smittevernloven er behov
for at den innsette skal vere i isolasjon eller karantene, eller
vedkommande har symptom som samsvarar med covid-19 (§ 45 b).
Komiteen viser også til at
proposisjonen inneheld forslag til ein regel om utvida tilgang for
kriminalomsorga til å ta avgjerd om at ein domfelt for ein periode
skal gjennomføre straffa utanfor fengsel, i hovudsak med fotlekkje,
når kapasiteten i kriminalomsorga krev det og tryggleiksmessige
forhold ikkje talar imot (§ 45 c).
Komiteen merkar seg at for
gjennomføring av straff i samfunnet (samfunnsstraff, bøteteneste
eller program mot ruspåverka køyring) inneheld proposisjonen forslag
til ein heimel for at kriminalomsorga for ein periode kan ta avgjerd
om straffavbrot (§ 45 d). Komiteen merkar seg vidare
at proposisjonen inneheld ein regel som tydeleggjer at kriminalomsorga
etter ei konkret vurdering kan nekte permisjon og frigang for ein innsett,
samt gjere om ein innvilga permisjon eller frigang, dersom gjennomføringa
av denne kan innebere ein særskilt smitte- eller helsefare (§ 45
e).
Komiteen tek til vitande at
reglane er meinte å gjelde i ein avgrensa periode fram til 1. juni
2021.
Komiteen viser til brev frå
Justis- og beredskapsdepartementet av 24. november 2020, kor det
blir opplyst om ein mindre feil i proposisjonen. Brevet følger vedlagt.
Komiteen har forståing for
at det er behov for å mellombels kunne tilpasse delar av straffegjennomføringslova
i lys av auka smitte i samfunnet. Covid-19-pandemien kan utgjere
ein betydeleg fare for liv og helse, og med bakgrunn i at mange
innsette i norske fengsel har redusert helsetilstand og er i risikogruppa,
meiner komiteen at
det er viktig med tiltak som forhindrar at smitte kjem inn i fengsla. Komiteen meiner
også at regelendringane som er foreslått, er viktige for å vareta den
helse- og bemanningsmessige tryggleiken for tilsette og andre som
har sitt virke i fengsla.
Komiteen registrerer at høyringsinstansane
i all hovudsak stiller seg bak forslaget, og at departementet har
tilpassa og presisert reglane etter innspel som har kome fram i
høyringa.
Komiteen registrerer vidare
at det så langt det er mogeleg blir lagt opp til eit tett samarbeid
og god dialog mellom kriminalomsorga og aktuelle helseinstansar med
omsyn til konkrete vurderingar før iverksetjing av tiltak. Komiteen har
forståing for at kriminalomsorga si plikt til å konferere helsepersonell
på førehand berre kan gjelde «så vidt mogeleg», og støttar grunngjevinga om
at smitte kan bre seg raskt, og at kriminalomsorga derfor må kunne
setje i verk tiltak sjølv om helsepersonell ikkje er tilgjengeleg
i situasjonen. Komiteen meiner
likevel at det er ei viktig presisering at uavhengig av om helsepersonell
er konferert på førehand eller ikkje, skal kriminalomsorga straks
orientere helsetenesta om avgjerda.
Komiteen ser det som positivt
at det skal leggjast til rette for at innsette kan bli testa før
og/eller under soning, slik at inngripande tiltak som besøksforbod
og utelating frå fellesskap ikkje treng å ha lengre varigheit enn
nødvendig. Komiteen merkar
seg at det ved utelating frå fellesskap blir presisert at det skal
vere tilbod om minimum to timar meiningsfull menneskeleg kontakt,
eller at dette om nødvendig skal bli varetatt gjennom kompenserande
tiltak, som utvida bruk av telefon, videosamtalar via nettbrett,
lufting eller trening.
Komiteen merkar seg at behovet
for å kunne redusere talet på innsette i fengsel dersom covid-19-situasjonen
tilseier det, framleis er til stades, og at innspel frå høyringsinstansane
underbyggjer dette.
Komiteen er samde med departementet
i at visse grupper innsette skal vere unntatt frå mogelegheita for å
gjennomføre alternativ soning med elektronisk kontroll etter § 45
c, og at dette skal gjelde personar som gjennomfører straff etter
straffelova kapittel 18 om terror- og terrorrelaterte handlingar,
kapittel 26 om seksuallovbrot, § 275 om drap, eller §§ 282 eller
283 om mishandling i nære relasjonar.
Komiteen vil særskilt vise
til § 45 c, som inneber kontrolltiltak i den domfelte sin bustad. Komiteen viser
vidare til at dersom det skal vere aktuelt å gjennomføre slik straff
,må den domfelte akseptere dei krava og vilkåra som blir sett, og
alle sambuande over 18 år må ha gitt samtykke til kontrolltiltaka
i heimen. Komiteen vil
i tillegg understreke kriminalomsorga sitt ansvar for å vareta forpliktingane
til å sørge for at barn blir informerte og høyrde.
Komiteens medlemmer
fra Arbeiderpartiet vil understreke at kriminalomsorgen møtte pandemien
med et betydelig handikap etter årevis med kutt fra høyreregjeringa,
som blant annet har gått ut over bemanningen i førstelinja. Disse medlemmer vil
vise til at etaten dermed møtte pandemien med for lav bemanning,
i tillegg var det over en lengre periode mangel på smittevernsutstyr.
Norsk Fengsels- og Friomsorgsforbund har uttalt at ansatte var bekymret
for å gå på jobb, og at pandemien førte til mer isolasjon for de innsatte. Disse medlemmer vil
også peke på at problematikken vedrørende smittevask ikke er løst
i landets fengsler. Disse
medlemmer viser til Arbeiderpartiets Representantforslag 134
S (2019–2020) om vask og renhold i kriminalomsorgen, som nå foreligger
til behandling i stortinget. Forslaget, dersom det blir vedtatt,
vil kunne sørge for trygt og faglig basert renhold i fengslene. Disse medlemmer viser
til at ansatte ved norske fengsler har over tid og særlig i forbindelse
med covid-19-utbruddet påpekt at smittevask, samt annet spesialisert
renhold, vekker bekymring knyttet til helse, miljø og sikkerhet
(HMS).
Disse medlemmer viser til at
pandemien til nå har medført ekstrautgifter på nærmere 50 mill.
kroner. Til nå har 25 mill. kroner blitt gitt via tilleggsbevilgninger.
Dette tilsvarer en underfinansiering av kostnader påført kriminalomsorgen
grunnet pandemien på 25 mill. kroner.
Disse medlemmer forventer at
regjeringen sørger for at kriminalomsorgen reelt kompenseres for
ekstrakostnader som har påløpt som følge av pandemien, og følger
etaten tett opp i det videre slik at nye utgifter knyttet til den
pågående pandemien dekkes inn.
Medlemene
i komiteen frå Høgre vil vise til svarbrevet frå Justis- og
beredskapsdepartementet til Representantforslag 134 S (2019–2020)
om vask og renhold i kriminalomsorgen, der det går fram at rutinar
og innsats for reinhald i fengsla har blitt forsterka under pandemien,
og at smittevernutstyr er på plass. Desse medlemene viser
vidare til at det går fram av svarbrevet at kriminalomsorga har
hatt anledning til å hente inn eksterne profesjonelle vasketenester
ved behov, og at forsterka reinhald saman med andre tiltak har gjort at
kriminalomsorga har unngått større smitteutbrot i fengsla.