1.3.4.5 Når kan styret nekte den enkelte å setje opp ladepunkt – «sakleg grunn»
Ei føresegn som
gir enkeltpersonar rett til å setje opp ladepunkt, må etter departementets
syn også sikre dei andre bebuarane sine saklege motførestillingar.
Ein rett til å setje opp ladepunkt kan gjere store investeringar
nødvendige, og kostnader vil derfor normalt vere den mest relevante
motførestillinga til eit initiativ om å leggje til rette for lading.
Departementet foreslo
i høyringsnotatet eit tak for når det å etablere ladepunktet blir
så kostbart at den som blir påført utgiftene, må gi samtykke for
at tiltaket skal kunne gjennomførast.
OBOS og NBBL er
negative til forslaget om eit kostnadstak.
Departementet er
einig i at eit kostnadstak kan verke rigid, og at det vil kunne
få utilsikta verknader.
Departementet deler
vidare synet til NBBL og OBOS om at det er uheldig om eit lite mindretal
kan sperre for eit vedtak om ladepunkt som det er eit klart fleirtal
for. Både samfunnsutviklinga med stadig fleire ladbare bilar, og
at liknande tiltak ikkje krev tilslutning frå den enkelte, taler
mot ein slik regel.
Samtidig meiner
departementet at eit økonomisk ansvar for den enkelte seksjons-
eller andelseigaren opptil 50 000 kroner er høgt.
Etter ei fornya
vurdering har departementet komme til ikkje å gå vidare med forslaget
om eit kostnadstak. Departementet legg særleg vekt på at ein regel om
eit kostnadstak ikkje gir høve til å leggje vekt på dei lokale forholda
i det enkelte sameiget eller burettslaget. Samtidig er det departementets
syn at formålet med å etablere eit kostnadstak – å ta omsyn til
økonomien til dei andre bebuarane – vil bli sikra gjennom regelen
om at styret kan avslå eit krav om å setje opp ladepunkt dersom
det ligg føre ein «sakleg grunn».
Departementet held
derfor på forslaget om at styret kan avslå eit krav om ladepunkt
basert på ei konkret saklegvurdering. At tiltaket kan bli kostbart,
vil etter departementets syn vere den mest relevante nektingsgrunnen.
Halvparten av grunnbeløpet i folketrygda på vedtakingstidspunktet,
altså om lag 50 000 kroner, i samla økonomisk ansvar for den enkelte
andels- eller seksjonseigaren, vil vere retningsgivande for når
departementet meiner styret vil ha sakleg grunn til å nekte. Departementet
meiner dette er ei kostnadsramme som i utgangspunktet balanserer
omsynet til den enkelte bebuarens økonomi mot omsynet til interessa
i å setje opp ladepunkt.
Styret må likevel
gjere ei konkret vurdering der kostnadene ved tiltaket må vegast
mot andre relevante moment. Andre relevante moment kan for eksempel vere
om sameiget eller burettslaget har god økonomi eller ikkje, om tiltaket
vil auke marknadsverdien til eigedommen på ein slik måte at det
kjem alle bebuarane til gode, og om bebuarane vil ha andre positive
effektar av tiltaket.
Fleire høyringsinstansar
har spelt inn at det er svært kostbart å leggje til rette for elbillading,
og at forslaget ikkje tek omsyn til den økonomiske situasjonen til
enkeltpersonar. Fleire av desse høyringsinstansane etterlyser offentlege
støtteordningar for å etablere ladeinfrastruktur i burettslag og
eigarseksjonssameige.
Departementet har
forståing for synspunktet om at det er kostbart å leggje til rette
for elbillading. Departementet presiserer likevel at det stadig
blir utvikla nye metodar som reduserer behovet for kostbar nettutbygging.
Når det gjeld offentlege
støtteordningar, legg departementet til grunn at den vidare utbygginga
av ladeinfrastruktur for elbilar i Noreg stort sett skjer ved kommersiell
etablering av ladestasjonar. I den tidlege fasen der det framleis
er nødvendig med støtte til offentleg tilgjengelege hurtigladarar,
vil Enova vere statens verkemiddel. Enkelte kommunar og fylkeskommunar
har støtteordningar for elbillading i burettslag og sameige. Fleire
slike prosjekt har motteke støtte frå Klimasats.
Det går fram av
proposisjonen at departementet elles er samd med NBBL i at reglane
om misbruk av avgjerdsmakt i ytste konsekvens vil kunne hindre urimelege
vedtak.
OBOS har etterlyst
fleire eksempel på kva anna enn økonomi som kan utgjere ein sakleg
grunn.
Kva som er sakleg
grunn, må vurderast konkret. Departementet ser for seg at økonomi
vil vere den mest relevante nektingsgrunnen. Departementet vil i
det følgjande peike på enkelte andre forhold som etter omstenda
vil kunne gi grunnlag for å nekte.
Dersom oppsetjing
av ladepunkt ikkje tilfredsstiller gjeldande tryggleiksnormer, vil
dette normalt vere ein sakleg grunn til å nekte. Departementet legg
til grunn at brannfare normalt ikkje vil kunne utgjere ein sakleg grunn
for styret til å nekte. Styret må i så fall kunne dokumentere ein
reell brannfare. Styret må likevel kunne stille vilkår om at ladepunktet
blir etablert i samsvar med gjeldande tryggleiksnormer.
Departementet meiner
vidare at det vil kunne vere ein sakleg nektingsgrunn at burettslaget
eller sameiget allereie har eit fullgodt ladetilbod.
Om ladetilbodet
som sameiget eller burettslaget tilbyr, er godt nok til å utgjere
ein sakleg grunn til å nekte, må vurderast konkret. Den enkelte
kan ikkje forvente uavgrensa tilgang, slik ein vil ha til eit privat
ladepunkt. På den andre sida kan ikkje tilgangen vere så sjeldan
at ein ikkje får ladd bilen tilstrekkeleg til normal bruk.
Madlamark 2 borettslag
skriv at individuelle løysingar kan føre til effektproblem i det
lokale straumnettet, som blant anna kan gjere fellesløysingar for
lading vanskeleg. At ein må oppgradere det lokale straumnettet,
er i seg sjølv ikkje ein sakleg nektingsgrunn. Dersom oppgraderinga
medfører uforholdsmessig høge kostnader, vil det kunne vere høve
til å nekte. Konkrete planar om å byggje ut felles ladestasjonar
vil også kunne utgjere ein sakleg nektingsgrunn.
Departementet meiner
vidare at det vil kunne utgjere ein sakleg grunn dersom det ikkje
ligg føre ein eigna plass til å setje opp ladepunktet på fellesarealet.
OBOS har stilt spørsmål
ved korleis individualretten skal balanserast mot andre legitime
omsyn. Det er ikkje mogleg å svare generelt på korleis individualretten skal
balanserast mot andre legitime omsyn.
NBBL meiner at det
bør presiserast i lova at styret kan stille saklege vilkår dersom
det blir gitt samtykke. NBBL nemner som eksempel plassering av ladepunkt på
ein viss stad dersom det skal vere på eit fellesareal, vilkår knytte
til tryggleik eller vilkår om bruk av ein viss type ladeboks, slik
at ein kan byggje ut eit smart straumstyringssystem for heile bustadselskapet.
Departementet meiner at styret kan stille vilkår så lenge individualretten
blir sikra. Sjå proposisjonen for nærare omtale.