1. Sammendrag

1.1 Innleiing

Kommunal- og moderniseringsdepartementet legg i proposisjonen fram følgjande saker under kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet og kap. 502 Tariffavtalte avsetjingar.

  • Lønsregulering frå 16. september 2020 for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet m.m.

  • Endringar i statsbudsjettet for 2020.

1.2 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet med verknad frå 16. september 2020 m.m.

1.2.1 Lønsforhandlingane m.m. per 16. september 2020

Forhandlingane

Det blir i proposisjonen vist til at Kommunal- og moderniseringsdepartementet og hovudsamanslutningane i staten på grunn av koronasituasjonen blei einige i protokoll av 17. mars 2020 om at hovudtariffavtalane i staten skulle vidareførast til og med 15. september 2020.

Forhandlingane mellom staten, ved Kommunal- og moderniseringsdepartementet, og hovudsamanslutningane LO Stat, Akademikerne, Unio og YS Stat blei innleia 1. september 2020 og stansa 14. september etter krav frå hovudsamanslutningane.

Mekling blei opna 23. september. Hovudsamanslutningane kravde 7., 8., 9. og 10. oktober meklinga avslutta.

Meklinga heldt fram til 15. oktober der Riksmeklaren la fram forslag til endringar i hovudtariffavtalen mellom staten og LO Stat, Unio og YS Stat og endringar i hovudtariffavtalen mellom staten og Akademikerne. Forslaga frå Riksmeklaren blei same dag aksepterte av staten og Akademikerne. LO Stat, Unio og YS Stat orienterte òg om at dei tilrådde meklingsresultatet og ville sende det ut til avrøysting. Svarfristen for avrøystinga er sett til 13. november 2020.

Riksmeklaren sitt forslag er tatt inn i møtebøkene av 15. oktober 2020.

Den økonomiske ramma

Det blir i proposisjonen vist til at begge avtalane har ei ramme som inneber ein årslønsauke på oppgjeret med 1,7 pst. for første avtaleår, på linje med arbeidslivet elles.

Pensjon

Det blir i proposisjonen vist til at den offentlege tenestepensjonen er lovfesta i staten og er ikkje ein del av forhandlingane, med unnatak av forhandlingar om pensjonsgrunnlag og avtalefesta pensjon.

I lønsoppgjeret i 2019 blei det avtalt at alle pensjonsgivande variable tillegg skal inngå i oppteninga i ny offentleg tenestepensjon for personar født i 1963 eller seinare. Kostnadane er berekna til 0,1 pst. på årsbasis og er rekna inn i ramma for lønsoppgjeret i 2020.

Bustadlån

Det blir i proposisjonen vist til at bustadlån med tryggleik, som blir ytt frå Statens pensjonskasse, er auka frå 2,0 mill. kroner til 2,3 mill. kroner.

Kompetanseutvikling

Det blir i proposisjonen vist til at totalt i begge avtalane blir det sett av 35 mill. kroner til kompetanseutvikling, medråderett og samarbeid og omstillingsarbeid for heile tariffperioden 16. september 2020–30. april 2022. Avsetjinga vil bli foreslått løyvd på kap. 502 Tariffavtalte avsetjingar i statsbudsjettet for 2021.

Staten og hovudsamanslutningane vil i tariffperioden følgje opp bruken av midlane i Hovudtariffavtalen pkt. 5.3. Medråderett, samarbeid og kompetanseutvikling. Partane vil vurdere vidare tiltak for kompetanseutvikling og bruk av avsetjinga innanfor den statlege arbeidsgivarpolitikken.

1.2.2 Nærare om avtalen med LO Stat, Unio og YS Stat og avtalen med Akademikerne

Økonomisk profil i Riksmeklaren sitt forslag til LO Stat, Unio og YS Stat

Det blir i proposisjonen vist til at i avtalen med LO Stat, Unio og YS Stat er heile den økonomiske ramma fordelt sentralt. Med verknad frå 1. oktober 2020 er det gjeve eit tillegg på 0,44 pst. på hovudlønstabellen frå og med lønstrinn 19 til og med lønstrinn 46. Frå og med lønstrinn 47 til og med lønstrinn 63 er det gjeve eit tillegg på 0,54 pst., og frå og med lønstrinn 64 til og med lønstrinn 101 er det gjeve eit tillegg på 0,44 pst. Utforminga av tillegga på tabellen sikrar ein likelønsprofil.

Økonomisk profil i Riksmeklaren sitt forslag til Akademikerne

Det blir i proposisjonen vist til at i avtalen med Akademikerne er heile den økonomiske ramma avsett til lokale forhandlingar. Med verknad frå 1. oktober 2020 skal det førast lokale forhandlingar innanfor ei økonomisk ramme på 0,45 pst. per dato av lønsmassen. Forhandlingane skal vere gjennomførte innan utgangen av november 2020.

Anna

Det blir i proposisjonen vist til at partane er einige om å bidra til regjeringa sin handlingsplan for berekraftsmåla, og at det er viktig at det blir lagt til rette for omstilling som sikrar innovasjon og klimavennlege løysingar og varetaking av natur. I tariffperioden skal det leggjast til rette for kompetanseheving rundt berekraft, klima og miljøspørsmål på tvers av statlege verksemder.

Partane er også einige om at ein gjennom aktivt partssamarbeid skal arbeide aktivt, målretta og planfast for å fremje likestilling og hindre diskriminering.

1.2.3 Lønsregulering m.m. for dei embetsmenn og statstilsette som ikkje blir dekte av hovudtariffavtalane

Det blir i proposisjonen vist til at Kommunal- og moderniseringsdepartementet går ut frå at lønsreguleringa frå 1. oktober 2020 m.m. blir gjort gjeldande for alle embetsmenn og statstilsette, også dei som ikkje blir dekte av hovudtariffavtalane.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet tilrår at avtalen mellom staten og LO Stat, Unio og YS Stat blir praktisert overfor arbeidstakarar som ikkje er medlemer av organisasjonar med forhandlingsrett, og som difor ikkje direkte blir omfatta av dei avtalane som er inngåtte. Dette er i samsvar med det samtykket Stortinget har gjeve dei siste åra, jf. mellom anna Innst. 406 S (2018–2019) og Innst. 407 S (2017–2018). Kommunal- og moderniseringsdepartementet har signalisert til hovudsamanslutningane at departementet vil sjå på ordninga med dei uorganiserte fram mot lønsoppgjeret neste år, i nær dialog med dei.

Uorganiserte skal med bakgrunn i dei einskilde verksemdene sin lønspolitikk sikrast lønsutvikling på lik linje med dei organiserte arbeidstakarane, og det er arbeidsgivar sitt ansvar å vareta dette.

Embetsmenn og statstilsette i stillingar som er tekne ut av hovudtariffavtalane, får løns- og arbeidsvilkår administrativt fastsett i kontrakt.

1.3 Endringar på statsbudsjettet for 2020

Kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet

Post 1 Driftsutgifter

Det blir i proposisjonen vist til at samla bruttoutgifter ved lønsreguleringa for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet per 16. september 2020 for perioden 16. september–31. desember 2020 er rekna ut til 638,9 mill. kroner.

Overslaget omfattar alle tilsette som går inn under hovudtariffavtalane i staten. Meirutgifter som følgje av auka satsar for overtid og arbeidsgivaravgift er medrekna. Vidare er meirutgifter til pensjonspremiebetaling medrekna.

Meirutgifter i samband med lønsreguleringane for forvaltningsorgan med særskilde fullmakter og forvaltningsbedrifter blir dekte innanfor budsjetta til verksemdene.

Verksemder med arbeidstakarar som får løn administrativt fastsett i kontrakt, må sjølve dekkje meirutgiftene ved lønsregulering innanfor eksisterande budsjett.

Etter fråtrekk av det ovanfor nemnde er meirutgiftene rekna til 479,1 mill. kroner. Etter vanleg praksis blir slike meirutgifter dekte ved at det blir ført opp løyving under kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet, post 1 Driftsutgifter, som Finansdepartementet får fullmakt til å fordele.

Kap. 502 Tariffavtalte avsetjingar

Post 71 Opplæring og utvikling av tillitsvalde

Departementet foreslår i proposisjonen at tilskotet blir auka med 8,9 mill. kroner.

Kap. 2309 Tilfeldige utgifter

Post 1 Driftsutgifter

Det blir i proposisjonen vist til at det er avsett midlar til dekning av meirutgiftene ved lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet m.m. Løyvinga under kap. 2309 Tilfeldige utgifter vil bli redusert i samband med proposisjonen om ny saldering av statsbudsjettet 2020.